Stutt historikk over sidemålsskipnaden

AV OLAF ALMENNINGEN

Den norske måljamstellinga kviler på to hovudgrunnlag; eit juridisk og politisk og eit praktisk og pedagogisk. Den juridisk-politiske sida er tufta på det historiske måljamstellingsvedtaket som Stortinget gjorde 12. mai 1885 og på Lov um målbruk i statstenesta frå 1930 og den noverande Lov nr. 5 av 11. april 1980 om målbruk i offentleg teneste med seinare tillegg og forskrifter.

Det praktisk-pedagogiske grunnlaget er i dag bygt på Opplæringslova som Stortinget vedtok i 1998, men bak den ligg det meir enn 100 års lovgjeving og språkleg pedagogisk praksis i heile skuleverket, særleg då i det som no heiter grunnskulen og den vidaregåande skulen. Lærarskulane, universiteta og høgskulane står i ei noko anna stilling, men også der har det vorte slått fast at begge mål skal kunna brukast jamsides, og i norskutdanninga skal ein sjølvsagt læra seg å meistra begge to både skriftleg og munnleg. Stortinget slo fast denne jamstellingsføresegna i 1902 for lærarskulen sin del (lova vart sanksjonert av Stortinget 18. januar 1902), og i 1908 vart det lovleg for dei studentane som ønskte det, å bruka nynorsk til embetseksamen på alle fakultet ved Universitetet i Oslo (Kgl. res av 5. mai 1908), som var det einaste universitetet vårt den gongen.

I folkeskulen vart det høve for skulestyra til å velja mellom nynorsk og bokmål som opplæringsmål frå sommaren 1892. Lova (Ot.prp. nr. 44 1892) vart vedteken av stortingsfleirtalet og sanksjonert 6. juli 1892, etter ein nokså hardsett strid. Frå 1935 kom det også krav om ei skriftleg prøve i sidemålet i den dåverande realskulen eller middelskolen, medan folkeskulen framleis vart ståande med berre munnleg opplæring og tekstlesing i den ande målforma. I den sjuårige folkeskulen var det ikkje noko krav om skriftleg opplæring på begge målformer for alle før Stortinget vedtok å innføra den nye obligatoriske niårige ungdomsskulen frå 1969–71. Det skjedde ved Lov nr. 24 av 13. juni 1969 om grunnskolen, der det mellom anna heiter i § 39 pkt. 5: «Dei to siste åra i grunnskolen skal elevane ha opplæring i begge målformer. (...) Frå sjuande klassesteget avgjer elevane sjølve kva målform dei skal nytte.»

Når det galdt det gamle gymnaset, så vart den noverande sidemålsskipnaden vedteken av Stortinget i 1907 (Ot.prp. nr. 11 1906–07) etter ein hard kulturpolitisk strid, der særleg Høgre (riksmål) og Venstre (landsmål) tørna i hop. Ordskiftet i Stortinget vara i tre heile dagar før den endelege lovteksten var klar. Enden på visa vart då at kravet om skriftleg opplæring i både nynorsk og bokmål til examen artium skulle ta til å gjelda frå 1912, og dei første 5 åra skulle denne prøva berre vera ei attforteljing for å letta overgangen til stilen. Med dette tillegget la den verste motstanden seg noko, og den endelege lovteksten kunne til slutt sanksjonerast av Stortinget 24. mai 1907.

Dette jamstellingskravet er seinare vorte halde oppe i skulelovene og forskriftene til dei, såleis i Lov nr. 55 av 21. juni 1974 om videregående opplæring og no i den nye samanslegne Lov av 17. juni 1998 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (Opplæringslova) som Stortinget vedtok våren 1998. Dertil er sjølvsagt dei noverande fagplanane i norsk for grunnskulen (Reform 97) og den vidaregåande skulen (Reform 94) sentrale dokument. I opplæringslova vil ein finna dei reglane som gjeld sidemålsopplæringa under § 2–3, § 2–5 og § 3–4. Dei sentrale punkta i forskriftene, som mellom anna gjeld fritak frå den obligatoriske skriftlege opplæringa, er 8.1 (grunnskulen) og 8.2 (vidaregåande skule). Her har styresmaktene gjeve fleire rimelege grunnar til å få sleppa det skriftlege sidemålet, så dagens ordning burde ikkje vera urimeleg for utsette elevgrupper.

 

-- Olaf Almenningen er forskar i leksikografi ved Universitetet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.11.2003 | Oppdatert:17.06.2015