Innsamling av norsk ordtilfang på 1700- og tidleg på 1800-talet

AV JAN RAGNAR HAGLAND

På 1990-talet har det i fleire samanhengar vore ordskifte om kva former og uttrykk for nasjonalkjensle som eventuelt kan sporast på 1700-talet og tidleg på 1800-talet. Spørsmål om definisjonar av omgrep som nasjonalisme og patriotisme har vore framme, og det har vore spurt om det verkeleg fanst det vi kan kalla ei nasjonalkjensle før 1814. I tråd med slike spørsmål har Språknytt ønskt at vi skal ta fram att og sjå litt nærare på arbeidet med å samla inn målføreord eller norsk ordtilfang i andre halvdelen av 1700-talet og tidleg på 1800-talet.

Innsamling av ord og uttrykk frå norske målføre vart utført av den tids embetsmenn, først og fremst av prestar naturlegvis. Det må i alle fall kunna seiast at dette innsamlingsarbeidet utgjer ein stor del, om ikkje størstedelen, av det vi litt romsleg kan kalla vitskapleg arbeid med norsk språk i tida før dei store rikspolitiske hendingane i 1814. Det er eit rettkome spørsmål å stilla om denne interessa for norsk ordtilfang er eit uttrykk for gryande nasjonalkjensle, eller om det er noko anna. Jamvel om norsk språkhistorieskriving ofte har bala med dette spørsmålet i vårt hundreår, kan det vel ikkje seiast å ha komme til noko eintydig syn på problemet. Det har på ei side vore søkt etter 'tradisjonsliner' som kunne peika framover mot det avgjerande arbeidet Ivar Aasen gjorde med norsk språk frå 1840-åra og utover, det vil seia på fagleg arbeid som «jamna vegen for honom», som Gustav Indrebø uttrykkjer det, og han ser tvillaust på dette som uttrykk for nasjonale haldningar. Det har også vore hevda at politiske hendingar kring 1770, den såkalla Struensee-perioden i dansk-norsk historie med oppheving av trykkesensur o.a., kom til å vekkja nasjonale stemningar, som i sin tur førte til auka interesse for norsk språk (Vemund Skard). På ei anna side synest likevel ei allmenn interesse å ha vore til stades for å «berige og fuldstændiggjøre det fælleds Skrivtsprog», slik m.a. ordbokforfattaren Laurents Hallager uttrykte det i Norsk Ordsamling frå 1802.

Trykte og utrykte arbeid

Om vi skal kunna sjå innsamlingsarbeidet på 1700-talet og tidleg på 1800-talet i sin historiske samanheng, er det nødvendig å skilja mellom dei arbeida som vart utgjevne i si samtid, og dei som berre vart liggjande i manuskript og i beste fall berre kom til å sirkulera i nokre få avskrifter. Allereie på 1600-talet vart det utgjeve ei lita samling med norske ord. Forfattaren, Christen Jenssøn, var oppvaksen på Askvoll i Sunnfjord, så det aller meste av ordtilfanget i samlinga kjem frå dei kantar av landet. Boka vart utgjeven i København i 1646 med tittelen Den Norske Dictionarium eller Glosebog og kom til å få ein god del å seia også for det ordsamlingsarbeidet som kom i gang frå 1740-talet og utover. I 1749 gav biskopen i Bergen, dansken Erik Pontoppidan, ut den neste trykte samlinga med særnorske ord – Glossarium norvagicum. Boka vart utgjeven i Bergen, og i mange samanhengar har det vore gjort eit historisk poeng av at dette er den første boka om norsk språk som er trykt i Noreg. Om vi så tar steget heilt fram til byrjinga av 1800-talet, vil vi sjå at det omfram boka til Pontoppidan berre kom tre trykte ordsamlingar. Det gjeld J.N. Wilse Norsk Ordbog eller Samling af Norske Ord frå Spydeberg i Østfold, trykt i Christiania i 1780. Dessutan finst det ei lita ordsamling innlemma i H.F. Hiortøys Beskrivelse over Gudbrandsdalens Provstie frå 1785. Ordtilfanget og språkprøvene der er frå Fron. Så i 1802 kom den mest omfattande samlinga før Ivar Aasen – Laurents Hallagers Norsk Ordsamling eller Prøve af Norske Ord og Talemaader, trykt i København. Det er ei samling som med grunnlag i vestnorsk ordtilfang er utvida til i nokon monn å gjelda andre landsdelar også. Samlinga er på mellom seks og sju tusen ord. Til samanlikning er samlinga til Pontoppidan på i underkant av tusen og Wilses på om lag 1600 ord.

Kvifor samla dei?

Om vi skal søkja å finna tilskuv til å laga desse ordsamlingane, er det interessant å sjå på kva forfattarane sjølve seier om dette, særleg Pontoppidan, Wilse og Hallager. Båe dei to først nemnde, som altså var danske, held fram at samlingane deira for det første var laga for at danske embetsmenn betre skulle kunna skjøna folk som tala norske dialektar, samlingane var laga «for Danske i Omgang med den Norske Almue», som Wilse uttrykkjer det. Og både Pontoppidan og Wilse til liks med nordmannen Hallager understrekar elles at slikt språkstoff var tenleg «til Oplysning og Forbedring» av det felles skriftspråket i Danmark og Noreg. Særleg hos Pontoppidan kan vi jamvel skimta tankar om at norske dialektord kan vera ei kjelde ved utbyting av framande ord i fellesspråket. Dermed ser vi at tankar om språkreinsing, eller purisme som det vert kalla, også har vore eit tildriv til innsamlingsarbeidet midt på 1700-talet. På den tida voks det nemleg fram det vi kunne kalla eit språkpolitisk program, særleg i Danmark, om å skifta ut framande ord i språket. Det er i seg sjølv eit interessant fenomen i nordisk språkhistorie på 1700-talet, som kunne fortena ein stubb i Språknytt.

