Stadnamnnormering – ein kime til konfliktar

AV TERJE LARSEN

«Bitter navnestrid», «Nytt fjell i Alvdal», «Sint på endinga -a i Finnøya», «Heiste flagget for Filefjell», «Sirdøler protesterer iherdig mot navnevoldtekt av Rostøl». Dette er eit lite knippe avisoverskrifter som alle har det felles at dei viser til konfliktar om skrivemåten av stadnamn. Det «nye» fjellet i Alvdal var Tronden, der skrivemåten tidlegare hadde vore Tron. Då Filefjell vart vedteke som skrivemåte av namnet på den kjende fjellovergangen frå Austlandet til Vestlandet, markerte det slutten på ein mangeårig strid som lokalsamfunnet hadde ført mot Fillefjell(et). Dømet frå Sirdal er dagsaktuelt og gjeld ei sak som i skrivande stund ikkje er avslutta. I samband med vegskilting i Sirdal har spørsmålet om skrivemåten av bruksnamnet Rosstøl/Rostøl kome opp. Namnekonsulentane har tilrådd skrivemåten Rosstøl, og har grunngjeve det med at dialektuttalen er /¹råsstøl/, dvs. med kort vokal i førsteleddet. Eit viktig prinsipp i norsk rettskriving, og dermed i normering av stadnamn, er at kort vokal blir markert med etterfølgjande dobbel konsonant, noko som skulle tilseie to s-ar. Namnet er vidare samansett av gno. hross 'hest' og støl og har skriftforma Rosstøl både i den sist trykte matrikkelen (register over jordeigedomar med skatteskyld) og på kartblad 1312–2 Tonstad. (På kartet står namnet rett nok i bestemt form, men det synest det ikkje å vere talemålsgrunnlag for.) Framlegget frå namnekonsulentane har vore ute til høyring i kommunen, og rapportane fortel om sterkt lokalt engasjement for skrivemåten Rostøl. Dette kan eg på mange måtar forstå. Det er denne skrivemåten som har vore nytta lokalt og som ein derfor er van med å sjå i skrift, og det er også denne skrivemåten som er nytta som slektsnamn. Sjølv om det er eit viktig og prinsipielt skilje mellom slektsnamn og bruksnamn, er det likevel ikkje vanskeleg å skjønne at mange set likskapsteikn mellom gardsnamnet og slektsnamnet.

Saka frå Sirdal er illustrerande for slike namnekonfliktar. Det skal eg straks kome attende til, men først nokre ord om stadnamnrøkt og regelverk.

Stadnamnrøkt

Hundvåko, Hangur og Skriulaupen.
Underlige navn vi har i dette landet vårt,
liksom hogd ut av berget, rett og slett,
eller skåret ut av gamle trestubber.

---

Framrusthovdi, Uppnostindan', Tindulvstølane.
Det må ha bodd noen her før
som var mere kjente her enn vi er blitt,
og tok ordene rett ut av fjellveggen
og hogde dem til for oss som runer.
Holder det?

Stadnamna har fleire funksjonar. I desse strofene frå diktet Hundvåko av Rolf Jacobsen har forfattaren gripe fatt i éi viktig side, namna som kulturminne. Dei formidlar til oss eit mangesidig bilete av den innsikta eldre generasjonar fekk i samspelet mellom menneske og natur, og er såleis ei verdfull lokalhistorisk kjelde som utgjer ein viktig trivselsfaktor for menneska i eit lokalsamfunn. Stadnamna høyrer også med til språkarven, dei er ein del av dialektane og følgjer vanlegvis same lydutvikling som andre ord. Dei er difor ein sjølvsagd og umisteleg del av ordforrådet i lokalmiljøet, og blir som regel uttala i samsvar med talemålet der.

Men først og fremst er stadnamna adresser som hjelper oss med å orientere oss i omverda, og som vi nyttar når vi skal fortelje andre om kvar vi er eller bur, kvar vi skal eller har vore. På same måten som personnamn er nødvendige for å skilje personar frå kvarandre, er stadnamn nødvendige for å identifisere bestemte stader på ein eintydig og opplysande måte.

Stadnamnrøkt vil seie å ta vare på denne stadnamnarven, og kan karakteriserast som ei todelt oppgåve. Den eine går ut på å normere namna, slik at dei får ein tenleg skrivemåte på kart, skilt og i register. Den andre går ut på verne namna og utnytte dei som kulturminne, t.d. i samband med adressetildeling og anna namnsetjing.

