Ny læreboknormal for nynorsk

AV JAN TERJE FAARLUND

På årsmøtet i Norsk språkråd i februar 1997 vedtok nynorskseksjonen nye prinsipp for normeringa av nynorsk:

  1. Nynorsknormalen skal ha ein trong læreboknormal, men ei rettskriving med stor valfridom.
  2. Det skal ikkje vera valfridom innafor læreboknormalen utanom på dei mest sentrale punkta der det er både skrifttradisjon for valfridom og svært god talemålsdekning for to hovudformer.
  3. Hovudgrunnlaget for val av lærebokformer skal vera den nynorske skrifttradisjonen. Ein skal leggja vekt på utbreiinga i målføra og den indre bygnaden i skriftmålet.
  4. Innafor rettskrivinga kan ein opna for utbreidde talemålsformer. Eit minstekrav til nye former i rettskrivinga er at dei representerer det dominerande dialektsystemet i minst éin av dei fire landsdelane (dvs. Austlandet, Vestlandet, Trøndelag og Nord-Noreg).
  5. Normeringsvedtak skal i størst mogleg grad gjelda klassar av ord eller former. Ved endringar i rettskrivinga skal ein unngå å skipla grunnleggjande systemdrag i skriftmålet.

På same årsmøtet fekk nynorskdelen i fagnemnda i oppgåve å gå gjennom nynorsknorma for å sjå korleis ho kan regulerast betre i samsvar med desse prinsippa. Fagnemnda fekk i oppdrag å laga utkast til ein ny læreboknormal for nynorsk med færre jamstilte former enn normalen har i dag.

Bakgrunnen for dette arbeidet er eit ønske om å gje nynorsken ei fastare norm, og dermed nynorskbrukarar ei støare kjensle av kva som er rett og gale i rettskrivinga. I dag er situasjonen den at ein tredjedel av dei som har nynorsk i grunnskolen, skiftar målform seinare i livet. Det er lett å peika på ytre, politiske og samfunnsmessige årsaker til dette. Det viktigaste er vel presset frå bokmålet, men ein del av forklaringa ligg nok i nynorsken sjølv. Når ein spør folk korfor dei har skifta frå nynorsk til bokmål, får ein ofte til svar at det er så lett å gjera feil i nynorsk. Og det er fyrst og fremst den store valfridommen i nynorsk som gjer det vanskeleg å skriva «rett». Valfridommen i bokmål er minst like stor, men den faktiske språkbruken er mye meir konsekvent fordi ei mengd tillatne bokmålsformer så å seia aldri kjem til syne på trykk. Dei store avisene, vekeblada og forlaga styrer såleis bokmålet inn i ei fast norm, slik at bokmålsbrukarar får eit einskapleg skriftbilete å halda seg til. Nynorskbrukarane derimot ser same ord skrive eller bøygt på nye måtar stadig vekk, og eit fast skriftbilete får ikkje festa seg. Språkrådet meiner derfor at det vil vera ein stor føremon for nynorsken om norma vart snevra inn.

Plan for arbeidet

Utkastet til ny læreboknormal skal leggjast fram for årsmøtet i Språkrådet i år 2000, men vi er pålagde å halda rådet orientert om arbeidet frå år til år. Sia førre årsmøtet har så nynorsksdelen i fagnemnda arbeidt jamt og systematisk med å gå gjennom læreboknormalen for nynorsk. Vi har vedteke ein plan for arbeidet fram til år 2000. Etter den planen skal vi ta føre oss dei einskilde grammatiske kategoriane etter tur, og så grupper av ord med valfri skrivemåte til slutt. Det er eit grunnleggjande prinsipp for dette arbeidet at vi i størst mogleg grad skal behandla grupper av ord, ikkje enkeltord kvar for seg. I 1997 har vi gått gjennom substantivbøyinga, og vi har så vidt byrja på verbbøyinga. I 1998 skal vi gå gjennom resten av verbbøyinga og dessutan adjektiv og pronomen. I 1999 kjem turen til ordgrupper med varierande staving, så som enkel eller dobbel konsonant (koma/komma), diftong eller monoftong (høyra/høra og vokalskifte som i vita/veta o.l. Det problematiske spørsmålet om genus for substantiv som no har valfritt genus, vil eventuelt bli teke opp til slutt.

