Nordisk purisme

AV ENDRE BRUNSTAD

I løpet av dei siste åra har har mange vore opptekne av den auka språkpåverknaden frå engelsk. Der har kome reaksjonar, både frå folk flest og frå normeringsinstansar. Mange hugsar kanskje «Aksjonen for språkleg miljøvern», som Norsk språkråd hadde på 1990-talet. Denne kampanjen vende seg mot det ein oppfatta som «unødvendig bruk av engelsk i norsk».

Ser vi slike kampanjar i ein større språkhistorisk samanheng, vil purisme-omgrepet stå sentralt. Purisme er ein ideologi prega av tanken om det reine språket: Visse framande språkinnslag bør haldast ute av di dei gjer språket ureint, meiner puristane. Dette språkidealet er kombinert med aktiv innsats for å finne nye ord for lånord, eller for å tilpasse låna til heimleg språkstruktur. Døme på det sistnemnde er arbeidet Norsk språkråd har gjort for ortografisk tilpassing, t.d. med skrivemåten sørvis for service. Tilsvarande kan vi nemne skrivemåtane mejl for mail i svensk og lørner for learner i dansk. Også her er det tale om trongen for å halde språket reint.

No finst det i røynda ingen «reine» språk. Alle språk har lån, til og med islandsk. Fleire språk er dessutan blandingsspråk danna på grunnlag av språkkontakt. Vi må såleis tolke idealet om det reine språket i vid tyding, i høve til motsetnader som oss versus dei andre, innanfor versus utanfor, korrekt versus ikkje korrekt. Slike motsetnadspar fungerer som sosiale klassifiseringssystem der ein prøver å avgrense eitt sosialt system frå eit anna. På same måten prøver ein i purismen å avgrense eitt språk frå eit anna. Det er noko av grunnlaget for at purismen historisk har spela ei viktig rolle for utviklinga av europeiske standardspråk.

I denne artikkelen skal vi sjå nærmare på korleis purismen har verka i dei ulike nordiske språka. Der er tradisjonar for purisme i alle nordiske språk, men føresetnadene ymsar. Vi skal òg kome inn på korleis purismen er aktualisert dei seinare åra.

Islandsk purisme

I nordisk samanheng er Island utan tvil det mest puristiske språksamfunnet. Islendingane er særleg kjende for ordpurismen, helikopter vert t.d. til þyrla, og jamvel om det finst lånord i islandsk, er desse strukturelt tilpassa: to feel > fíla og squash > skvass. Den islandske purismen er spesiell ved at han i prinsippet er retta mot alle språk: Jamvel det norske ordet slalåm måtte vike for nyordet svig. Purismen gjeld dessutan både allmennord og fagord, psykiatri heiter t.d. geðlæknisfræði. I andre språk har ein her godteke internasjonale fagord.

Den puristiske tradisjonen i islandsk er gamal. Alt i Wormsbók frå ca. 1350 ser vi at forfattaren vurderer korleis ein skal handsame barbarismar. Det er likevel fyrst med humanismen på 1500- og 1600-talet det vert artikulert klåre puristiske haldningar, særleg frå bispen Guðbrandur Þorláksson (1541/42–1627) og Arngrímur Jónsson (1658–1748). Viktig er òg Hið Íslenzka lærdómslistafélag i 1779 og ikkje minst krinsen kring tidsskriftet Fjölnir i fyrste halvdelen av 1800-talet. Utover på 1800- og 1900-talet vart purismen vidareutvikla med eit omfattande ordlagingsarbeid.

At den historiske skrifttradisjonen framleis står så sterkt, har fleire årsaker. Eitt viktig moment er førestellinga om at islandsk og norrønt hovudsakleg er det same språket. Realitetane i denne oppfatninga kan diskuterast, men oppfatninga har gitt skriftspråket ein spesiell verdi og styrkt ideen om at islendingane har ei historisk oppgåve i å halde språket reint. Her kjem òg nasjonalismen inn. Den meir essensialistiske sida ved nasjonssynet har vore drøfta av yngre akademikarar på 1990-talet, særleg i tidsskrifta Skírnir og Tímarit máls og menningar, men står framleis sterkt.