Regelverk

Skrivemåten av stadnamn i offentleg bruk er regulert av lov om stadnamn frå 1990, ei lov som i desse dagar blir evaluert. Viktige punkt i lova er:

  1. Når ein skal fastsetje skrivemåten, skal ein ta utgangspunkt i den tradisjonelle lokale uttalen og følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp i norsk (og samisk. For finske namn i Nord-Noreg skal ein følgje rettskrivingsprinsippa i finsk).
  2. Før skrivemåten av eit namn blir fastsett, skal han vurderast både av namnefaglege konsulentar og av lokalsamfunnet.
  3. Dersom det oppstår tvist om ein fastsett skrivemåte, blir tvisten avgjord av ei offentleg oppnemnd klagenemnd.

Detaljerte reglar om skrivemåten er nærare presiserte i utfyllande forskrifter. For norske namn skal ein som hovudregel velje den hovud- eller sideforma i rettskrivinga (nynorsk eller bokmål) som høver best med den tradisjonelle dialektuttalen. Det vil seie at er dialektuttalen /²storvanne/, normerer ein til Storvannet, er uttalen /²storvatne/, skriv ein Storvatnet. Men det er opna for å bruke enkelte dialektformer, t.d. Håg(g)ån (for Hagen), Viga (for Vika) og Gvitåsen (for Kvitåsen). Det heiter likevel at ein i avveginga mellom ulike omsyn skal leggje vekt på nasjonal einskap i namneverket.

Når eit namn har fått fastsett skrivemåte etter reglane i lova, skal denne skrivemåten brukast av alle offentlege organ, t.d. på kart og skilt og i godkjenningspliktige lærebøker. Det gjeld også samiske og finske namn, som skal brukast saman med ei eventuell norsk namneform. Alle skriftformer som er endeleg fastsette, blir førte inn i Sentralt stadnamnregister ved Statens kartverk på Hønefoss.

Lova inneheld ikkje reglar for vern av stadnamn, t.d. at ein bør nytte eldre namn framfor yngre. Mange meiner at dette er ein mangel ved lovverket slik det er i dag, og som det bør rettast på, og dei viser m.a. til at dette spørsmålet no blir vurdert på høgt politisk hald i Sverige. Om ein kjem så langt her i landet, er det for tidleg å seie noko om, men dette er eit sentralt problem i stadnamnrøkta sett ut frå kulturverntanken. Det er funksjonaliteten som avgjer kva for namn som blir brukte i samfunnet, ikkje den kulturhistoriske verdien. Sjølv om gamle namn også kan fungere i eit moderne samfunn, kan ein ikkje utan vidare byte ut nye namn som er i allmenn bruk med gamle namn som er lite kjende.

Jamvel om kulturaspektet ikkje er nemnt eksplisitt i sjølve lovteksten, syner likevel forarbeida til lova at vernetanken var viktig. Namnevernet kan vere musealt eller funksjonelt. Det museale namnevernet går ut på å drive systematisk innsamling av namn og byggje opp namnesamlingar. Slike samlingar finn vi ved universiteta og nokre av høgskulane, men no er også fleire kommunar i ferd med å byggje opp lokale namnesamlingar. Det er likevel viktig å understreke at mykje innsamlingsarbeid står att. Eit funksjonelt namnevern inneber at ein utnyttar dette innsamla namnetilfanget, t.d. i adressenamn og i namn på bustadfelt og som grunnlag for namnsetjinga på kart. Det bør vere ein grunnregel at ein ved slik namngjeving av nye objekt tek utgangspunkt i det eksisterande namnetilfanget på staden anten ved å bruke tradisjonelle namn uendra eller ved å leggje til ulike etterledd. Dersom ein må lage nye namn, bør ein følgje det lokale namnesystemet, slik det kjem til uttrykk i ordtilfang og grammatiske tilhøve. I motsetnad til dei fleste andre historiske minnesmerke er stadnamna funksjonelle også i eit moderne samfunn.

På denne måten kan gamle namn bli flytte frå dei opphavlege namneobjekta og få nye funksjonar. Dette er ikkje noko nytt prinsipp, tvert om har det vore vanleg at t.d. eit elvenamn har vorte teke i bruk som namn på ein gard som ligg ved elva. Spørsmålet blir: Kor langt kan vi flytte eit namn? Det seier lova heller ikkje noko om, og vi har i det siste hatt fleire tilfelle der personar i lokalsamfunnet har reagert på at eit namn er brukt langt unna der det opphavleg høyrer heime. Eit døme frå Kragerø i Telemark er namna Portør brygge og Portør senter, som vart tekne i bruk i Finnsbudalen 2,5 km sørvest for Portør. Det som skil ei slik moderne namneoverføring frå den tradisjonelle overføringa, er at det verkar som om ho er resultatet av ei planmessig namngjeving, der praktiske, økonomiske eller estetiske omsyn ofte ligg til grunn. I dømet frå Kragerø tok kommunen til slutt omsyn til protestane og vedtok å gje senteret namnet Haslumkilen Havn.

