Fleire nynorskord etter nye retningslinjer

AV MARIT HOVDENAK

Ordtilfanget i nynorsk har vore drøfta fleire gonger i Norsk språkråd dei seinare åra, og i februar 1999 vedtok rådet eit sett retningslinjer for opptak av tyske og danske importord (lånord) i nynorske ordbøker og ordlister, jf. ein artikkel av Jan Terje Faarlund i Språknytt 2-99.

Skuleordlister skal godkjennast av Norsk språkråd. Sekretariatet i Språkrådet, med støtte i fagnemnda, har fått fullmakt til å praktisere retningslinjene når ordlisteredaktørar søkjer om å få godteke ord som skal oppførast i ordlistene. I 2000 har Språkrådet behandla søknader for to ordlister, og gjeve grønt lys for mange ord som har vore haldne ute frå nynorsknorma før.

Den første retningslinja er overordna: «Ord som har stor utbreiing i norske dialektar, bør ikkje haldast ute frå nynorske ordlister og ordbøker». Deretter kjem ein serie avgrensingar, først: «Ein skal leggje vekt på om ordet alt er i vanleg bruk i skriftleg nynorsk». Ut frå dei kjeldene til faktisk språkbruk vi har kunna byggje på, har vi gjeve klarsignal for ein heil del vanlege ord, t.d. bryderi, fortsetje, forvandle, krets, kveg og vever.

Den andre avgrensinga er: «Ein tek ikkje opp ord når dei er synonyme med etablerte nynorskord og ligg nær slike ord i bygnad og skrivemåte». Det vil seie at ein godtek ikkje formene «advare» og «ørkeslaus», fordi «åtvare» og «yrke(s)laus» er den nynorske skrivemåten av orda. Vi har vurdert det slik at vi tek ikkje opp forma «løpe» når vi har «laupe» frå før, men sa ja til kjedeleg fordi det er nokså ulikt det vanlege nynorskordet, «keisam».

Retningslinja «Opptak av ord i ei ordklasse treng ikkje føre til at ein tek opp tilsvarande ordstamme i andre ordklasser» vil seie at ein kan ta opp eit ord isolert utan tanke på om det er aktuelt i andre bøyingsformer. Difor er det greitt med ordet uansett (det er mykje brukt både i skrift og tale) sjølv om verbet «ansjå» blir halde utanfor ordlistene; betenkt har stått i ordlistene lenge, men ikkje infinitiven «betenkje».

Det er òg retningslinjer for særlege ordgrupper, for det første «Ein tek ikkje opp ord med førestavingane an- og be- der nynorsk i same tyding har same ordrota utan den aktuelle førestavinga, eventuelt med etterfølgjande preposisjon». Døme på ord med an- vi difor har gjeve avslag på, er «anrop» og «ankomst», fordi vi har ord som «rop, tilrop» og «framkomst» frå før. Her er det eit vanskeleg avvegingsspørsmål i kva tilfelle orda faktisk har same tyding. Ord vi derimot har godteke, er anerkjenning, anta og antyde. Ord på be- vi har gjeve avslag på, er «beføle» (jf. «føle på»), «bekostning» (jf. «kostnad»), mens vi har godteke begjær, beskjeden og bestikking.

Substantiv på -else er det ei eiga retningslinje for: «Ord på -else kan takast opp berre når ein ikkje har synonyme ord på -ing, -nad eller utan etterstaving. Døme: Ikkje anerkjennelse, frigjørelse, besvarelse.» Av ord på –else som ein no kan ta med, nemner vi følelse, hevelse og skuffelse. I denne samanhengen spelar det inga rolle at vi har innarbeidde ord i nynorsk frå før (jf. «kjensle», «vonbrot»), det viktige er at ein no kan skrive fleire ord som er vanlege i dialektane.

Det er mest utførlege retningslinjer for substantiv på -heit. Det har komme nokre slike ord inn i ordlistene dei siste 15–20 åra, t.d. «dumheit», «offentlegheit» og «ømheit». No gjeld desse restriksjonane:

«a) Ein tek ikkje opp -heit-avleiingar av perfektum partisipp, presens partisipp og av adjektiv på -et(e)/-ut: Ikkje fordømtheit, klossetheit.
b) Ord på -laus skal ha -løyse som einaste avleiing.
c) Ord på -sam skal ha -semd som einaste avleiing.
d) Ord som i nynorsk har etterstavingane -dom, -leik og -skap i allmenn bruk, skal ikkje takast opp med -heit.
e) Ein godtek ikkje -heit-ord der kortavleiingar er i bruk i dialektane. Døme: samvit, rettferd, vanske, ikkje samvittigheit, rettferdigheit, vanskelegheit».

– Her har vi sett det slik at når språket vårt har eit adjektiv, kan språkbrukaren alltid lage eit tilhøyrande substantiv ved å leggje til -heit. Endinga må no reknast som ei ordinær og produktiv ordlagingsending i nynorsk. Av godtekne ord nemner vi enkelheit, ferdigheit, høflegheit og kunstferdigheit. Nokre av -heit-orda har stor frekvens i daglegtalen, mens andre kanskje førekjem ein sjeldan gong. Somme er redde for at -heit-orda skal dra med seg ein meir substantivisk stil i nynorsk. Her vil vi minne om at det er ikkje setningar Språkrådet har godkjent, men enkeltord. Det at Språkrådet no opnar for at ein kan bruke fleire ord på -heit, vil ikkje seie at vi oppmodar om å skrive meir substantivisk – vi tilbyr større fridom i ordvalet.

Meir informasjon her:
http://www.sprakrad.no/ordnyno

 

-- Marit Hovdenak er rådgjevar i Norsk språkråd.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.11.2003 | Oppdatert:19.06.2015