Den islandske purismen er så omfattande og spesiell at han neppe kan verke som føredøme for andre språksamfunn. Han gir likevel interessant innsikt for dei som er interesserte i språkpolitiske jamføringar. Dessutan viser han at det går an å drive sjølvstendig språkpolitikk i eit moderne og internasjonalt samfunn.

Færøysk purisme

I den nordiske purismeskalaen kjem færøysk på andreplass. Den færøyske purismen vart etablert på same tid som det færøyske skriftspråket, dvs. frå midten av 1800-talet og utover. Prinsippa bak skriftnormalen gav visse føringar ved å leggje vekt på eldre former og halde ute danskprega ordlagingselement. Avgjerande var like fullt dei som utvikla språket gjennom omsetjing, skriving og terminologi. Filologen Jakob Jakobsen (1864–1918) bør trekkjast fram. Han var inspirert av lagnaden til det nordiske målet på Shetland; det døydde ut. Noko tilsvarande måtte ikkje skje med færøysk.

Færøysk purisme har hovudsakleg vore retta mot dansk. Denne haldninga heng saman med det historiske grunnlaget for eit færøysk skriftspråk: frigjeringa frå dansk. På det grunnlaget skjedde òg ei kopling mellom purisme og allmennpolitikk. Dei mest puristiske var òg mest for lausriving frå Danmark. Dei siste tiåra har færøysk språk fått ein langt sterkare posisjon, og purismen er vorten allmenn. I dag bruker jamvel den danskvennlege avisa Dimmalætting færøysk på mest alt stoff, og færøysken er av det puristiske slaget.

Færøysk purisme har eit omfang og ein intensitet som liknar islandsk purisme. Interessante nyord er t.d. kvikil (pacemaker), fløga (CD) og flogbóltur (volleyball). Likevel er purismen mildare; mange er redde for islandismar. I faktisk språkbruk er der då òg fleire lånord enn det offisiell normering tilseier. I seinare ordbøker, som Føroysk orðabók (1998) og Donsk- føroysk orðabók (1995), har ein vorte litt meir liberal.

Svensk purisme

Svensk høyrer til dei gamle europeiske nasjonalspråka, og under skriftstandardiseringa på 1500-, 1600- og 1700-talet finn vi fleire spor etter purisme. Verdt å merke seg er at den svenske staten har spela ei viktig rolle. Det kom til uttrykk gjennom kanselliordningane på 1600- og 1700-talet med instruksar om rein språbruk. I samband med forsvenskinga av Skåne, Halland og Blekinge på slutten av 1600-talet gjekk det òg føre seg normpress i retning rein svensk. I 1732 la tidsskriftet Then Swenska Argus fram eit puristisk ordprogram med patriotiske synspunkt. Ein kulturnasjonalistisk purisme kom gjennom motstanden mot norsk og dansk på byrjinga av 1900-talet, særleg i tidsskriftet Språk och stil. Der reagerte ein mot former som glippa, nordljus etc. Ein har i det heile vore oppteken av motsetnaden til dansk.

Også fornuftsargument har stått sentralt. Grammatikaren Sven Hof (1703–1786) diskuterte det fornuftige i å forsvenske stavemåten av lånord, og Svenska Akademien bygde i 1786 på retoriske fornuftsideal med slagorda klarhet, tydlighet, wighet og korthet. I Leopolds rettskriving frå 1801, Afhandling om svenska stafsättet, danna denne språkforståinga grunnlaget for ein ortografisk purisme ved at ein formulerte retningsliner for å tilpasse skrivemåten av lånord, t.d. accent > aksent, famille > familj, meubel > möbel etc. Seinare tilpassingar av lånord har bygt på Leopolds rettskriving.

