Nordens språk i EUs Europa

AV LARS S. VIKØR

Dette er tittelen på ein rapport Dag Simonsen, konsulent i Norsk språkråd, har laga på oppdrag frå Nordisk språksekretariat. Den er på sett og vis ein oppfølgjar av Allan Karkers rapport Dansk i EF - en situationsrapport om sproget. Simonsen har eit vidare sikte; han tek opp dei språkpolitiske utfordringane EU stiller dei nordiske landa overfor på brei front. Dette gjer han gjennom å intervjue ei lang rekkje aktørar om aktuelle spørsmål, som grunnlag for sine eigne drøftingar og framlegg.

Boka består av seks kapittel pluss ei samanfatting. Kap. 1 summerer opp debatten om språk og internasjonalisering i Norden, mens kap. 2 greier ut om nordiske politikarar sitt syn på den nordiske språkfellesskapen og forholdet til EU. Hovudtendensen er ei positiv haldning til den nordiske språkfellesskapen, og eit ønske om å styrkje han med ulike konkrete tiltak, men likevel stort sett eit fråvær av det trusselbiletet av engelsk som elles står så sterkt i debattar om desse tinga. Det viktigaste perspektivet Simonsen dreg opp, er elles tendensane til ei regionalisering av Norden i t.d. ein Austersjø-region, ein Barents-region og eit Vest-Norden. Det er uklart kva språklege følgjer dette vil få, men Simonsen peikar ut Finland som eit nøkkelland. Det er eit tungt land i den kanskje tyngste av desse regionane, og om Finland vel engelsk som sitt kontaktspråk i staden for svensk, kan det få følgjer for heile Norden.

Kap. 3 skisserer fire sentrale målsetjingar for ein nordisk språkpolitikk, slik Simonsen ser det: å hindre domenetap for nasjonalspråka, å byggje ut språkdemokratiet for dei ikkje-dominante språka i Norden, å styrkje den nordiske språkfellesskapen allment og å halde opp ei funksjonell og fast norm for språka.

Deretter kjem hovudkapitla i boka. Kap. 4 handlar om Nordens språk i og i kontakt med EUs organ og er basert på intervju med nordiske politikarar, omsetjarar og tolkar i EU. Han legg da hovudvekta på integreringa av finsk og svensk som nye EU-språk, og undersøkjer korleis det har gått, og kva følgjer det har fått og vil få for systemet. Han finn at det førebels er problematisk, meir på grunn av for lite kompetanse i heimlanda enn av uvilje frå EUs side. To nye språk er alltid ei påkjenning for systemet, men det har klart slike påkjenningar før, og det vil truleg gå seg til no òg. Håpet om eit utbreidd nordisk samarbeid i EU har derimot ikkje slått til; EU baserer seg på enkeltspråk, ikkje på «blokker» av språk som dei nordiske, og danskane og svenskane var lite villige til f.eks. å samordne tolketenestene sine. Vi får òg ei stutt drøfting av den stillinga «utanforspråka» har i kontakt med EU, framfor alt i EØS.

Kap. 5 heiter «En ny nordisk infrastruktur for språk»? Her diskuterer han det utbreidde ønsket om meir språkleg rådgiving og fleire tilbakemeldingar frå heimlanda, særleg språknemndene der, til støtte for språkarbeidarane i EU. Eit nordisk samarbeid om terminologiarbeidet, bl.a. ein nordisk termbank, og om tolke- og omsetjarutdanning blir drøfta. Simonsen foreslår her bl.a. at det blir skipa ein fellesnordisk termbank innanfor Nordterm-samarbeidet, og han foreslår at Nordisk språksekretariat blir permanent sekretariat for Nordterm. Tolke- og omsetjarutdanninga foreslår han blir samordna av Nordiska språk- och informationscenteret i Helsingfors.

Det siste hovudkapitlet heiter «En nordisk språkpolitikk i og for EU?» Her spør han først om EUs språkpolitikk står framfor ein revisjon, og viser til at det finst krefter som ønskjer å redusere språkmangfaldet, t.d. ved å gi nokre få språk status som arbeidsspråk. Han rår til at dei nordiske landa samstemt avviser slike framlegg, og trur det er gode sjansar til å stoppe dei i allianse med andre små språksamfunn. Så drøftar han spørsmålet om eitt skandinavisk arbeidsspråk i EU, og avviser det med solid grunnlag i ein nesten samstemmig negativ reaksjon frå intervjuobjekta.

Til slutt drøftar han meir allment tilhøvet mellom språk, integrasjon og regionalisering i EU. Han baserer seg på fire tesar formulerte av den tyske språksosiologen Florian Coulmas: 1) EU må overvinne språknasjonalismen, altså ideen om identitet mellom språk, nasjon og stat. 2) Ein må ta fatt i dei privilegia nasjonalspråka har overfor minoritetsspråka. 3) Det må takast ei politisk (ikkje økonomistyrt) beslutning om eit lingua franca i EU. 4) Ein må studere tilhøvet mellom språk og økonomi for å komme fram til ein rettvis språkpolitikk som ikkje er diktert av økonomien. Utan å ta direkte stilling til desse tesane drøftar Simonsen ulike perspektiv på bakgrunn av synspunkta frå intervjuobjekta sine. Han konkluderer med at situasjonen og utsiktene framover er svært motsetningsfylte og uklare, men reknar helst med at den politiske og økonomiske samanvevinga i den indre marknaden truleg på lengre sikt fører til ei felles europeisk offentlegheit med engelsk som dominerande språk. Nordiske politikarar som er vane med allmenn høg kompetanse i engelsk i heimlanda sine, verkar ikkje særleg uroa av dette, rapporterer han. Generelt er det nok eit utbreidd synspunkt at den økonomiske integrasjonen også fører til ei langsiktig, men uunngåeleg språkleg og kulturell einsretting, men haldningane til det varierer frå blind aksept til sterk vilje til å motsetje seg det.

I eit avslutningskapittel samanfattar Simonsen konklusjonane sine. Han peikar ut ei rekkje område der Norden bør utvikle ein språkpolitikk andsynes EU, som «regionalisering og språk», «språklege rettar», «økonomi og språk». Her er samarbeid med og samordning av forskingsmiljøa i alle dei nordiske landa uomgjengeleg. Også her ser Simonsen ei oppgåve for Nordisk språksekretariat.

Boka til Simonsen er truleg ein av dei viktigaste og mest djuptborande analysane av temaet EU, Norden og språk som er komne hittil. Eg trur ikkje det er tilfeldig at ho er laga av ein nordmann, ein frå det mest språkbevisste av dei store landa i Norden. Men eg trur heller ikkje det er tilfeldig at boka er skriven i 1995 og trykt i 1996, altså ikkje i 1994. No etter at ja/nei-konfrontasjonen er unnagjort, bør vi drøfte vår språklege framtid og utforme ein politikk for denne framtida langs desse linene. Boka inneheld mange fleire trådar og emne og moment enn eg har kunna antyde her, og Simonsen avsluttar med nokre gode tips om korleis vidare drøfting, analyse og politikkutforming kan organiserast.

  • Dag Finn Simonsen: Nordens språk i EUs Europa. Språkplanlegging og språkpolitikk mot år 2000. Nordisk språksekretariats rapportar 22. 157 sider. Kr 50. ISBN 82-7433-032-3

 

-- Lars S. Vikør er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:25.11.2003 | Oppdatert:30.06.2015