Namneskiftet Kristiania–Oslo – nokre folkeetymologiske forsøk på å forklåra namnet Oslo

AV ÅSE WETÅS

4. juli 1924 vedtok Stortinget lov om navnebytte for byen Kristiania. Med verknad frå 1. januar 1925 skulle den norske hovudstaden ha namnet Oslo att. Sjølv om det var andre namnesaker på denne tida som vekte større debatt, gjekk ikkje skiftet av namn på hovudstaden føre seg så greitt og uproblematisk som det kan verka i ettertid.

I tida frå 1907 og fram til saka blei tatt opp som eige lovframlegg i Stortinget, hadde kommunestyret i Kristiania fått ei mengd oppmodingar og framlegg frå einskildpersonar, lag og organisasjonar om å ta opp att det gamle namnet på byen. Fleire av dei blei lagde til side av formannskapet, men to gonger kom namneskiftet opp som eiga sak til kommunestyret. Ved begge desse høva blei framlegget om namneendring røysta ned. Stortingsvedtaket i 1924 kom i stand etter eit privat lovframlegg som blei fremja trass i at Justis- og politidepartementet tidlegare same året hadde rådd frå å skifta namn på hovudstaden. Departementet meinte at det ikkje var formålstenleg å pressa namnet Oslo gjennom så lenge folkemeininga i byen var negativ til namneskifte.

Namnesaka kom fort til å bli plassert inn i den generelle politiske debatten som gjekk føre seg dei første tiåra i dette hundreåret. Ho blei i stor grad ei symbolsak knytta til spørsmål som nasjonalisme, målsak, tilhøvet mellom by og land og dragkampen med danskane om kven som hadde eigedomsretten til Grønland, for å nemna nokre av desse spørsmåla. Debattane om endringa av namnet frå Kristiania til Oslo både i kommunestyret og Stortinget krinsa for ein stor del kring spørsmål av denne typen og i svært liten grad kring dei filologiske sidene av saka. Morgenbladet oppsummerte saka på leiarplass 7. juli 1924 med formuleringar som «skakkjørt nationalisme», «maalpolitisk taktik», «kommunistisk spekulation» og «hadet til Christiania».

Folkeleg interesse for namnetyding

Peter Hallaråker skriv på side 148 i boka Innføring i stadnamn frå 1997: «For folk flest er det to hovudinteresser ved stadnamn som kjem i framgrunnen, nemleg interesse for tolking av stadnamna, [...] og interesse for skrivemåten.» Interessa til «folk flest» for kva namna kring oss eigenleg tyder, kjem også til uttrykk i debatten om namneskiftet Kristiania-Oslo. Det kan vera vanskeleg å få tak i desse folkelege ytringane så lang tid etter, men eg har konsentrert meg om avismateriale frå tida då namnespørsmålet blei diskutert. Både på leiarplass i avisene og ikkje minst gjennom talrike lesarinnlegg blei saka debattert, og det kom fram mange ulike tolkingsframlegg.

Dei fleste kjenner nok historia om korleis kong Kristian IV etter den store bybrannen i Oslo i 1624 gav påbod om at byen skulles flyttast over Akerselva og lenger inn under Akershus festning, og kalla byen Kristiania etter seg sjølv. I høve til folk sitt behov for å forstå namna dei har kring seg, hadde absolutt namnet Kristiania føremoner. Det var gjennomsiktig, og det heidra etter folk si meining både kongsmakt og guddom: «Kristiania [...] minder om et kristent folk, en kristen by,» skreiv «Anti-bolsjevik» i Aftenposten 2. mai 1924.

Namnet Oslo var det verre med. Uvissa kring tydinga av namnet blei eit av hovedargumenta mot namneskifte i det heile. I ei utgreiing frå 1918 om norske bynamn har dei kjende filologane Hjalmar Falk og Marius Hægstad tolka det som samansett av dei gammalnorske orda áss, som tyder 'gud', og , som tyder 'lund'. Oslo tyder altså etter deira meining «... en lund innviet til en av guderne ...». Denne tolkinga står framleis som den mest sannsynlege, sjølv om det framleis ikkje er full semje mellom namnegranskarane om henne. Utgreiinga var i tillegg den einaste seriøse studien av tydninga av namnet som kom fram under debatten om namneskifte.