Svensk språknormering var på 1960-, 1970- og 1980-talet å sjå til prega av ein ikkje-puristisk retorikk. Eventuell motstand mot lånord kunne forsvarast ut frå problem med forståing, indre systematikk og lite funksjonelt – ikkje på grunn av purisme og nasjonale omsyn. Samtidig låg der i vektlegginga av språkkoden krav som i praksis fungerte puristisk.

Sverige var fyrst ute med å setje engelskpåverknaden på dagsordenen med språkkampanjen «Använd svenska» i 1986. På 1990-talet vart merksemda meir knytt til faren for domenetap, mindre til den lingvistiske påverknaden. Vi merkar oss elles vektlegging av svensk som nasjonalspråk i ulike handlingsprogram for svensk språk.

Dansk purisme

Dansk vart standardisert om lag samtidig med svensk. På 1600-talet utvikla det seg ein purisme inspirert frå Tyskland: Tyskarane viste at ein kunne frigjere seg frå den latinske og franske stilen. I tillegg var der ordskifte om kva som var den beste dansken, og her spela reinleiksidealet ei viktig rolle. Også nordmenn tok del: Trønderen Johan Brunsmand (1637–1707) var dansk purist på 1600-talet, P.C. Steenersen og Ole Pihl på 1700-talet. Dei sistnemnde tala for ordet linien for ekvator i staden for den tyskpåverka forma jorddeleren. På 1700-talet vart dansk purisme meir intens; skriftspråket og vitskapen hadde vorte viktigare for folk flest, og dermed var det nødvendig med danske fagord. Også Ludvig Holberg vart påverka – han var nok kritisk til «puristeriet», men dreiv språkreinsing.

På slutten av 1800-talet gjorde den allmennpolitiske tilstanden at dansk purisme vart retta mot tysk. I den samanhengen utvikla ein i Danmark sterke pronordiske haldningar; dei kom særleg fram på 1940-talet med Sven Clausen og Dansk forening til nordisk sprogrøgt.

I 1892 fekk dansk retningsliner for tilpassing av lånord. Når ein likevel ikkje har ført ein så omfattande ortografisk tilpassingspolitikk dei seinare åra, skuldast det mellom anna den allmenne skriftkonservatismen: Ei tilpassing av skriftspråket etter moderne dansk talemål ville endre rettskrivinga dramatisk.

Danmark har dei siste tiåra vore framstelt som det minst puristiske språksamfunnet i Norden. Formannen for Dansk Sprognævn, Erik Hansen, har t.d. kome med liberale utsegner om engelskpåverknaden. Vi skal likevel ikkje overdrive skilnadene. I danske medium har der vore stor interesse for engelskpåverknaden, og ingenting tyder på at der er fleire lånord i dansk enn i norsk og svensk. Der er dessutan restriksjonar mot lånord også i den offisielle ordboka, Retskrivningsordbogen. I siste halvdelen av 1990-talet ser vi ein meir artikulert purisme, også frå lingvistar. Språknemndmedlemen Niels Davidsen-Nielsen føreslo t.d. i 1997 ei avgift for bruk av anglisismar – rett nok som provokasjon, men han aktualiserte spørsmålet. I Dansk Sprognævn har ein diskutert purismespørsmålet ofte dei siste åra.

Norsk purisme

Sidan dansk var skriftspråket i Noreg fram til siste halvdelen av 1800-talet, kom skriftkulturen i Noreg til å avspegle tendensane i dansk purisme. På 1800-talet vart det så etablert ulike språkpolitiske program på norsk grunn.

Den fyrste norske purismen var faktisk retta mot innslag frå norske dialektar og frå svensk. Det var posisjonen til dei som arbeidde for rein dansk, t.d. J.S. Welhaven og Camilla Collett.

