«Nidaros – Trondheims hjerte»

AV ROGER LOCKERTSEN

Vi syntest det var nifst, det som skjedde i Trondheim sommaren 1929. – Det som gjekk mest inn på meg, var at dei slo mannen min. – Desse utsegnene frå to som opplevde striden om Nidaros som namn på den byen som då heitte Trondhjem, vitnar om ein språkstrid med dimensjonar som vi ikkje er vande med i Noreg. Men den 4. juni 1929 gjekk 20 000 av 55 000 innbyggarar i demonstrasjon mot forslaget om å døype om byen til Nidaros. Etter kvart tok demonstrasjonane uvanlege former. Ruter blei knuste hos tilhengjarar av Nidaros i byen, forretningane deira blei boikotta, og ulike former for mobbing florerte.

Fornorsking eller lokal folkevilje?

Den som blei slått, var ein av spissane i Noregs Ungdomslag, prost Knut Eik-Nes i Sparbu. Noregs Ungdomslag hadde i tiår stått i spissen for å få Stortinget til å vedta at Trondhjem skulle skifte namn. Det gamle og byrge namnet Nidaros skulle atterreisast til 900-årsjubileet i 1930 for slaget på Stiklestad. Oslo og Halden (tidlegare Kristiania og Fredrikshald) var alt tilbake som bynamn, og i Kristiansund var det på tale å kalle byen Fosna. På 1920-talet hadde det gått greitt med namnerenessanse for byane, men oppnorskinga av bynamna kom til å stoppe etter striden om namnet Nidaros.

Hovudargumentet mot Nidaros var resultatet av ei kommunal folkerøysting i Trondhjem. I desember 1928 røysta 92 % for Trondhjem, 2 % for Nidaros. Dermed var saka avgjort, hevda mange, også regjeringa, som var frå Venstre. Men føraren for Venstre i Stortinget, Knut Markhus, var mellom dei som då reiste privat lovforslag om namneskifte. Dette var ei landssak, ikkje ei bysak, vart det hevda. I alle fall måtte det leggast vekt på fylkestingsvedtaka i Nord- og Sør-Trøndelag for Nidaros. Framom alt stod det om fornorskinga skulle halde fram, hevda tilhengarane av Nidaros.

Splitta Storting og kantateskandale

Det skulle bli stortingsgruppemedlemmene i Arbeidarpartiet og Bondepartiet som avgjorde saka. Berre Venstre batt sine gruppemedlemmer til å røyste for Nidaros, og Høgre batt sine for Trondhjem. Noregs Kommunistiske Parti stemte i tråd med kravet frå arbeidarklassen i byen om Trondhjem, mens ingen var meir Trondhjem-vennleg enn representantane til Det frisinnede Venstre – eit parti til høgre for Høgre. I byen var redaktøren i kommunistavisa Ny Tid for Nidaros. Arbeidarpartirepresentanten Aldor Ingebrigtsen sa i Lagtinget at arbeidarklassen i byen var påverka av fascistar, men då kalla Trondhjem-forkjemparen Johan Nygaardsvold partifellen «et uskyld». Bladet Trondhjemmeren etterlyste: «Trondhjems Mussolini, føreren, hvor er han?» Saka engasjerte og splitta.

Frå den 1. januar 1930 til den 6. mars 1931 heitte byen offisielt Nidaros, men i kommunen brukte dei framleis Trondhjem – i påvente av at Stortinget skulle gjere om vedtaket alt i februar 1930. Det skjedde ikkje, så ordføraren ønskte gjestene velkomne til «den by hvis navn vi alle kjenner», og liknande omskrivingar. Postverket følgde lova til punkt og prikke og stempla Nidaros. Jernbanestasjonen hadde derimot ikkje noko namneskilt.

Den største skandalen sommaren 1930 var at ein ikkje tillet at den store jubileumskantaten Heimferd blei oppført i Nidarosdomen. Han var skriven på nynorsk, og forfattaren, Olav Gullvåg, blei absolutt persona non grata då han tok klart avstand frå stemninga i sin eigen heimby. Kantaten blei likevel framført – men i Oslo – ved årsskiftet 1930–31, og då for fulle hus og med overføring i radioen. Dei siste framføringane skjedde like før det nye stortinget skulle tre saman i januar 1931.

