Prosjektet Talemålsendring i Noreg

AV GUNNSTEIN AKSELBERG

Talemålsendring i Noreg er eit nasjonalt prosjekt for gransking av talemålsutviklinga i landet no ved overgangen til eit nytt tusenår, og er eit samarbeid mellom dei nordiske institutta ved universiteta i Tromsø, Trondheim, Oslo og Bergen, og ved Høgskolen i Agder. Til prosjektet er det knytt vitskapleg tilsette, stipendiatar og hovudfagsstudentar. Rundt 60 personar er pr. 1. mars 1999 knytte aktivt til prosjektet, og stendig fleire studentar og stipendiatar vert knytte til.

Eit viktig mål for prosjektet er å granska utviklinga av språkleg regionalisering i Noreg. Enno veit vi lite om korleis det utviklar seg regionale talemål i landet, men vi har mange teikn på at slike prosessar er i gang. I prosjektet arbeider vi m.a. på grunnlag av ein hypotese om at det er i ferd med å utvikla seg regionale dialektar rundt dei viktigaste økonomiske, politiske og kulturelle sentra i landet, som t.d. Oslo, Stavanger, Bergen og Trondheim. Vi vil prøva å kartleggja korleis denne prosessen går føre seg, kva som kjenneteiknar det regionale språket, og kva som særkjenner norsk språkregionalisering til skilnad frå t.d. den danske. Særleg veit vi lite om regionaliseringa i Sogn og Fjordane og i Møre og Romsdal, og i dei tre nordlegaste fylka. Kan henda er språkleg regionalisering enno berre knytt til visse delar av landet.

Talemålsendring i Noreg er eit paraplyprosjekt med mange lokale delprosjekt som dei lokale institusjonane har hovudansvar for. Til saman vil alle delprosjekta dekkja mange av regionane i landet, slik at vi vil kunna få eit godt bilete av talemålssituasjonen i Noreg. Dette er det fyrste nasjonale talemålsprosjektet i Noreg, og føremunen med eit slikt prosjekt er at vi heile tida kan jamføra utviklingstendensane i ulike landsdelar med kvarandre. Dei store talemålsprosjekta som vi har hatt til no, Talemålsundersøkelsen (TAUS) for Oslo, og Talemålsundersøkelsen i Bergen (TUB), begge gjennomførte i 1970-åra, studerte berre talemålet i einskildbyar, og det var liten kontakt mellom dei to prosjekta.

Talemålet i dag

I prosjektet arbeider vi på fleire faglege nivå. I utgangspunktet vil vi gje ei beskriving av talemålssituasjonen i dag. Difor vil vi samla inn store mengder empirisk materiale og på det grunnlaget finna mønster og retningar i talemålsutviklinga over heile landet. Med tida vonar vi å kunna setja opp eit omfattande norsk talemålskorpus på grunnlag av dette materialet. For å kunna karakterisera talemålet i dag må vi kjenna til korleis talemålet i dei ulike regionane har vore tidlegare. Dette får vi fram m.a. ved å studera talemålet til ulike aldersklassar i dei forskjellige geografiske områda og ved å trekkja inn arkivmaterialet som finst i talemålsarkiva ved dei vitskaplege institusjonane. Mykje av dette materialet er av svært god kvalitet, og vi vil ha stor nytte av det. I Bergen har vi tatt til å leggja til rette arkivmateriale for bruk i prosjektet, eit arbeid vi vil halda fram med i år.

Å beskriva talemålssituasjonen er berre fyrste steget i arbeidet med norsk talemål i dag. I neste omgang er vi interesserte i å få innsikt i dei språklege og sosiale mekanismane som styrer talemålsutviklinga. Her vil vi nytta oss av fleire tilnærmingar innom nyare dialektologi og sosiolingvistikk, t.d. tilnærmingar som byggjer på sosiale makrostudiar, nettverksstudiar, identitetsstudiar, sosialpsykologiske studiar, mentale studiar osv., og det vil såleis vera både studiar med hovudvekt på kvantitativ metode og studiar med hovudvekt på kvalitativ metode. Vi trur vi vil kunna gje eit best mogeleg bilete av talemålssituasjonen ved å arbeida med ulike problemstillingar, ulike modellar og ulike metodar som supplerer kvarandre. Vi vonar også sjølve å kunna å gje nytt metodisk og teoretisk tilfang til talemålsgranskinga, særleg til den språklege regionaliseringa, men også til dei allmenne prosessane for talemålsendring.

