Om dialektane våre

AV KJELL VENÅS

Boka Dei norske dialektane kom i fjor. Emnet blir nærare avgrensa i ein undertittel Tradisjonelle særdrag i jamføring med skriftmåla.

Oversynsbøker

Det var Ivar Aasen som la grunnlaget for kunnskapen om dialektane i Noreg. Som del av grammatikkane sine skreiv han om inndeling av dialektane, men inga eiga bok om emnet. I det store verket Norske bygdemaal tok etterfølgjaren Hans Ross for seg kvart dialektområde i særskilde kapittel, men gav ikkje noko samlande oversyn. Johan Storm laga lydskrift for dialektane. Den fyrste boka i denne sjangeren var Oversigt over de norske bygdemål av Amund B. Larsen, som kom i 1897. I 1946–48 gav Hallfrid Christiansen ut Norske dialekter, og i 1951 kom Nynorsken i sine målføre av Sigurd Kolsrud. Dei siste tiåra har det kome fleire bøker av denne typen, med kvar sine særmerke. Det var nok ein slump at boka av Skjekkeland kom i fjor, men ser ut som ein tanke fordi det var nett hundre år sidan den fyrste oversynsboka om dialektane våre.

Boka og bokskrivaren

For tjue år sidan gav forfattaren av den nye boka sjølv ut ei mindre bok med tittelen Målføre og skriftmål i ei «Førebels utgåve». I fagmiljøet er det kjent at han ikkje lenge etterpå hadde ferdig eit større manuskript. Boka frå 1977 er ikkje nemnd i den nye. Men emnet er det same, og ho må i alle fall ha tent som førearbeid. Det særskilde med båe bøkene er det undertittelen seier om at dialektane er sedde i høve til skriftmåla. Det gjer at normeringshistorie er ein del av framstellinga.

Martin Skjekkeland er dosent i norsk språk ved Høgskulen på Agder. Presentasjonen på baksida av bandet fortel at han har lang røynsle som lærar i morsmålet på ymse nivå av høgare utdaning. For universitets- og høgskulefolk i faget norsk og nordisk er han eit velkjent namn. I boka er det ikkje opplyst når han er fødd, men årstalet er altså 1943.

Dei seks bolkane

Boka har seks delar. Fyrst er det ei innleiing om dialektgransking, om lydskrifta og om endringar i talemålet dei siste tiåra. Bolken sluttar med eit stutt kapittel om bymåla våre, der vi får vita noko om utgranskinga av dei før og no. Bymåla er lite med som særskilde objekt i framstellinga vidare, men det er peikt på at ein kan sjå «det folkelege bymålet» saman med bygdemåla kring byane, og at det har eit lag til å verke inn på bygdemåla og såleis breie seg.

Den andre bolken er den største. «Fonologi (lydverk)», tek 104 av dei 226 tekstsidene. Han har tre delar, den fyrste om stavingar, trykk, tonelag og kvantitet, så ein del om vokalar og ein om konsonantar. Dette er historisk språkvitskap. Utgangspunktet er «norrønt», som er ei sams nemning for gammalnorsk og gammalislandsk. Det er her tale om språkbygnad, og dét fanst i norsk like fullt som i islandsk, så eigenleg kunne ein ha kalla det gammalnorsk. Men lærebøkene gjeld norrønt, og då er det likevel rettast med den sams nemninga. I vokaldelen blir det gjort greie for velkjende emne i norsk dialektkunnskap: opning og lågning av vokalar, diftongforenkling, jamvektsregelen, apokope, jamning og meir. I konsonantdelen er det om uttale av /r/, tjukk l og andre tjukke lydar, og om mange slags lydovergangar: bortfall, at lydar blir like og ulike, eller kjem til, og anna. Det er mange døme av kvart slag, og Skjekkeland gjer nøye greie for alt, med referat frå granskingssoga og synspunkt av andre. Han trør varsamt og har aldri sterke eller avvikande meiningar. Ein kjenner seg heile tida på trygg grunn, men kunne kan hende ha ynskt at han sjølv hadde teke meir avgjort stode på somme punkt der han nemner meiningsskilnader.

Den tredje bolken, 66 sider om «Morfologi (formverk)», tek for seg ordklassene substantiv, pronomen, adjektiv og verb. Bolken opnar med ein klassikar: bunden form av sterke hokjønnsord i eintal, at det heiter bygdi ein stad og bygde, bygda, bygdo og anna andre stader, korleis skilnadene kan forklarast, og kva vanskar og oppgåver denne bøyingsgruppa har skapt for dei som normerte skriftmåla. Ho er på ulik vis aktuell både for nynorsk og bokmål. Det meste av delen om substantiv går elles til å gjera greie for endingane i ubunden form fleirtal i målføra, lagnaden åt dei gammalnorske substantivendingane -ar, -ir og -ur. Det er gjort omhugsamt greie for utbreiing og former og funksjon av dativ. Ved ordklassa verb er det skjematiske oversyn over bøyingsformer.