Ved stortingsvalet hausten 1930 hadde namnesaka vore hovudsak i valkampen i byen. Arbeidarane der stemte tydeleg og klart på Høgre og Frisinnede Venstre i staden for på Arbeidarpartiet og Noregs Kommunistiske Parti, slik at dei to siste partia gjekk tilbake frå tre til éin stortingsrepresentant. Då var tolmodet slutt hos Arbeidarpartiet sin mektige mann, trønderen Martin Tranmæl. No lova han at Nidaros skulle bli ståande som bynamn for alle tider – viss folket då ikkje ville godta den fornorska namneforma Trondheim.

Kompromisset utanfor folkeviljen

Under heile namnestriden hadde namneforma Trondheim vore framme som eit mogleg kompromiss. Sosialisten og målmannen Halvdan Koht skifta syn i januar 1930 frå Nidaros til Trondheim, og Fedrelandslags-mannen og målmannen Lars Eskeland gjekk inn for det namnet alt sommaren 1929. I både Høgre og Arbeidarpartiet i byen var Trondheim framme som kompromissnamn. Då det var klart at Trondhjem heller ikkje hadde fleirtal i det nye stortinget, ville eit nesten samrøystes bystyre heller ha Trondheim enn framhald av Nidaros. Arbeidarpartiet batt alle sine til å stemme for Trondheim dersom det blei fremja av andre. Det skulle bli Høgre-representanten Lycke som førte ordet for stortingsrepresentantane frå byane i Trøndelag og foreslo namnet Trondheim. Dermed var saka avgjort, og byen fekk eit namn byfolket ikkje hadde votert over. 

Vitskapleg usemje – Indrebø mot Seip

Dei vitskaplege sidene av namnesaka var det òg djup usemje om. Filologiprofessoren Gustav Indrebø var saman med kyrkjehistorikaren Oluf Kolsrud den fremste på Nidaros-sida. Språkhistorikaren Didrik Arup Seip var saman med arkeologen Th. Petersen fremst på Trondhjem-sida. Bøker, småskrifter og ei mengd tidsskrift- og avisartiklar blei produserte. Dei var direkte mynta på stortingspolitikarane og blei lagde i posthylla til representantane straks dei kom frå prenteverket.

Seip meinte at Nidaros ikkje var opphavleg bynamn, men eit namn som paven og erkebiskop Øystein sette på byen i 1172. Ved sida av dette kyrkjelege namnet levde det opphavlege bynamnet som alt på 1200-talet var blitt til Trondhjem gjennom ei lydutvikling på heilt norsk grunn. Det var ikkje resultat av dansk påverknad seinare i mellomalderen, derfor var det heller ikkje trong for noka oppnorsking. Ei mengd funn av namnet Trondheim i eldre norrøne kjelder peika på byen – altså var det bynamn, meinte Seip.

Indrebø og Kolsrud avviste dette. Ei paveleg liste over norske bynamn frå så tidleg som 1120 har namnet Nithirosa, og Trondheim er opphavleg namnet på fylka rundt fjorden. At namnet trundum finst i eit paveleg dokument frå 1154, forklarte Kolsrud med at dei norske biskopane følgde skikken med å ta folkenamnet – altså trønderar – og ikkje bynamnet Nidaros med i tittelen. Men for Roma var skikken at biskopen skulle residere i ein by og ha bynamnet i tittelen.

Indrebø og Kolsrud tolka namnet i pavebrevet frå 1172 slik at folk i Roma då hadde fått kunnskap om kva det eigentlege namnet på byen var. At namnet Trondheim blei bynamn i førstninga av 1400-talet, dokumenterer kjelder i Diplomatarium Norvegicum – skrivne av danskar. Dei siste erkebiskopane bruker Trondhjem som bynamn i kjelder skrivne på dansk – Nidaros i kjelder skrivne på norsk. I latinen held Nidaros fram med å vere bynamnet. Dei eldste kjeldene bruker ikkje Trondheim som bynamn, men som områdenamn, og kaupang er ikkje noko særnamn, men samnamn, meinte Indrebø.