Forsvinn dialektane?

Av di språket til ungdommen spelar ei viktig rolle i all språkutvikling og språkendring, vert det særleg lagt vekt på kva for rolle talespråket til ungdommen spelar i utviklinga av dei regionale dialektane. Det er mange av dei lokale prosjekta som studerer talemålet til ungdommen, og i dei aller fleste prosjekta er språket til ungdommen eit viktig studieobjekt. Til dømes er samanfallet mellom kj-lyden og sj-lyden tema for fleire oppgåver, og vi vil etter kvart få eit nokså godt bilete av korleis dette språklege fenomenet spreier seg.

Ulike sider ved ved den språklege utviklinga er tema for gransking, t.d. fonologi, prosodi, morfologi, syntaks og leksikon (ordforråd). Nokre av studiane er reine språklege studiar, medan andre er studiar som finn stad innom rammene av ulike sosiolingvistiske tilnærmingar, og legg såleis vekt på relasjonane mellom sosiale og kulturelle faktorar av ulikt slag og språkleg variasjon og endring. Vi er særleg interesserte i å få fram dei særlege trekka som karakteriserer talemålsutviklinga i høve til talemålsutviklinga i andre nordiske og vesteuropeiske land.

Elles er vi opptatt av generelle problemstillingar som t.d.: Er dialektane i ferd med å forsvinna? Korleis verkar media inn på talemålet? På kva måte er ungdommen språklege innovatørar? Kan det utvikla seg eit rikstalemål i Noreg? Kvifor held somme på dialekten sin, medan andre blandar eller skifter dialekt? Korleis påverkar skriftspråket talespråket? Korleis påverkar dialektane kvarandre? Kven påverkar kven?

Prosjektet, som vert finansiert av Noregs forskingsråd og dei lokale institusjonane, vart formelt sett i gang hausten 1998. Starten vart markert ved ein prosjektkonferanse der eit utval studentar fekk leggja fram prosjektskisser, diskutera metodiske og teoretiske spørsmål og presentera viktige forskingsresultat. Kvart år vert det arrangert ein liknande konferanse der inviterte førelesarar, studentar, stipendiatar og fast tilsette tek del.

I fjor inviterte vi Inge Lise Pedersen og Frans Gregersen frå København som gjesteforelesarar til konferansen, av di dei er sentrale nordiske sosiolingvistar, av di dei har fyrstehandskunnskap om den danske språkregionaliseringa, og ikkje minst av di dei er dyktige inspiratorar for både studentar og kollegaer. Elles legg vi stor vekt på internasjonal kontakt og har sett av pengar til eit par reisestipend og til eit gjesteforskarstipend. På denne måten kan prosjektmedarbeidarane våre koma i kontakt med aktuelle miljø i utlandet, og utanlandske gjesteforskarar kan koma til vårt prosjekt som rettleiarar og inspiratorar.

Fagmiljøutvikling

Ei viktig side ved prosjektet er å utvikla gode forskarar og eit godt forskarmiljø . Såleis er prosjektet eit viktig tilskot til hovudfagsundervisninga, forskingsutviklinga og forskingsrekrutteringa ved institutta. Ved fleire av institusjonane har det alt utvikla seg gode lokale fagmiljø som har regelmessige møte der sentrale emne og problemstillingar innom dialektologi og sosiolingvistikk vert drøfta.

For at dyktige studentar skal få høve til å kvalifisera seg til seinare prosjektarbeid, lyser vi kvart år ut prosjektstipend, kvart på eitt månadsverk, slik at studentane kan utarbeida gode prosjektbeskrivingar og søknader om forskingsråds- og universitetsstipend. I år har vi delt ut tre slike rekrutteringsstipend, og det vert lyst ut nye stipend seinare på året.

