«Chaque mot porte»

INTERVJU: ASGEIR OLDEN

«Chaque mot porte,» seier Arnold Thoresen på perfekt skulefransk.

– Det verkar som om dei ikkje stoler på orda, ikkje stoler på at det som er sagt ein gong, er nok. Då blir det krampaktig og tungt.

Slik kommenterer han dei store, tunge offentlege dokumenta han har vore nøydd til å gå gjennom som ein del av arbeidet som kontorsjef i Norsk språkråd.

«Kvart ord ber.» Truleg kunne vi hengje opp dette mottoet over hans godt over 30 år i Språknemnd og Språkråd. Det er blitt mange ord, dei har tilmed endra seg undervegs. Thoresen har passa på dei alle, eller, som han sjølv ville ha presisert, alle bokmålsorda.

Det er likevel ikkje lett å få Arnold Thoresen til å mimre om hine harde dagar då hans arbeidsgivar, Norsk språknemnd, var det mest hata organet i heile kongeriket, då Foreldreaksjonen mot samnorsk var den største krafta i norsk språkpolitikk, då Den norske Forfatterforening vart sprengd i to bitar av målstrid. Han snakkar langt heller om framtida, om det som er ugjort. Der står det litt på lista.

– Språkrådet skulle hatt ei eiga fagspråkavdeling i sekretariatet, synest han, eit organ som kunne følgje med på dette viktige språkområdet, gripe inn, gi råd, halde oversyn. Saka var i god gjenge, timen var nær, men styret sa nei. Det synest Arnold Thoresen er synd.

Like synd synest han mangelen på språklege fagfolk er. Språkrådet og forlaga har alltid vore i beit for gode språkkonsulentar, andre også. Tenk om rådet kunne ha utdanna slike konsulentar i alt frå teiknsetjing til skrivemåte og ordlegging, gitt dei ei prøve, og deretter stempel som offentleg godkjende språkkonsulentar, tenkjer Thoresen.

– Ein kan ikkje setje kven som helst til slikt arbeid, slår han fast, og det veit nok eks-kontorsjefen alt om. Han har sjølv jobba seg gjennom stablar av lærebøker og offentlege dokument gjennom dei siste trettitre åra.

Granskingar

Elles brenn han for å granske norsk språkbruk, gjere skikkelege vitskaplege undersøkingar som seier noko om statusen for dei to målformene der ute i den verkelege verda, til dømes i grunnskulen. Kva språk har dei der, korleis er det nå med desse såkalla lite brukte formene som nå er på full fart ut av bokmålet?

– Det burde kanskje ha vore undersøkt før ein ekskluderte dei, seier Thoresen, som også gjerne skulle ha visst korleis lærarane eigentleg lærer bort norsk, korleis dei faktisk oppfører seg i høve til syntaks og stil, feil og manglar, språklege prestasjonar av alle slag. Han kunne også ha tenkt seg at undersøkingar om språket i dei elektroniske media vart ein del av underlaget for språkleg normering. Det er eit område Norsk språkråd både var ubudd på og veit lite om..

Eitt felt han meiner Språkrådet har svikta kapitalt på, er granskingar av talemål. Det står i lova at det skal vere eit grunnlag for normeringa av norsk, men her er det ikkje gjennomført granskingar i det heile.

– Reine lovbrotet? spør Thoresen.

Breiare representasjon

Glad er han for at Kulturdepartementet skal sjå på samansetjinga av rådet, som i prinsippet ikkje har vore endra sidan Språknemndas dagar. Spørsmålet Thoresen stiller, er om Språkrådet har breidde nok mot det norske samfunnet. Han saknar representantar for næringslivet, og ikkje minst frå fagmiljø.

– Kanskje er det litt mykje «innavl», litt for mange norskfilologar frå lærarorganisasjonar og språkorganisasjonar, seier han. Thoresen trur breiare representasjon i rådet kunne føre til større interesse, gjere rådet betre kjent, og jamvel gi nokre kroner i ei kasse som ikkje er altfor velfylt.

Der har han ein liten finte mot sine tidlegare oppdragsgivarar. Han synest ikkje akkurat at staten har sløst med pengar på det norske språket. Viktige oppgåver er blitt liggjande på grunn av pengemangel i rådet.

Frå nemnd til råd

Hans eiga interesse for den jobben han har hatt i alle desse åra, kan han datere temmeleg nøyaktig. I januar 1964 høyrde han statsråd Helge Sivertsen fortelje at det skulle setjast i gang eit arbeid for å sjå på alle sider ved den norske språkstoda. Det var eit arbeid han kunne tenkje seg å vere med på, og då sekretærstillinga i Norsk språknemnd vart ledig like etter, stod Arnold Thoresens namn på søkjarlista, og jobben vart hans.