Det var likevel mange som var misnøgde med framlegget frå Falk og Hægstad, og dette kom sterkt til uttrykk i avisene. Ragnar Wettre spurde i Aftenposten 16. januar 1924 om det ikkje er slik at «professor Hægstads 'utlægning' kun er gjetning uten virkelige historiske fakta som grundlag». Det gjorde også H. Grosch på førstesideplass i avisa 30. juni same året: «Under al den filologiske hokuspokus, som man har tillat sig at drive med vor hovedstads nuværende navn, har det vist sig ganske forgjæves at godtgjøre Oslo-navnets oprindelse og betydning. Helt norsk er det ialfald næppe.» Riksmaalsbladet skreiv om tolkinga til Falk og Hægstad 24. januar 1925: «O, hvilken herlig betydning! Men den er nærmest at betrakte som fri diktning. [...] Og like fullt vedblir navnet at virke fremmed og helt unorsk.»

Kvinnene til Harald Hardåde

Riksmaalsbladet hadde i staden si eiga tolking av Oslo. Avisa meinte det truleg kunne knyttast til kvinnenavnet Oslava, som var namnet på «en ungarsk tøs, frille til Harald Haardraade ...». Etter å ha kome heim att frå utlandet skulle Harald Hardråde ha sett Oslo som namn på byen til minne om denne kvinna. Det blei dermed nærliggjande for bladet å setja spørjeteikn ved om det var meir grunn til å kalla opp hovudstaden etter ei ungarsk «tøs» enn etter ein konge som «tok sig varmt av vort lands næringsinteresser, anla byer, opprettet den første norske hær og besøkte vort land et utal av ganger» (Riksmaalsbladet 24.1.1925).

Det finst mange versjonar av denne historia. I ein av dei heiter det at byen kan vera oppkalla etter Jaroslava, dottera til den russiske storfyrsten Jaroslav, og i ein periode kona til Harald Hardråde. Dette skriv «E.Fl.» i Aftenposten 30. juli 1924. I ein annan versjon heiter kvinna Miroslava og er bulgarsk prinsesse. I daglegtale skulle ho ha blitt kalla Oslava, og ho var den store ungdomskjærleiken til Harald. I ei tredje historie er det den greske prinsessa Oslova Harald har kalla opp byen etter, og i ei fjerde «en græsk elskerinde Harald Haardraade hadde» (Morgenbladet 26.1.24).

Frå namnegranskinga kjenner ein mange døme på at det i folkeetymologien oppstår opphavssegner for namn som det er vanskeleg å forstå tydinga av. Ola Stemshaug skriv på side 15 i boka Namn i Noreg frå 1985 om denne typen segner at det er vanleg at «personane og hendingane beint fram er dikta ut frå stadnamnet». Ragnvald Iversen skriv i ein artikkel frå 1952 om folkeetymologiar i austnorske stadnamn av finsk opphav at etter kvart som kjennskapen til det finske språket blei mindre, blei det større rom for omtyding og mistyding av desse namna. «Dermed får vi da nettopp de naturlige vilkår og det rette jordsmonn for det vi kaller folke-etymologier.» Etter mitt syn er det samme tilfellet her. Namnet Oslo har vore ugjennomsiktig og dermed opna for meir eller mindre fantastiske vandresoger om opphavet.