Også dei som arbeidde for svært varsam fornorsking, var opptekne av å ikkje sleppe inn for mange dialekttrekk. Det gjeld t.d. M.J. Monrad og den seinare Bjørnstjerne Bjørnson.

Det meir radikale fornorskingsprosjektet til Knud Knudsen var i byrjinga ekstremt puristisk mot lånord. Seinare har bokmålsnormeringa vore meir liberal. Noko derimot Knudsen må få mykje av æra for, gjeld den ortografiske tilpassinga av lånord: Her etablerte Knudsen tidleg eit fornorskingsprogram, med t.d. endringa Philosophie > Filosofi.

Nynorskpurismen er godt kjend, men nynorsktradisjonen som heilskap vart aldri konsekvent puristisk. Ivar Aasen var sjølv tvisynt; han såg verdien av språkreinsing, men ville ikkje gå for langt. Det var danske og nedertyske ordlagingselemenet, t.d. «anbeheitelse»-orda, som vart problematiske. Latinske og greske ord gjekk greitt.

På 1900-talet kan vi tale om ein samnorskpurisme retta mot konservative former i bokmålet og tradisjonsformer i nynorsken.

Når det gjeld purismen mot engelsk, ser vi liten skilnad mellom bokmål og nynorsk. I Norsk språkråd har representantane for dei to målformene samarbeidd om språkpolitikken overfor anglisismar.

Ei nordisk jamføring

Dersom vi tenkjer oss ei line med «lite purisme» på venstre halvdelen og «mykje purisme» på høgre halvdelen, vil dansk kome eit stykke til venstre for midten, deretter fylgjer svensk, så bokmål og nynorsk, færøysk og til slutt islandsk heilt ute på høgreenden av purismelina. Dette er statusen i dag. Vi skal samtidig vere klår over at kronologien for språkstandardisering er ulik: Dansk og svensk vart standardiserte lenge før færøysk og nynorsk. Dersom vi tenkjer oss at purismen har ein spesiell styrke i visse fasar av normeringa, kan vi kanskje vente oss veikare purisme i færøysk og nynorsk i tida framover? Eit anna moment gjeld dei ulike føresetnadene skriftspråka har. Færøysk og nynorsk har utvikla seg i strid mot eit etablert statsspråk. Dansk og svensk vart tidleg etablerte standardspråk med sterk posisjon i staten. Det har gjort at ein i færøysk og nynorsk har kjent sterkare trong for å markere seg mot majoritetsspråket.

Samtidig ser vi interessante ulikskapar mellom svensk og dansk. I svensk finn vi ein meir konsekvent ortografisk purisme, og ein er meir oppteken av å lage avløysarord. Her kan den sterkare offentleg regulerte språkpolitikken i Sverige spele ei rolle.

Er det så bra eller dårleg med purisme? Vi kan ikkje kome vekk frå at purismen har mange negative sider. Han har vore med på å gjere folk usikre på eigen språkbruk og stundom lagt band på den språklege skaparevna. I tillegg har han stadfesta elitespråket. Purismen kan dessutan fungere kulturelt einsrettande. Her er det verdt å nemne dei aktuelle krava om at innvandrarar skal lære seg perfekt norsk, svensk eller dansk, og ikkje nytte etniske variantar som «kebabnorsk», «rinkebysvenska» eller «perkerdansk».

På den andre sida har purismen òg positive sider: Han kan skjerpe den kritiske språksansen, fungere språkleg nyskapande og fremje språkleg forståing. Purismen kan òg fungere som forsvar mot språkpress frå majoritetsspråk. I så måte kan purismen faktisk vere med på å halde oppe det språklege mangfaldet i verda. Purisme er altså ikkje bra eller dårleg i seg sjølv, men må vurderast etter konteksten og innrettinga.

 

-- Endre Brunstad er stipendiat ved Nordisk institutt ved Universitetet i Bergen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:13.11.2003 | Oppdatert:17.06.2015