Ord, ord og ord

To lange ord frå avisene er kommunikasjonsmedarbeidar og oljesandleitebudsjett. Er dei for lange? Kanskje på grensa? Fasitsvar finst knapt!

AV MARIT HOVDENAK

Norsk er felleseige for norsktalande. Alle som har det som morsmål, er språkekspertar. Men ingen kan heile språket. Det finst òg nokre seigliva oppfatningar som ikkje heilt held stikk, attåt enkelte tilbakevendande spørsmål om språk.

Kor mange ord finst det?

Ei nokså vanleg oppfatning er at det ikkje er særleg mange ord i norsk, og at dei store verdsspråka har langt fleire. I ein artikkel i Språknytt i 1987 skreiv Vigleik Leira – mest for spøk – at det samla talet minst måtte vere 324 967, som var resultatet av ei oppteljing på den tida. Han drøfta kva slags ord som høyrer med i språket, og om t.d. namn og forelda ord bør reknast med.

I norsk er det som kjent slik at vi lett kan lage nye samansette ord. Av dei 300 000 oppslagsorda i Tanums store rettskrivningsordbok er storparten samansetningar. Det er nesten like lett å lage eit nytt ord som å lage ei ny setning, og det gjer vi heile tida når vi snakkar og skriv. Mange ord blir borte like snart som dei kom. I Ord og ordbøker. Ei innføring i leksikologi og leksikografi (2008) skriv Ruth Vatvedt Fjeld og Lars S. Vikør at ordtilfanget heile tida er i endring i levande språk. Alle språk utvidar også ordtilfanget ved behov. Dermed er det meiningslaust å stille spørsmålet om kor mange ord det er i norsk.

På biblioteketKor mange kan vi?

Men kor mange ord kan kvar av oss? Det varierer nok mykje, og det er heller ikkje lett å måle. Vi veit storleiken på ordtilfanget til ein del kjende forfattarar. Knut Hamsun, som vi markerer 150-årsdagen for i år, brukte om lag 33 000 ulike ord i forfattarskapen sin. Og han kjende sikkert fleire ord enn dei han skreiv, for det passive ordtilfanget er vanlegvis større enn det aktive. Helene Uri skriv i boka Hva er språk (2004) at det er nokså vanleg å rekne at ein femåring kan omtrent 10 000 ord.

Det lengste ordet

Eit populært spørsmål er kva ord som er det lengste i norsk. I Ord og ordbøker er det vist til at Dag Gundersen reknar 25 bokstavar som grensa for kor lange ord i allmennspråket i praksis kan bli. Dei fleste samansette ord har to ledd, ein del har tre (friluftsliv), men ord med fire og fem ledd er temmeleg sjeldne, der støyter vi mot toleransegrensa for kor lange ord kan vere. Valerij Berkov nemner i Norsk ordlære (1997) at framandordbok eigentleg er bygd opp av fire ledd: framand-ord + ord-bok.

Det motsette

Velkjende språklege motpolar er tom – full og svolten – mett. Somme trur at det må finnast eit eige ord for det motsette av tørst, og vil ikkje utan vidare godta utørst som motstykke (antonym), endå nektingsleddet u- skil andre ordpar: sant – usant og gift – ugift. Antonym kan vere av fleire slag, og det er berre visse ordtypar som har antonym.

Finst ordet i norsk?

Språkrådet får stundom spørsmål som «Er x eit godkjent ord i norsk? Kan det brukast i norsk?  Det står ikkje i ordbøkene!» Dersom x er eit velforma ord som gjev meining, kan det brukast – om det høver i samanhengen. Ordet likebehandling er ikkje omtalt i norske ordbøker, sjølv om det har vorte nokså vanleg. Skrivemåten er uproblematisk, og ingen treng tvile på at ordet kan brukast i norsk. Det kjem venteleg med i nye utgåver av ordbøker. Eit ord som substantivet blåmerke er det ein særleg grunn til å ta med som oppslagsord i ordbøkene, for det har ei spesialisert tyding som er noko anna enn ’blått merke’. Det er ikkje nok å leggje saman tydingane for kvart ledd.

Forfattarane av Ord og ordbøker kjem med det interessante synspunktet at ein òg bør vurdere å ta ut ord av ordbøkene, iallfall av samtidsordbøker. Det kan vise seg at nyord som verkar svært vanlege og viktige ein periode, går i gløymeboka og snart mister aktualitet.

Kva nytte har vi av ordbøker?

I Ord og ordbøker poengterer forfattarane at ein veit nokså lite om korleis folk bruker ulike typar ordbøker, også internasjonalt. Søking i ordbøker på Internett, som LEXIN-ordbøkene for innvandrarar og nettversjonane av Bokmålsordboka og Nynorskordboka, viser ein klår auke. Analyse av nettsøka kan vere ei hjelp til å utvikle ordbøkene vidare.

 

-- Marit Hovdenak er seniorrådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter