Når ryggen nærmar seg baken, er enden nær

At verbet ryggja har noko med kroppsdelen ein rygg å gjera, skjøner alle. At adverbet tilbake har noko med kroppsdelen ein bak å gjera, ser me òg.

Når det ikkje heiter tilbak, men tilbake, kjem det av at preposisjonen til i norrønt styrde genitiv, og -bake er opphavleg genitiv fleirtal av substantivet bak. På islandsk heiter det til baka, som på norrønt, og svenskane skriv tillbaka i eitt ord.

Når nokon ryggjer attende, dukkar enden, som òg er ein kroppsdel, fram. Sjølv om den er bak. Og ’tilbake’ heiter jo attende på nynorsk. Att har nynorsk òg i att og fram, som på bokmål heiter fram og tilbake. Nynorskfolk går altså først att og så fram, der bokmålsfolk først går fram og så tilbake – altså i heilt motsett lei.

At det er stutt veg mellom ryggen og baken, ser me av at det som dei fleste kallar stolrygg, også kan heita stolbak. Baken er ikkje berre det ein sit på, for ingen sit på handbaken, dvs. baksida av handa, som òg kan heita handryggen.

På norrønt kan det heita hann sat á baki hestinum. Det tydde ikkje at han sat på baken til hesten, men på ryggen til hesten. Det høver godt med at det engelske ordet back tyder ’rygg’.

Til rygg svarar engelsk ridge, som tyder '(ås)rygg'. Jamfør at
til brygge svarar engelsk bridge, som tyder 'bru', og
til mygg svarar engelsk midge, som tyder 'knott'.

 

-- Av Svein Nestor, rådgjevar i Språkrådet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:25.09.2009 | Oppdatert:08.06.2015