Arbeidet føregår på den måten at vi ser på ein og ein bøyingstype der det i dag er to eller fleire jamstilte former i læreboknormalen (hovudformer). Her drøftar vi om nokre av desse formene kan takast ut or læreboknormalen, slik at berre ei hovudform blir ståande att. Såleis har til dømes fleirtalsformer som menner og sko vorte tekne ut, slik at kvart av desse orda får berre ei fleirtalsform i læreboknormalen: menn og skor (med fleirtalsforma sko som klammeform).

Grunnleggjande prinsipp

Vi meiner det er viktig å halda på det som trass alt finst av godt innarbeidde mønster og stabilitet i norma. Derfor har vi hatt som utgangspunkt at ingen nye former skal førast inn i læreboknormalen. Det som eventuelt blir ståande att som eineform, skal i prinsippet vera ei form som alt finst i læreboknormalen, og som er i utbreidd bruk. Dersom to eller fleire jamstilte former kan seiast å vera like vanlege, tek vi omsyn til systemet i grammatikken. Såleis blir fleirtalsforma born teken ut or læreboknormalen slik at den regelrette forma barn blir ståande att, og auge, hjarte, øyre får same bøying som eple og andre inkjekjønnsord på -e . Men dette omsynet til systematikken er underordna omsynet til språkbruken. Vi tek ikkje ut den vanlegaste forma jamvel om ho representerer eit unntak frå ein grammatisk hovudregel. Fleirtalsforma feilar er i samsvar med hovudregelen for bøying av hankjønnsord, men ho er så pass sjeldan i skrift at ho bør vika for den uregelrette forma feil.

Somme av dei formene som blir tekne ut or læreboknormalen på denne måten, er likevel så pass vanlege at dei ikkje bør fjernast heilt frå rettskrivinga. Dei blir da gjorde til klammeformer. Dette gjeld m.a. dei tradisjonelle formene auga – augo og born, medan vi foreslår å ta fleirtalsformer som miler (av mil) og menner heilt ut or rettskrivinga.

Nødvendig opprydding

Eit område der vi særleg meiner det er behov for ei opprydding, gjeld bøyinga av inkjekjønnsord på -um. Her opererer nynorsknormalen i dag med fire ulike bøyingsklasser (her illustrert med eitt eksempel frå kvar):

  1. album – albumet – album – albuma
  2. monstrum – monstrumet (monstret) – monstrum – monstruma
  3. pensum – pensumet – pensum (pensa) – pensuma (pensa /pensaa)
  4. nøytrum – nøytrumet (nøytret) – nøytrum (nøytra) – nøytruma (nøytra/nøytraa)

Formene i parentes er noverande jamstilte former som fagnemnda føreslår å fjerna frå læreboknormalen. Etter dette framlegget blir no desse orda bøygde likt og i samsvar med hovudmønsteret for inkjekjønnsord. Nokre ord får ubunde fleirtal på -a som klammeform: fleire fakta.

Eit anna sett med unødvendig kompliserte og uoverskodelege reglar gjeld samandraging av trykklett staving i inkjekjønnsord. I eintal gjeld det no ulike reglar for dei ulike endingane. Ved ord som endar på -el, er samandraging som hovudregel valfritt, es(e)let, men fløyel, svovel, kvartel har obligatorisk full form. Ved ord som endar på -en, er det obligatorisk full form, lakenet. Ved ord som endar på -er, er det eit svært komplisert system, der somme ord har obligatorisk full form, somme valfri full form eller samandraging. Vi føreslår å fjerna dei valfrie samandregne formene i dei orda som har slik valfridom (ikkje alle har det), slik at desse inkjekjønnsorda rett og slett ikkje kan få samandraging i bunden form eintal.

Ønskeleg med debatt

Dette er nokre få døme på dei forenklande framlegga vi gjer, men det er opp til årsmøtet i Språkrådet i år 2000 å gjera endelege vedtak. Vi vonar det vil bli ein konstruktiv debatt på det møtet. Men hovudlinjene og prinsippa bak desse framlegga bør også bli gjenstand for debatt i Språkrådet, i målrørsla og blant nynorskbrukarar elles fram til årsmøtet i år 2000.

 

-- Jan Terje Faarlund er professor i nordisk språkvitenskap ved Universitetet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:18.11.2003 | Oppdatert:24.06.2015