Prosjektet har ein eigen skriftserie kalla Målbryting. Her vert det publisert arbeid som er skrivne av dei som er knytte til prosjektet. Første heftet er studien Variasjon og endring i sogndalsmålet av Ragnhild Haugen. Andre heftet, som vil verta ein rapport frå prosjektkonferansen, vil liggja føre i vårsemesteret 1999. (Hefta kan tingast frå prosjektleiinga.) Føremålet med skriftserien er å få gjort ein større lesarkrins kjend med nye forskingsresultat og informasjon om forskingsprosjekta som er i gang. Dinest vil skriftserien kunna levera bidrag til aktuelle metodiske og teoretiske diskusjonar, og dessutan vera nyttig lesnad for hovudfagsstudentar. Eit viktig føremål med skriftserien er også å auka den faglege motivasjonen og fremja den vitskaplege sosialiseringa, og dessutan å skapa eit fagsosialt godt miljø. Dette er særleg viktig for eit nasjonalt prosjekt der studentane bur langt frå kvarandre. Det er sjeldan studentar får sjå eigne arbeid på trykk, og vi ser det som sentralt at studentarbeid på ulike nivå, frå presentasjon av prosjektskisser til ferdige forskingsarbeid, kan koma på trykk.

Elles byggjer vi ut heimesida vår slik at studentane kan kommunisera seg i mellom og med prosjektleiinga og dei lokale kontaktpersonane på ein effektiv måte. Her kan òg alle interesserte få tilgang til prosjektbeskrivinga og orientering om mange av dei lokale prosjekta. Det er viktig for oss at medarbeidarane har gode lokale nettverk, slik at informasjonen når ut til lokalmiljøa.

Vi synest også det er viktig å ha eit godt tilhøve til media, slik at all aktuell informasjon kan nå ut til eit langt breiare publikum. Til no har det vore fleire avis- og radioreportasjar både om prosjektet og einskildresultat som er komne fram. Vi synest det er viktig, interessant og stimulerande at publikum er så opptatt av den språklege utviklinga og viser så stor interesse for Talemålsendring i Noreg.

Prosjektet har ei styringsgruppe som m.a. har tilsyn med dei lokale delane av prosjektet. Medlemene av styringsgruppa fungerer dessutan som lokale kontaktpersonar som interesserte, t.d. nye hovudfagsstudentar, kan venda seg til. Leiinga av prosjektet er lagd til Nordisk institutt, Universitetet i Bergen.

Studentar som er interesserte i å skriva hovudoppgåve innom emna talemål, sosiolingvistikk, dialektologi o.l., kan ta kontakt med ein av dei lokale kontaktpersonane i adresselista nedanfor eller med prosjektleiinga.

Prosjektet& Talemål i endring& si heimeside finst under nettadressa http://studier.uib.no/tein/index.nsf. Der kan ein finna generell informasjon om prosjektet, heile prosjektbeskrivinga og oversiktar over fleire av dei lokale prosjekta som det vert arbeidd med.
Prosjektleiar: Gunnstein Akselberg,
Nordisk institutt, Universitetet i Bergen, Sydnesplassen 7, 5007 Bergen.
E-post: gunnstein.akselberg@nor.uib.no
Oslo: Unn Røyneland,
Institutt for nordistikk og litteraturvitskap,
Postboks 1013 Blindern, 0315 Oslo.
E-post: unn.royneland@inl.uio.no
Tromsø: Helge Stangnes,
Institutt for språk og litteratur, Universitetet i Tromsø,
Breivika, 9037 Tromsø.
E-post: helge.stangnes@hum.uit.no
Agder: Helge Omdal, Institutt for nordisk og mediefag, Gimlemoen. Postuttak, 4604 Kristiansand. E-post: helge.omdal@hia.no
Trondheim: Brit Mæhlum,
Institutt for nordistikk og litteraturvitskap,
NTNU, 7491 Trondheim.
E-post: brit.maehlum@hf.ntnu.no
Bergen: Helge Sandøy, Nordisk institutt, Universitetet i Bergen, Sydnesplassen 7, 5007 Bergen. E-post: helge.sandoy@nor.uib.no

 

-- Gunnstein Akselberg er førsteamanuensis i nordisk språkvitenskap ved Universitetet i Bergen. Han har en doktoravhandling i sosiolingvistikk, men har også arbeida mye med stedsnavn. Han er leder for det nasjonale prosjektet Talemålsendring i Noreg.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.11.2003 | Oppdatert:23.06.2015