Barneskirennet

AV AUDHILD GREGORIUSDOTTER ROTEVATN

Kan ord avgjere VM på ski? Petter Nordthug er lett å like. Han går fort på ski. Han er ung og lovande. Han ser ut som Espen Askeladd. Han tilhøyrer ikkje gruppa med mumlesiklande langrennsløparar som motvillig stotrar eit par innøvde ord når medaljen er henta. Nordthug er mannen som fossar fyrst over mål og gaular «Det e så lett! Barneskirenn!» medan konkurrentane kjem etter han som slitne slips.

Alle som stiller på startstreken i VM på ski, er topptrena. Du må ha dagen, du må ha den rette skismurningen, kroppen må vere hundre prosent, og så var det hovudet då. Etter femmila under VM på ski i Liberec uttalte tyskaren Tobias Angerer at «ein går meir med hovudet enn med kroppen under ei femmil». Angerer hadde på førehand fått åtvaringa si. Petter Northug uttalte før femmila at «jeg skal henge til jeg dør. Det er bare å ha hjertestarteren klar». Northug vann.

På siste etappen under stafetten ropte Northug til Tysklands ankermann Axel Teichmann i det tyskaren prøvde seg på eit lite rykk: «Dette er perfekt fart for meg.» Den same Northug la så inn turbogiret og sikra Noreg eit stafettgull. Og igjen leverte Northug dei verbale varene: «Æ ska gå sisteetappen på stafetten til æ blir 40.»

Kan språket ha makt til å psyke ut konkurrentane? Kan ei setning avgjere om du klarer å ta ut det vesle ekstra, eller motsett: at du får ein mental knekk og ikkje når til topps?

Noregs nye superstjerne i langrennssporet har i alle fall vist at det ikkje er ei ulempe å vere topptrena både i kropp og i evne til å formulere seg. Om alt er like planlagt er vel tvilsamt, men effekten er stor sjølv om det er spontant.

Språk er makt. Petter Nordthug si evne til å formulere seg har no fått eit eige ord: northugsk. Det er evna til å uttale seg arrogant (men arrogant med grunn).

Ordet «barneskirenn» har glidd inn i det norske språket med spurtfart. Filolog Tone Tryti seier til Dagbladet at særleg ungdom brukar Northug-sitat som låneord for å krydde språket.

Eg kan ikkje hugse sist ein idrettsutøvar skapte ein liknande språkmote.

VM er over. Northug var best, med sine tre gullmedaljar. Til og med Oddvar Brå må no vedgå at barneskiløparen har vorte ein skikkeleg skiløpar. Og Petter Northug er berre 23 år. Vi har mange herlege språkaugeblikk å sjå fram til.

Northug seier det sjølvsagt best sjølv: «Kæm e kongen?»

 

-- Audhild Gregoriusdotter Rotevatn er journalist.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:04.05.2009 | Oppdatert:08.06.2015