Rosstøl eller Rostøl?

Så attende til konflikten om skrivemåten av bruksnamnet Rosstøl/Rostøl i Sirdal. Kva som blir offisiell skrivemåte av dette namnet, veit vi førebels ikkje. Namnekonsulentane har altså tilrådd Rosstøl og vist til hovudreglane i lov om stadnamn. Lokalsamfunnet ønskjer Rostøl fordi denne skrivemåten har vore nytta mest lokalt, og det skal leggjast vekt på dette ønsket. Saka illustrerer såleis kor vanskeleg det kan vere å sameine ønsket om eit einskapleg namneverk med eit sterkt lokalt engasjement. Dette heng m.a. saman med spørsmålet om eigedomsretten til namna: Kven «eig» stadnamna og skal såleis bestemme korleis dei skal skrivast? Eit vanleg syn er at namna er ein lokal eller til og med privat eigedom, og skriftformer som er brukte og ønskte lokalt, blir sedde på som dei «rette». Slike ønskte former kan vere ei innarbeidd lokal skriftform, som i denne saka, men ofte òg ei rein dialektform, som Litjtjønna for Litl(e)tjønna.

Mot dette står synet på namna som eit felleseige som når ut over det lokale. Dei som hevdar dette synet, meiner at namna bør skrivast mest mogleg i samsvar med vanleg rettskriving, slik at folk flest ikkje har vanskar med skrivemåte og uttale, og at skriftforma ikkje må skyggje for meiningsinnhaldet. Det er denne tanken som i hovudsak er nedfelt i lov om stadnamn.

Saka syner også at det ikkje er semje om kva ein meiner med namn som kulturminne. Frå ein kulturvernsynsstad har ein tradisjonelt sett på den munnlege forma som det eigentlege kulturminnet, medan den skriftlege forma ikkje har hatt same status. Men som Peter Hallaråker peiker på, er det eit historisk faktum at frå den dagen norske stadnamn vart skriftfeste, vart dei ein viktig del av vår felles skrifttradisjon. I folks augo fekk denne skrifttradisjonen høg prestisje, ikkje minst fordi dei namna som vart først skriftfeste, var namn på grunnleggjande sosiale einingar i samfunnet, t.d. slektsgardane. Mange gardsnamn kan ha skriftformer som er fleire hundre år gamle, og dei er gjerne sterkt knytte til slekta. Rører ein ved den skrivemåten ein er van med å sjå, rører ein også noko med slektsidentiteten.

Kven avgjer så skrivemåten av stadnamn i offentleg bruk? Her skil stadnamnnormering seg frå anna offentleg skriftnormering. I saka Rosstøl/Rostøl er det Statens kartverk som har vedtaksmynde, medan det i andre saker kan vere eit anna offentleg organ, t.d. ein kommune når det gjeld gatenamn og tettstadnamn, Statens vegvesen når det gjeld namn på bruer og tunnelar langs riksvegar, eller Posten Noreg når det gjeld namn på postkontor. Vedtaksretten er altså spreidd på fleire organ. Men det er meir som skil. Før skrivemåten blir fastsett, skal saka gjennom ein demokratisk prosess, der ulike partar har rett til å uttale seg. Det er dessutan mogleg å klage på eit vedtak, slik at saka til slutt kan ende i klagenemnda for stadnamnsaker for endeleg avgjerd.

Litteratur:

  • Peter Hallaråker 1997: Innføring i stadnamn. Innsamling og gransking. Oslo: Universitetsforlaget
  • Botolv Helleland 1994a: Stadnamnrøkt i Noreg. I: Ortnamn värda att vårda. [Stockholm]
  • Botolv Helleland 1994b: Vern av stadnamn. I: Nytt om namn. Nr. 20/1994
  • Tor Erik Jenstad 1996: Rett namn på rett stad. Korleis få gode planleggjarnamn. I: Kommunale tema 2/96. Utgjevarar: Kommunal Opplæring Møre og Romsdal

 

-- Terje Larsen er sekretær for namnekonsulenttenesta for Austlandet og Agder-fylka.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:18.11.2003 | Oppdatert:25.06.2015