Det kan såleis synast som om det var nytteverdien for embetsmenn og ideologiske tankar om språkreinsing som først og fremst står fram som drivkrefter bak innsamlingane av norsk ordtilfang i den tida som opptek oss her. Men også tankar om samanheng mellom norske målføre og gammalnorsk, eller islandsk som det heitte, synest å ha spela ei rolle både for Pontoppidan og etterkommarane hans, først og fremst H.J. Wille på 1780-talet (sjå nedanfor). I det ligg også eit syn på verdien av dette tilfanget i seg sjølv – det vi kan kalla eit encyklopedisk verdisyn på kunnskap om det språklege mangfaldet i det felles kongedømmet. Ein kan seia at ei slik oppfatning av ordtilfanget i norsk har føresetnader som går attende til dei aller siste åra av 1600-talet. Då vart det lagt planar om å laga ei stor dansk ordbok, der også ordtilfang frå dei norske provinsane var tiltenkte ein plass. Innsamlingsarbeid vart sett i gang, og sumt av det innsamla tilfanget frå Noreg er bevart i handskrift og har vore utgjeve på prent i vår tid. Sjølve ordbokprosjektet kom heller aldri lenger enn til handskriftsstadiet. Tanken om å få kartlagt ordtilfanget vart likevel ganske snart reist på ny: I 1743 vart det lagt planar for eit stort topografisk-statistisk verk om Danmark-Noreg. Materiale til dette verket skulle, liksom ordboksprosjektet frå 1690-åra, samlast inn av embetsmenn, og det vart laga det vi kan kalla spørjelister med 43 spørsmål, der dei to siste handla om ordtilfang. Det var spørsmål etter «rare Ord» og «deres Betydning i andet brugelig Dansk», som det heitte. Ein god del mindre ordlister som vart sende inn som svar på denne spørjelista, er bevarte i manuskript. Men dette initiativet frå styresmaktene sette heilt klårt også i gang meir omfattande innsamlingsarbeid, som heller ikkje kom ut på prent i samtida.

Det er tydeleg at Erik Pontoppidan har vore inspirert av spørjelista frå 1743. Men også i det mest omfattande arbeidet før boka til Hallager frå 1802 kan vi sjå direkte uttrykk for at lista frå 1743 hadde gjeve tilskuv til å arbeida systematisk med bygdemålstilfang som allereie var innsamla. Det gjeld samlinga etter Knud Leem, hovudsakleg med ordstoff og målprøver frå Avaldsnes på Karmøy, men også med vesentlege innslag særleg frå heimbygda hans på Haram, Møre og Romsdal, og frå Trøndelag. Sett med vår tids augo er nok Leem den som står fram med det mest vitskaplege grepet om innsamlingsarbeidet og presenteringa av det. Det språkfaglege spesialområdet hans var likevel samisk, og han vart etter kvart professor i samisk på Seminarium lapponicum, ein språkskole for prestar i Trondheim, frå 1752 til han døydde i 1774. Han publiserte i si samtid både ei samisk ordbok og ein samisk grammatikk, som han hadde samla stoff til i si tid som prest i Finnmark. Den evna til systematisk iakttaking av språkbruk ikring seg må han ha gjort bruk av også etter at han drog frå Finnmark og arbeidde som sokneprest på Avaldsnes, frå 1735 til 1752. Arbeidet med ordsamlinga kom ikkje til å få så mykje å seia i samtida og vart ikkje publisert før i 1923.

I same stilling som Leems arbeid står så fleire større samlingar frå ulike kantar av landet i tida fram til ca. 1830, for å stansa der – eldst av desse er ei samling som truleg er gjord av sokneprest S.R. Hagerup i Surnadal på Nordmøre i tida mellom ca. 1750 og 1775, yngst ei samling av stiftamtmann og tollinspektør W.F.K. Christie i Bergen på slutten av 1820-talet, som er best kjend som den framifrå presidenten på omframstortinget hausten 1814. Når det gjeld systematikk og fagleg grep om presentasjonen, varierer samlingane ein del. Ofte synest orda å vera gjevne i den form nedskrivaren har høyrt eller best kjent dei. Substantiv kan såleis finnast både i ubunden og bunden form, eintal eller fleirtal, verb i ulike tider og former osb. Ofte skriv innsamlarane av etter kvarandre, både frå trykte samlingar og til dels frå samlingar som har sirkulert i manuskript. I alle fall er desse samlingane viktige kjelder til studiet av norsk ordtilfang. Vi veit at Ivar Aasen i høg grad drog nytte av dei, og Norsk ordbok av i dag nyttar det også som kjeldetilfang. Etter dei som allereie er nemnde, er dei viktigaste samlingane ei etter biskop J.E. Gunnerus frå tida kring 1770 med ordstoff frå Nord-Noreg og Trøndelag, ei etter H.J. Wille frå Seljord i Telemark (1785) og ei ufullført etter diktaren Edvard Storm frå Gudbrandsdalen. Samlingane etter Hagerup, Gunnerus og Wille vart ikkje utgjevne før på 1970- og 1980-talet. Storms er enno uprenta.

 

-- Jan Ragnar Hagland er professor i norrøn filologi ved NTNU i Trondheim. Han har publisert bøker og artikler om blant annet språkhistoriske emner.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.11.2003 | Oppdatert:23.06.2015