Den fjerde bolken heiter «Utviklingstendensar – ei oppsummering». På mindre enn seks sider kjem det med mange opplysningar om drag ved dialektvoksteren i det siste.

Den femte bolken er om inndelinga av dialektane. Skjekkeland følgjer den gamle og vel innkøyrde måten, der det er to hovudområde, austnorsk og vestnorsk. Etter det viktige kjennemerket jamvekt blir trøndsk slegen saman med austlandsk under austnorsk, og nordnorsk er ein del av vestnorsk. Skjekkeland gjer greie for korleis Hallfrid Christiansen la imot denne tradisjonen med å setja opp fire hovudområde: austnorsk, vestnorsk, trøndsk og nordnorsk. Han gjev også brei plass til dei som sist har tala for den same firdelinga.

I den sjette bolken nyttar Skjekkeland sjølv ut inndelinga han drøfte i bolken føreåt. Det er éi overskrift: «Austnorsk- vestnorsk» og to delar: «Målgreiner innanfor austnorsk» og «Målgreiner innanfor vestnorsk». Han følgjer såleis tradisjonen i sin eigen praksis. Kor urimeleg særleg éit utslag av den kan verke, spring sterkt i augo når ein ser at «Nordnorske mål» kjem på same inndelingssteg som «Målet i Bergen».

Samlande om boka

Dei norske dialektane er ei stor bok, velflidd og tiltalande på mange måtar. Ei slik systematisk jamføring av dialektane med skriftmåla finst ikkje i dei andre bøkene av same slaget. I ein eigen del etter teksta er det teke med 27 målgeografiske kart med fargar i ymse sjatteringar av grått og grønt. Boka sluttar med eit emneregister, som skulle gjera det lett å finne fram til det ein er oppteken av.

Martin Skjekkeland har store kunnskapar om emnet sitt. Han har lese vidt og breitt i faglitteraturen og nyttar lesnaden ut på ein god måte. Boka er greitt disponert og er skriven enkelt og lettskjøneleg. Det praktiske føremålet, omsynet til lesaren, har vore overordna. Forfattaren kjenner og nyttar ut mykje språkvitskapleg teori, men dyrkar ikkje teori eller teoriar. Pedagogisk er boka god, ho vil vera lett å lære av.

Stoffet vil likevel ikkje gli lett inn for kven som helst. Lesaren må ha eit visst kunnskapsnivå og ein viss bakgrunn for å skjøna fagnemningar og ymist stoff. Om ein jamfører med Norske dialekter av Hallfrid Christiansen, så gjev den boka både ei innføring i språkvitskap og eit kurs i gammalnorsk. Skjekkeland går ut frå at lesaren har slike kunnskapar. Det står på omslaget at boka er meint som lærebok eller hjelpebok i målførekunnskap og språkhistorie for studentar ved universitet og høgskular, og at ho kan vera oppslagsbok for særskilt interesserte. Men framstellinga er så brei at heile teksta snautt kan vera pensum for noko steg under hovudfag. Nokre gonger kjem det med merknader om syntaks, men ikkje mykje.

Dei norske dialektane framsteller nedervd kunnskap om tilstanden i målføra; «tradisjon» og «tradisjonell» er nøkkelord. Det kjem nok med mange merknader om nyvokster, men tilstanden i dag som tilværeproblem og målgrenseproblem får vi ikkje heilt inn over oss. Grenser på karta, isoglossane, er slik dei var ein gong. Det ligg nær å spørja kor langt vi kan jamføre med ei bok av Bengt Pamp om svenske dialektar frå 1978: Ho presenterar «... de genuina svenska dialekterna sådana de var innan folkomflyttningar och massmedia børjat likrikta dem».

Denne meldinga skal vera ei vareopplysning. Spalteplassen er for liten til at ein kan gå inn på nokon fagleg diskusjon. Hadde det vore høve til det, måtte også kritiske merknader ha kome med. Same kor dugande og kunnskapsrik bokskrivaren er, ville det vera somt å seia om mistak i detaljar, om uheldig vektlegging eller om språkleg utforming – for å nemne noko. Det kunne likevel ikkje veikje inntrykket av at dette må vera ei god lærebok og hjelpebok.

Martin Skjekkeland:
Dei norske dialektane.
Oslo. 283 sider.

 

-- Kjell Venås har vori professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:18.11.2003 | Oppdatert:24.06.2015