Det nasjonale

Spørsmålet om det nasjonale kom sterkt i fokus i Kristiania-Oslo-debatten. Forkjemparane for namneskiftet meinte at dette var eit godt høve til å bli kvitt eit merke frå dansketida og få attende det gamle norske namnet på hovudstaden. Nokre av dei mest ihuga Kristiania-tilhengjarane prøvde difor å prova at Oslo ikkje var så norsk som somme hevda. A.C. Svarstad skreiv i ein større artikkel i Morgenbladet 26. januar 1924: «Namnet Oslo er fonetisk igrunden vakkert; den naturlyd det minder mig om er kveldsbølgerne ved Neapels strand. Selve ordets musik bringer tanken paa noget fremmed [...] Det har liksom noget ungpikeaktig yndigt og feminint rundt over linjene.» Han meinte at dersom byen skulle skifta namn, måtte det vera til noko nasjonalt og maskulint, som Haraldstad. Eit viktig argument for Svarstad var også at dette «er navn som enhver vet hvad betyr».

I Norrigis Bescriffuelse fra 1613 skriv Peder Clausson Friis om Oslo at byen «... haffuer sit Nafn af den Aae, som løber igjennem den østre Part i Byen, huilcken kaldis Loen, oc der som en Aae, Elff, Beck eller Strøm udfalder, enten i Saltvand eller i ferske Siøer [...] kaldis den paa norske: Oos, saa sigis Oslo ligesom Looaroos (Ordet forvendt) ...». Gustav Storm, som ga ut Peder Claussøn Friis sine skrifter i samling, har ført opp som merknad at «Loens gamle navn er Alne-elven». Hægstad skreiv i eit tillegg om namnet Oslo til utgreiinga frå 1918 om dei norske bynamna: «At den nu såkalte Loen-elven i gamle dager har hett Lo [...] kan ikke påvises (i 1595 kaltes den Alne-elven), og en omsetning som 'Loe-Oos' til Oosloe vilde være en sproglig uhyrlighet.»

Morgenbladet drog likevel fram denne etymologien i leiaren sin 24. februar 1923: «Det er nogen som tror det skriver sig fra den lortbækken der under Ekeberg som heter Lobækken. Det kan vel ikke være saa om at gjøre at faa den ind som vaar hovedstads navn?» Artikkelforfattaren «H» i Riksmaalsbladet 15.1.1921 meinte at Oslo var ei kortform for Oslauget, som skulde tyda 'et ved elvemundingen liggende sted hvor kvinderne pleier at vaske skiddentøi eller foreta anden opvask'. Han syntest dette var ei grei forklåring på namnet, og at grunnen til at ho ikkje vart dregen fram, var at ho var «kun litet egnet til at styrke den begeistring, som vore maalstrævere gjerne fyldes av, hver gang 'sagatidens' navn nævnes».

Korkje desse to siste etymologiane eller dei eg har vore inne på tidlegare, held mål som seriøs namnegransking. Grunnen til at eg meiner desse folkeetymologiane likevel er interessante, er at dei demonstrerer så klårt kor viktig det er for folk kva eit namn tyder. Slik det kjem til uttrykk i avismaterialet, blei Oslo rekna som å ha lågare verdi som kulturminne dersom det hadde med «lort» eller «skiddentøi» å gjera. Det gjorde heller ikke mistanken til namnet Oslo mindre då det kom fram påstandar om at ordet på russisk hadde tydinga 'esel', og at det på fransk blei oppfatta som ein vulgarisme.

Som i dei fleste andre namnesaker stod likevel spørsmålet om personleg smak og vane i sentrum for folk flest. Dette er vanskelege storleikar å nytta i ein argumentasjon, fordi dei blir oppfatta som uvitskaplege. I dette perspektivet trur eg nok at ein må sjå på nokre av folkeetymologiane som forsøk på å vitskapleggjera eit standpunkt som i første rekkje var emosjonelt. Oslo blei av mange hovudstadsfolk kort og godt oppfatta som mindre vakkert enn det «majestetiske» og «kristelege» Kristiania.

 

-- Åse Wetås er hovedfagsstudent i nordisk ved Universitetet i Oslo og arbeider med en hovedfagsavhandling om navneskiftet Kristiania-Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter