688 og 799 sider om Ivar Aasen

AV MAGNE MYHREN

Kjell Venås har sendt ut ei bok om Ivar Aasen, språkgranskaren, målreisaren, nasjonsbyggjaren og mennesket frå vogge til grav. Etter å ha gjort greie for ungdoms- og læreåra heime på Sunnmøre går Venås laus på språkarbeidet og reiseverksemda, fyrst den lange ferda 1842-46, men han nemner ogso reisene i åra 1852-68. Her går han fram kronologisk - tek for seg skrift for skrift, fortel om tilverting, utgjeving og om meldingar. Etter å ha gjort seg ferdig med den språklege og essayistiske forfattarskapen skildrar han landsmålsframvoksteren og striden som fylgde. Noko lenger ute kjem ein bolk om diktaren. So møter me vener og kjenningar, livet i Kristiana, synet på religion, på kjærleik og på helse. Til sist ser me for oss gamlingen Aasen og dei som hjelpte honom på slutten. Kjell Venås har laga ei god bok. Serleg tykkjer eg det han skriv om dei einskilde språkverka og korleis Aasen granska seg fram til ei god rettskriving, stikk seg fram som det beste. Venås skriv godt, greitt og einfelt utan innhaldslaust skoddesvall.

Har Kjell Venås utført ei tungorke, so er det i enno større mon tilfellet med engelskmannen Stephen Walton. Han fylgjer mykje same diposisjonen og tek opp dei same emna som Venås, men han er ordrikare. Walton skriv vel 5 sider om En liden Læsebog i Gammelnorsk; om den har Venås berre nokre liner. Walton tek feste i ymse kroppsdelar og grunar på omgrepet biografiskriving. Han legg stor vekt på korleis Aasen oppfatta seg sjølv i høve til «offentlegheita» (ålmenta) og prøver å syna kva slags «retorikk» Aasen nytta i dei einskilde skriftene. Om alt dette er rett, har eg ingen føresetnader for å seia noko om, men eg tykkjer nok stundom det vert vel mykje teori og for lite konkret vitskapsskildring. Boka ville ha tent på om desse bolkane hadde vore samantrengde, for det vert trøyttande oppatt-tak og kringgonge. Men her er ogso mykje bra – uventa synsmåtar lyser opp i kvardagen. Analysen av grammatikkane er gjevande lesnad. Men det synet at Aasen valde ein vestlandsnormal, kan ein vera usamd i. Det er rett at visse endingar fall saman med målføra på Midvestlandet, men det er mykje som fell meir i hop både med egdemål, midlandsmål og trøndermål, t d fleirtalsforma visor, som har lita utbreiing vestanfjells. Men lat det vera sagt: Walton har laga ei innhaldsfylt og tankerik bok.

Ein meldar skal ikkje berre koma med ros. For den som leitar, er det ingen vanske å finna ting som kan lastast. Dei skriv på kvar sin måte gjevande om diktinga, men kvifor har både Walton og Venås mest hoppa over visetekstene i Ervingen? Eg kan ikkje sjå at dei er analyserte som sjølvstendige einingar. Nokre av desse visene skreiv Aasen heilt om og gjorde mykje betre. Dei er prenta i Lauvduskar i 1868 og i Ervingen 1874.

Eg skal ta for meg eit emne der både Venås og Walton ser ut til å ha vanta faghistorisk innsikt. Dei går grundig inn på Prøver af Landsmaalet i Norge og andre skrifter med tradisjonstilfang, men utan å røra ved det folkloristiske aspektet. Lat meg berre nemna at Aasen laga norske folkeminnetermar, t d runesoga, som svarar til «undereventyr», og vettesoga til «naturmytisk segn»; dette tykkjest vera lite utgreitt. Me fær høyra lite om korleis Aasen brigda tekstene før han let dei prenta. Ein kan ogso stilla spørsmåla: Korleis arbeidde Aasen med folkeminnetilfanget reint ålment samanlikna med Asbjørnsen og Moe, Landstad og Sophus Bugge? Kva sermerkjer Aasen som folklorist? Slike spørsmål fær me ikkje svar på. Dei tykkjest ha oversett at Aasen ikkje skilde systematisk mellom segner og eventyr – eit skilje som brørne Grimm drog opp før 1820. Prøver har 11 eventyr, og dei fleste er registrerte i Ørnulf Hodne: The Types of Norwegian Folktale (Oslo 1984) – ei bok som glimrar med sitt fråvære i båe litteraturlistene; det same gjeld Inger Boberg: Folkemindeforskningens historie (København 1953) og skriftene av Grimm og Svend Grundtvig om desse emna. Walton analyserer eventyret «Myntmeisteren» og seier at soga «svevar .. mellom bokleg og folkeleg opphav» (439). Det er rett, men han burde ha opplyst at forteljinga truleg byggjer på ei folkebok – emnet finn me alt hjå Boccacio, og dette er ei tekst Aasen brigda svært mykje på og gjorde lengre. Aasen kalla denne laus segn eller heimløysa, «en Historie fra ubekjent Sted og Tid, en Roman el. deslige» (Norsk Ordbog frå Telemark) - eit godt nemne for det som no heiter «novelle-eventyr». I samband med folkeminnearbeidet burde vel bokskrivarane ogso ha drøft meir inngåande samorka med Landstad om folkevisespråket; i litteraturlistene saknar eg soleis Rikard Berge, som gjekk grundig inn på desse vanskane.

Det kan nok vera sumt å lasta ved folkeminnearbeidet åt Aasen, men det står fast: Ingen i samtida gjorde betre oppskrifter av tradisjonstilfang, og fram til 1858 laga ingen betre tekstutgåver med slikt tilfang enn Aasen. Det var fyrst Sophus Bugge som i Gamle norske Folkeviser (1858) fullt ut nytta tekstkritiske utgjevingsprinsipp, og han hadde lært av Ivar Aasen og Svend Grundtvig. Om Aasen ikkje samla noko serleg folkeminne i seinare år, var han med og gjorde opptaket til samlingar som Søgnir frå Hallingdal og Segner frå Bygdom og var konsulent på målet i dei. Jamvel om dei to bokmakarane på kvar si vis kan mykje lingvistikkhistorie, biografiteori osv, og mange av skriftene fær rom i ein vitskapshistorisk samanheng, er det ei veile ved bøkene at ikkje folkeminnearbeidet er sett inn i ein tilsvarande samanheng.

Men desse og andre merknader som ein nok kan leita fram, må ikkje skyggja over det at bøkene er rike kjelder for alle som vil vita meir om Ivar Aasen og hans liv og verksemd og tida han verka i. Liksom Aasen har Venås evne til å skriva for «videlystne almuesmend». Men Walton er ikkje alltid like lett å hanskast med. Kven han skriv for, er meir uvisst.

Bokskrivarane omtalar – som nemnt - dei einskilde bøkene og skriftene åt Aasen – det er liksom dei har lese for oss, og me fær hug til å lesa skriftene opp att. For ingen må tru at siste ordet er sagt om Ivar Aasen med desse 1487 sidene. Det er heilt ufatteleg kor mange sider ved Aasen dei ikkje har fenge med seg eller ikkje har oppdaga, og me som les, fær nye idear og innfall. Og då har dei kanskje nått fremste målet med skriveverksemda, det å gløda og eggja opp tankane hjå lesaren. Ut frå eit slikt synspunkt lyktar eg denne meldinga med å minna om nokre ord etter Halvdan Koht, forresten ein framifrå biografiskrivar: «Det viktigaste for ein vitskapsmann er å egge opp andre til å tenke.»

  • Kjell Venås: Då tida var fullkomen. Ivar Aasen. Novus forlag. Oslo 1996. 688 sider. Kr 365. ISBN 82-7099-251-8
  • Stephen J. Walton: Ivar Aasens kropp. Det Norske Samlaget. Oslo 1996. 799 sider. Kr 485. ISBN 82-521-4531-0

 

-- Magne Myhren er amanuensis ved Avdeling for leksikografi, Universitetet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:25.11.2003 | Oppdatert:30.06.2015