I Firenze, Leiden, Roma og Kassel

Underskrivne har granska kjeldegrunnlaget for desse usemjene og leitt etter nye kjelder for å kunne avklare spørsmålet om kva bynamn som er eldst. Norrøne kjelder er stort sett yngre enn 1172, og derfor har vi ikkje norrøne funn av Nidaros frå før det året. Men kjelder som Morkinskinna, Ågrip og Sverresoga har truleg førelegg som er eldre. Det same gjeld Theodoricus Monachus si noregssoge på latin. Alle desse kjeldene frå rundt år 1200 har Nidaros som bynamn. Seip avviste påvisingane av desse namna med at dei var innskot etter 1172.

Også den nemnde pavelista over norske bynamn, Firenze-lista, hadde fått interpolert Nidaros etter 1172, hevda Seip. Mine granskingar av sjølve handskriftet viser at Nidaros er skrive med det opphavlege blekket. Dateringa til 1120 er svært solid, men endå viktigare er det at ei ny kjelde har komme for dagen. Firenze-lista er nemleg kopiert i eit handskrift som no finst ved universitetsbiblioteket i Leiden i Nederland. Kopien er frå 1160. Vi har altså to dokument som viser at Nidaros er brukt før 1172.

Men skjedde det eit namneskifte ved pavehoffet i 1172? Her tok både Seip og Indrebø feil. I eit pavebrev som i dag finst i Kassel i Tyskland, er adressatnemninga vidrosiensi. Men det er lite sannsynleg at brevet er sendt til Nidaros og så avskrive i Sør-Tyskland. I 1930 hadde ingen studert sjølve handskriftet. Mi gransking viser at skrivaren klart har meint å skrive ein v og ikkje ein n. Alle andre avskrifter av dette pavebrevet finst i Frankrike, og oppteikningane i Vatikanarkivet over bispedømme viser at vidrosiensi kan vere feilskrift for ei mengd bispedømme der – kanskje aller helst bispesetet i Vienne i Rhônedalen, som no er nedlagt.

Vatikanarkivet blei katalogisert på 1700-talet, men mange kjelder er no vekke etter at Napoleon tok med seg store delar av det til Paris, og der kom mykje av det bort. I arkivkatalogen finn vi derimot ein interessant notis. I oversynet over bispedømme står det ein merknad til oppslagsnamnet Trondheim om erkebiskop Ericus og at namnet var det same som Nidaros. Frå og med 1192 er Nidaros definitivt det einaste bynamnet i den offisielle lista over bispesete og erkebispesete som skulle svare peterspengar til Roma. Biskop Eirik blei vigsla til erkebiskop i Roma rundt 1190 og har då kunna forklart pavehoffet kva som verkeleg var bynamnet.

I all hovudsak hadde altså Indrebø og Kolsrud rett i sine teoriar om kva som var det eldste bynamnet. Men ein ting er å ha rett – noko anna er det å rett. I stortingsdebattane var det Seip si bok Trondhjems bynavn frå 1930 som fekk bestemme den faglege og politiske dagsordenen. Også i våre dagar er Seip-teoriane presenterte som gyldige, t.d. i utstillingar i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs museum.

Jens Stoltenberg og Odd Reitan

Noko ugyldig er det at statsminister Jens Stoltenberg stadig vekk seier Trondhjem offentleg om byen. På flyplassar roper dei opp fly som skal til Trondhjem, på norsk, men til Trondheim på engelsk. Dersom du søkjer på ordet Nidaros på Google, kjem det derimot opp reklame for flyreiser dit – med SAS. I Adresseavisen har det hausten 2006 vore ei mengd redaksjonelle oppslag som tar til orde for å kalle Midtbyen for Nidaros. Kjøpmann Odd Reitan, som no eig store delar av Midtbyen, har alt laga logo med det nye merkevarenamnet: NIDAROS – Trondheims hjerte.

 

-- Roger Lockertsen er førsteamanuensis i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Stavanger.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter