Småstoff


Målvettplakaten

Språkrådet har nyleg laga ein «målvettplakat» som oppsummerer dei viktigste punkta i mållova. Mållova regulerer bruken av bokmål og nynorsk i staten. Plakaten kan ein få gratis ved å vende seg til Språkrådet.

Det finst tre utgåver av plakaten: ein for sentrale statsorgan (statsorgan som har heile landet som tenestekrins, t.d. departement, direktorat, universitet og statlege høgskular), ein for regionale statsorgan (statsorgan der tenestekrinsen er mindre enn heile landet, men meir enn ein kommune, t.d. tolldistrikt, fylkesarbeidskontor, fylkeslikningskontor og dei fleste politidistrikta) og lokale statsorgan, som femner om ein kommune (t.d. likningskontor og trygdekontor).

Sei ifrå kva for ei utgåve du vil ha, når du bestiller plakaten.

I bok og på nett

Ordbøker på nettet

Bokmålsordboka og Nynorskordboka finn du her: http://www.dokpro.uio.no/ordboksoek.html

Du kan også gå inn frå nettsidene til Språkrådet: http://www.sprakrad.no

Nyttige ordlister

Språkrådet har vore med på å gi ut desse ordlistene, som du kan kjøpe i bokhandelen:

  • Bokmålsordlista. Oslo: Universitetsforlaget 1992. 397 s. ISBN 82-00 21573-3
  • Nynorskordlista. Oslo: Det Norske Samlaget 1996. 408 s. ISBN 82-521-4484-5

I tvil om kommareglane?

Har du tilgang til Internett, finn du dei viktigaste reglane her: http://www.sprakrad.no/

Ordtilfanget i nynorsk

Retningsliner for opptak av ord i nynorsk skal drøftast på årsmøtet i Språkrådet 2.–3. februar 1999. Språkrådet gir difor ut ei artikkelsamling om ymse spørsmål i samband med ordtilfanget, Artiklane er dels skrivne av språkforskarar som ser spørsmåla ut frå sin faglege ståstad, dels er dei skrivne av folk som har profesjonell røynsle med nynorsk ordtilfang frå arbeidet sitt. Også den organiserte målrørsla er representert i artikkelsamlinga. Heftet vi liggje føre rundt årsskiftet og kan bestillast direkte frå Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.07.2004 | Oppdatert:25.06.2015