Leiar: Lovfest at «undervisningsspråket er til vanleg norsk»!

Skal norske medisinstudentar i Noreg drøfte barnesjukdomar med norske forelesarar på engelsk? Tja, korfor ikkje? Det blir no prøvd ut på Medisinsk fakultet i Oslo. Kan dei lære god engelsk av det, er jo det eit godt formål. Sit dei saman med utalandske studentar for å jamføre erfaringar frå fleire land, kan dei også lære faget betre. Jamføring er ein effektiv læringsmetode, og internasjonaliseringa kan lette ein slik innfallsvinkel.

Å lære å meistre andre språk er verdifullt. Men det er ikkje opplagt at eit «rollespel» der nordmenn spelar på engelsk, held fullgod kvalitet – verken språkleg eller fagleg. Ein underviser best på morsmålet, og ein lærer mest effektivt på morsmålet. Internasjonaliseringa bør ikkje fasinere oss slik at vi forvekslar engelsk automatisk med kvalitet. Da er vi blitt Erasmus Montanus-ar.

Vi bør no greie å lage ein gaid for korleis høgare undervisning kan bli fleirspråkleg der det gjer godt. Prøveprosjektet i Oslo med eit semester på engelsk er spennande, men ikkje overtydande pedagogisk. Kvart kurs krev sitt eige resonnement, alt etter målsetjing og målgruppe. I mange kurs senkar ein det faglege nivået dersom ein «internasjonaliserer» dei og tek inn utalandske studentar utan all den gratiskunnskapen nordmenn har. I andre kurs kan ein vinne så mye fagleg ved å drive internasjonal jamføring at det veg meir enn pedagogiske ulemper. I slike sektorar av undervisninga har ein nettopp bruk for eit fremmendspråk.

Er motivet med eit kurs at ein skal lære engelsk i tillegg til faget, bør ein ta det så alvorleg at ein dreg inn språkkunnige slik at vi ikkje berre aukar sjølvtillita utan å betre ein haltande engelsk. Innafor mange fag kunne det faktisk vere tenleg med gode fremmendspråkskunnskapar. Men vi må kvalitetssikre både fag og språk.

Dei fleste i høgare utdanning bur seg på ei livsoppgåve der dei skal utføre fag overfor nordmenn. Det låg eit demokratisk ideal bak da ein i si tid avskaffa latin som dominerande universitetsspråk. Det idealet bør gjelde framleis. Derfor må det også framleis stå i universitetslova at «undervisningsspråket er til vanleg norsk» ved norske universitet og høgskolar. Det er ikkje til hinder for målmedveten og målavgrensa bruk av fremmendspråk.

Ikkje gløym: Mange utalandske studentar vil gjerne ha kurs i norsk og om norsk samfunnsliv. Blir dei lenge i landet, følgjer dei faktisk også forelesingar på norsk. Bonusen dei skal ha med seg heim frå sitt internasjonaliseringseksperiment, er jo innsikt i den norske samfunnsvarianten, likeins som nordmenn bør lære seg noko ekstra når dei tek fagstudium ute. Ved ekte internasjonalisering går impulsane i mange retningar.

 

Helge Sandøy

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:12.07.2004 | Oppdatert:17.06.2015