Grammatikkbiten – refleksiv

Ein gong på seinhausten i fjor kom Dagsnytt i radioen med denne meldinga: En finsk biskop har bedt den finske statsministeren om å gifte seg med samboeren sin. For nokon kan dette kanskje verka noko vel frilyndt, til og med etter finske forhold. Og etter ei stund kom det melding om at den finske statsministeren rett nok hadde gifta seg, men da med sin eigen sambuar. Det som gjer at ein i det heile kan gjera seg morosam på biskopens og statsministerens kostnad, er at sin er eit refleksivt ord, og hovudregelen er at refleksivar skal visa til subjektet i setninga, altså biskopen i dette tilfellet.

Men helst skulle jo sin visa til statsministeren, og det skal heller ikkje meir enn ein vanleg porsjon velvilje til for å få fram den tolkinga. Men korleis kan vi få det til, når den finske statsministeren faktisk står som objekt til bedt, og altså slett ikkje er subjekt? Forklaringa er at vi i dette eksempelet også har eit «usynleg» subjekt, nemleg det underforståtte subjektet for gifte seg. I grammatikken som i andre vitskapar har vi ofte behov for å omtala usynlege eller abstrakte einingar, og da må vi gje dei eit namn. Det usynlege subjektet for infinitiven har ein del eigenskapar felles med eit pronomen, derfor blir det gjerne symbolisert med PRO. Det kan m.a. få sitt innhald eller referanse frå eit ledd i oversetninga: Petter håpar at han vinn; Petter håpar å PRO vinne (dvs. at Petter vinn). Dette usynlege PRO kan også vera antesedent for eit refleksiv, som andre subjekt, jamfør Karl(i) mista bamsen sin(i). Her er Karl subjekt i setninga, og det er ingen tvil om at det er Karls eigen bamse det er tale om. (Dette forholdet markerer vi med eit indeksteikn, i.) [I nettutgåva har vi vore nøydde til å skrive indeksteiknet som (i). Red. merk.] Eit refleksivt ord som står i ei infinitivssetning, viser da til det usynlige subjektet, som igjen får sitt innhald frå oversetninga. Eg bad Karl(i) om å PRO(i) henta bamsen sini. Lat oss prøva dette på vårt opphavlege eksempel: En finsk biskop har bedt den finske statsministeren(i) om å PRO(i) gifte seg med samboeren sin(i). (Legg merke til at det andre refleksivordet i infinitivssetninga, seg, også viser til statsministeren via PRO.)

Men kva er så grunnlaget for den moglege misforståinga? Jau, refleksiven har så å seia valet mellom å henta referansen hos sitt eige subjekt (PRO = statsministeren) eller hos subjektet i oversetninga (biskopen). Derfor får vi liknande tvitydingar i setningar som Han bad henne leggja seg i senga si og Han bad henne klø seg på ryggen. For mange nordmenn vil begge tydingane vera like nærliggjande, for andre vil den eine tolkinga vera meir framtredande enn den andre. Truleg finst det òg dialektskilnader her. For språkvitskapen er det ikkje så interessant kva som er rett eller gali i slike tilfellet, men kva for moglege tolkingar som finst, og korleis dei kan forklarast.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:08.08.2004 | Oppdatert:24.06.2015