Tidene i sekretariatet var noko andre enn i dag. Det var éin sekretær for bokmål, éin for nynorsk, éi kontorhjelp og sporadisk noko ekstrahjelp. Desse stillingsrammene vart ikkje endra i språknemndtida. Alle gjekk og venta på dette nye organet ein visste måtte kome. Men det var ei tolmodsprøve. Vogtkomiteen frå 1964 leverte si innstilling i 1966, meldinga til Stortinget kom to år seinare, drøftinga der i 1970, lovvedtaket om Norsk språkråd i 1971, og frå 1. februar 1972 var Norsk språkråd etablert. Først då fekk sekretariatet nye stillingar og litt meir armslag. Denne perioden hugsar Thoresen med glede.

Mistillit?

Sjølv om ettertida hugsar språknemndtida som ein periode med målpolitiske stormkast, var det etter 1964 mildare vindar i sekretariat og nemnd. Om det kunne vere skarpe meiningsutvekslingar og iltre innlegg, var nemnda langt frå prega av krangel og kiv, meir av arbeid og interesse. Og om nemnda var sjølvaste fanden i sommes auge, var det få som tok seg på tak og gjekk til sekretariatet med sine klagemål. Mistilliten var der, og denne smitta nok også over på Språkrådet, då dette kom til, men Thoresen trur fast på at rådet har greidd å kjempe til seg ein status som eit rimeleg nøytralt organ i dei åra som er gått etter den tid, sjølv om han slett ikkje er nøgd med den posisjonen rådet har i det norske samfunnet.

Det som forbausar Thoresen mest, er at det etter måten er så få som skriv og ringjer og spør om råd og hjelp. Særleg lærarar må ha mykje tvil å kave med, og journalistar ...

– Det må då vere ein bråte spørsmål dei lurer på, funderer han.

På den andre sida, hadde alle som burde ringje, ringt, hadde kapasiteten i sekretariatet vore sprengt.

Spennande tider

Spør du Thoresen om dei mest spennande oppgåvene han har hatt i Norsk språkråd, tar han straks til å snakke om noko som skjer i dag. I nynorsk går vegen mot ei strammare norm, ser det ut til, i bokmålet pågår det ei storstilt sanering av såkalla lite brukte former, ord som «skaut» og «braut», «lærerer» og andre folkelege former. Eigentleg er dette ei stor reform, peiker Thoresen på. Ein byggjer no opp normene for dei to målformene kvar for seg og ut frå dei argumenta ein synest tener sitt eige språket best. Normalane frå 1938 og 1959 er eit tilbakelagt stadium for bokmålet, som no fullfører den marsjen 1981-rettskrivinga var starten på.

Thoresen ser store fordelar ved at det blir etablert ei strammare bokmålsnorm - ei norm som er betre i samsvar med utbreidd skriftleg språkbruk enn i dag..

Pensjonisten

Pensjonist Thoresen har ikkje lett for å leggje frå seg dei spørsmåla han har vigd sitt vaksne liv til. I desse dagar sit han med ein jobb for eit forlag, fleire er i vente. Strengt tatt var planen å ha mykje fritid og reise tilsvarande. Slik er det ikkje blitt. Men han gler seg til å lese dei 1200 sidene i Norsk referansegrammatikk. Så står lysta til å drive språkkritikk i ei eller anna form, avistekster, læreboktekster, skjønnlitterære tekster. Anna lesing kunne han også tenkje seg. Blant dei skjønnlitterære forfattarane står Dan Andersson høgt i kurs, det same gjer Oskar Braaten, ein mann som tar oslotonen på kornet, Johan Borgen som stilist, og Pär Lagerkvist.

*

Arnold Thoresen:
Fyller 70 år i mai 1997.
Fødd i Bærum, oppvaksen i Vika, Oslo.
Cand.philol. frå 1960 med faga fransk, historie og norsk hovudfag.
Var lærar medan han studerte, underviste som lektor ved Teisen realskole og gymnas fram til han vart tilsett i Norsk språknemnd i 1964.
Følgde med over i Norsk språkråd i 1972, kontorsjef for bokmål gjennom heile språkrådsperioden, nyleg pensjonert.

 

-- Asgeir Olden er redaktør i Nynorsk pressekontor.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:23.11.2003 | Oppdatert:26.06.2015