Mållova – status og tiltak

AV JON GREPSTAD

Da lov om målbruk i statstenesta frå 1930 vart avløyst av den nye lova om målbruk i offentleg teneste i 1980, skreiv departementet i proposisjonen til lovutkastet: «[...] nynorsk blir nytta i langt mindre grad i statstenesta enn det som har vore føresetnaden.»

I dag, 18 år seinare, kan det same seiast. I siste stortingsmeldinga om målbruk i offentleg teneste, St.meld. nr. 13 (1997–98), oppsummerer departementet: «[...] berre eit lite fåtal av alle sentrale statsorgan oppfyller det lovheimla minstekravet til bruk av nynorsk i den samla produksjonen av utoverretta informasjonstilfang [...].»

I denne artikkelen skal vi peike på nokre nødvendige føresetnader for at mållova skal bli etterlevd. Først eit samandrag av dei viktigaste reglane som gjeld i dag.

Mållova kort sagt

Mållova skil mellom sentrale, regionale og lokale statsorgan. Sentrale statsorgan har heile landet som tenestekrins (t.d. departement, direktorat, universitet og statlege høgskular). Regionale statsorgan har fleire kommunar som tenestekrins (t.d. vegkontor, fylkesarbeidskontor og politikammer). Lokale statsorgan har ein kommune som tenestekrins (t.d. likningskontor og trygdekontor).

Dei viktigaste mållovsreglane for sentrale statsorgan kan oppsummerast slik:

  1. Statsorgan med heile landet som tenestekrins skal syte for at rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l. vekslar mellom målformene slik at ingen av dei to målformene er representert med mindre enn 25 %.
  2. Tilfang med særleg tilknyting til eit geografisk avgrensa område skal vere i fleirtalsmålforma for området, og tilfang med særleg tilknyting til ein kommune skal vere i den målforma kommunen har gjort vedtak om å krevje frå statsorgan.
  3. Skjema skal liggje føre på begge målformer.
  4. Private rettssubjekt, dvs. alle andre enn offentlege organ, skal ha svar frå eit statsorgan i den målforma dei sjølv har nytta i brevet til statsorganet.
  5. Private rettssubjekt kan krevje ei bestemt målform i alle løyve, faste formular o.l. som gjeld dei sjølve.
  6. Statsorgana har plikt til å syte for at dei tilsette innan rimeleg tid får opplæring i bokmål og nynorsk.
  7. Tilsette i embete eller statstenestepost der skriftleg utforming er ein del av tenesta, pliktar å nytte bokmål og nynorsk etter dei reglane som til kvar tid gjeld for målbruk i statstenesta.

165 kommunar har kravd bokmål i skriv frå statsorgan, 116 har kravd nynorsk, og 154 er nøytrale. Nynorsk er fleirtalsmålform i fire fylke: Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Bokmål er fleirtalsmålform i ni fylke: Østfold, Akershus, Hedmark, Oppland, Buskerud, Vestfold, Vest-Agder, Nordland, Finnmark. Dei andre fylka er nøytrale, dvs. anten er over halvparten av kommunane nøytrale, eller like mange kommunar har kravd bokmål som nynorsk.

Det er Kulturdepartementet som administrerer mållova. Når det gjeld statsorgan under departementsnivå, har departementet delegert tilsyns- og informasjonsoppgåver til Norsk språkråd frå og med 1994.

Situasjonen i dag

Situasjonen kan oppsummerast slik: Eit fåtal av dei sentrale statsorgana oppfyller krava i mållova når det gjeld veksling mellom bokmål og nynorsk, likevel finst det ikkje sanksjonsrådgjerder knytte til lova. Mange statsorgan manglar kompetanse i nynorsk, men dei færraste av dei syter for å skaffe seg kompetansen. Det blir nytta meir ressursar enn før til tilsyn med mållova, men ressursane er framleis for knappe. Målstyring og verksemdsplanlegging vart innført i staten rundt 1990, men få statsorgan har innarbeidd tiltak i verksemdsplanar og informasjonsplanar.

Ser ein på stortingsdokument, var det i 1996 tre departement som oppfylte kravet om minst 25 % nynorsk rekna etter sidetal. Rekna etter talet på dokument oppfylte sju departement kravet. I 1992 var dei tilsvarande tala respektive to og tre. Når det gjeld pressemeldingar, rundskriv, brosjyrar, kunngjeringar, stillingsannonsar o.l. rekna under eitt, oppfylte seks departement kravet om minst 25 % nynorsk i 1996. I 1992 var det ingen av departementa som oppfylte kravet.

Situasjonen er enda dårlegare når det gjeld sentrale statsorgan under departementsnivå. I 1996 var det berre 17 av 146 statsorgan som oppfylte kravet om minst 25 % nynorsk i rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l., dvs. 12 % av statsorgana. I 1995 var det berre ti av desse statsorgana som oppfylte kravet. Resultata må sjåast på bakgrunn av at tilsynet med desse statsorgana i lengre tid har vore svært veikt.

Ei kartlegging Norsk språkråd gjorde i 1994, viste elles at ein tredel av statsorgana under departementsnivå meiner dei har for dårleg kompetanse i nynorsk. Likevel var det berre vel 10 % av desse statsorgana som hadde sytt for at tilsette fekk opplæring i nynorsk i perioden 1992–94. Berre 7 % hadde i 1994 innarbeidd planar for opplæring i nynorsk i ein verksemdsplan eller opplæringsplan. Stikkprøver Kulturdepartementet seinare har gjort, tyder på at tre firedelar av dei tilsette i departementa sjølve meiner dei er usikre i nynorsk.

Innsending av målrapportar går ofte seint. I fire år har Språkrådet innhenta årlege målbruksrapportar frå rundt 200 statsorgan. Frå og med 1997 har rapportskjema vore sende ut ved byrjinga av rapportåret slik at statsorgana til kvar tid skal kunne ha oversyn over sin eigen praksis. Dermed skulle skjemaa lettare vere eit styringsinstrument for statsorgana. Trass i at statsorgana får skjema på førehand, og trass i at dei får påminning om innsendingsfristen, er det berre rundt 35–40 % av institusjonane som leverer rapport i tide. Per 1. mars 1998 – ein månad etter rapportfristen – har berre 94 av 197 statsorgan levert rapport.

Tiltak

Tilsynet med mållova har vore styrkt dei siste åra. Kulturdepartementet har lagt ned eit ikkje lite arbeid og har teke fleire viktige initiativ. I 1994 fekk såleis Norsk språkråd ei ny stilling der ein del av arbeidsområdet er tilsyns- og informasjonsoppgåver i samband med lova. Eitt resultat er at det no finst langt betre data om praksisen i statsorgana, og dermed eit betre grunnlag for å setje i gang tiltak. Til no har arbeidet fokusert på dei sentrale statsorgana.

Det er minst fire vilkår som må oppfyllast for at mållova skal bli etterlevd: (1) statsorgana må etablere enkle og konkrete rutinar, (2) nynorskkompetansen i statsorgana må betrast, (3) leiinga i statsorgana må ta ansvaret sitt alvorleg, (4) det trengst sanksjonsrådgjerder.

Rutinar: For at sentrale statsorgan skal kunne oppfylle kravet om veksling mellom bokmål og nynorsk, må dei etablere enkle og konkrete rutinar. Arbeidet med å få etablert rutinar står difor sentralt både i departementet og Språkrådet sitt arbeid. Språkrådet rår til at sentrale statsorgan som nyttar mest bokmål, mellom anna etablerer som rutine at tredjekvar pressemelding, tredjekvart rundskriv, tredjekvar stillingslysing og tredjekvar brosjyre blir laga på nynorsk. I St.meld. nr. 13 (1997–98) kunngjer departementet at det vil vurdere å ta inn i forskrifta eit påbod om at statsorgana skal etablere rutinar, og at det vil bli utarbeidd retningslinjer for slike rutinar.

Opplæring i nynorsk: Etablering av rutinar for veksling mellom bokmål og nynorsk vil auke etterspurnaden etter ekstraopplæring i nynorsk. Dei siste åra har tilbodet om nynorskkurs i staten vore svakt, trass i at fleirtalet i stortingskomiteen i innstillinga til førre mållovsmeldinga (Innst. S. nr. 17, 1992–93) uttalte at «det bør lagast eigne prioriterte opplæringsplanar for dei ulike kontor, der ein gjev tilbod om opplæring i forvaltningsspråk generelt og nynorsk spesielt». I St.meld. nr. 13 (1997–98) legg Kulturdepartementet opp til at «arbeidet med tilleggsopplæring i norsk i statsforvaltninga, særleg i nynorsk, bør gripast an på ein ny måte». Departementet vil vurdere å «opprette ei ny stilling som opplæringsleiar i Norsk språkråd, slik at Språkrådet får det operative ansvaret for å organisere fleksible opplæringstilbod som kan tilpassast dei ulike behova rundt i statsadministrasjonen». Sidan dette er ei administrativ stilling, som fyller monaleg mindre enn eit årsverk, bør det òg leggjast andre tilsynsoppgåver til stillinga, slik at dei samla ressursane til tilsynsarbeidet for ei tid framover blir auka.

Plassering av ansvar: I mange større institusjonar blir mållovsspørsmåla behandla på eit for lågt nivå. Leiinga for institusjonane tek ikkje for alvor tak i spørsmåla, trass i at det er leiinga som i siste instans står ansvarleg for at reglane blir følgde. Etablering av rutinar inneber at leiinga må gi instruks om at rutinane skal følgjast i institusjonen. Det er også den øvste leiinga som må konfronterast med brota på lova.

Sanksjonar: For å føre tilsyn med mållova trengst det sanksjonar. Sanksjonar ser ut til å vere nødvendige både for å få inn rapportar i rett tid, og i samband med brot på mållova. Kva sanksjonar som er aktuelle, må vurderast nærmare.

Sluttord

Mållovspraksisen i departementa er avgjerande for praksisen i andre organ og for statusen til mållova. Når departement år etter år bryt mållova, blir lova undergraven. Det er 11 år sidan regelen om veksling mellom bokmål og nynorsk vart knytt til eit minstekrav om 25 % av kvar målform over tid. Likevel er det langt under halvparten av departementa som oppfyller kravet.

Både når det gjeld departementa og andre sentrale statsorgan, burde det vere mogleg gjennom nokre få års målretta innsats frå Kulturdepartementet og Språkrådet å syte for at dei sentrale statsorgana som regel følgjer mållova. Men det krev meir ressursar enn i dag, og det krev verkemiddel for å handheve lova.

 

-- Jon Grepstad er informasjonskonsulent i Norsk språkråd.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:18.11.2003 | Oppdatert:24.06.2015