Tydelege Ivar Aasen

AV DAGFINN WORREN

Ordboksarbeidet var hovudsaka for Ivar Aasen i den filologiske verksemda hans. Allereie i planen som han la fram for Det kongelige norske Videnskabers Selskab i Trondheim sommaren 1842 om det språklege innsamlingsarbeidet han hadde fått stipend til å drive med, skreiv han at ei ordbok kom til å verte det viktigaste utbytet av målgranskinga hans. Denne tanken heldt Aasen fast ved då han la fram det første store vitskapsverket sitt, Det norske Folkesprogs Grammatik, i 1848. Der slår han fast i den innleiande setninga at grammatikken skal sjåast på som ei førebuing til en Ordbog over det norske Folkesprog, saaledes som dette forefindes i Dialekterne i Landets forskjellige Egne . Ein fullgyldig karakteristikk av Ivar Aasen som språkvitskapsmann må difor seie noko om han som ordboksmann eller leksikograf. Spørsmålet er då kva som særmerkjer ei ordbok, og kva lag Ivar Aasen hadde med desse særmerka.

Det er særleg to drag som gjev særhått til ei ordbok. Det er for det første ordutvalet, som i stor mon gjev seg sjølv av dei innsamlingsprinsippa som vert lagde til grunn. For det andre er det ordforklaringane som er viktige i ei ordbok. Ei god utforming av den ytre bunaden av ordforklaringane er sjølvsagt avhengig av at leksikografen kan handverket sitt. Men for at ordforklaringane skal verte råkande definisjonar, må leksikografen vere stø på samanhengane i det tydingsuniverset som ordtilfanget i språket uttrykkjer.

For ordutvalet til ordbøkene sine hadde Ivar Aasen strenge kriterium. Dette emnet skal vi ikkje kome inn på her, men i staden halde oss til ordforklaringane. Det er mange vitnemål om at Ivar Aasen hadde den særlege kunnskapen og givnaden som skal til for å skildre ordtydingar slik at dei intuitivt svarer til dei omgrepa eller indre bileta som folk hadde og har av dei orda han tok med i ordbøkene sine. Han kunne dessutan lage ordforklaringar som skapte meiningsfylte førestellingar av omgrepa og dermed tydingane av ukjende ord. Omgrepsskildringa og -utviklinga til Ivar Aasen var noko P.A. Munch understreka då han melde Aasens første ordbok, Ordbog over det norske Folkesprog i 1850. Munch skreiv at han hadde funne svært få ordbøker hvis Ordforklaringer i fyndig Korthed, Tydelighed og Valget af Udtryk har kunnet maale sig med Forfatterens (her hermt etter Myhren 1975:41). Meisterskapen åt Ivar Aasen som definisjonsskrivar har jamt vore nemnt seinare òg. Eit nyare autoritativt døme kan vere Alf Hellevik, som var hovudredaktør for dei to første banda av Norsk Ordbok. Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet, det moderne framhaldet av Aasens ordbøker. I artikkelen Ordskattar i Birkeland ofl. (1968:202) dreg Hellevik ei samanlikning til Noregs neste store leksikograf, Hans Ross, og seier at han hadde ikkje Aasens evne til å forme allgyldige, presise definisjonar.

Det er derimot ikkje gjort særlege analysar som seier noko nærare om korleis Ivar Aasen fekk fram desse ordtydingane som verkar så rette og råkande. Men Norsk Maalbunad (heretter NM) gjev mykje av bakgrunnen. Dette er eit arbeid etter Ivar Aasen som Sigurd Kolsrud gav ut i 1925. I 1975 kom det ut på nytt ved Norsk Bokreidingslag. Det var nittini år etter at Ivar Aasen sjølv hadde lagt manuskriptet til side, i februar 1876. Det har undertittelen Samanstilling av norske Ord etter Umgrip og Tyding. I motsetnad til ei vanleg ordbok, der orda følgjer alfabetisk og dermed mekanisk etter kvarandre, er det den logiske og tankebundne samanhengen mellom orda som styrer oppføringa i NM.

I ei eiga innleiing gjer Kolsrud greie for både dei førelegga Aasen hadde, og korleis arbeidet med NM fall inn i arbeidsplanen til Aasen elles. Som for dei andre vitskapsverka sine hadde Aasen klare mønster for NM òg. Ei slik hjelperåd som Kolsrud nemner, er P.E. Müller: Dansk Synonymik frå 1829. Dette arbeidet fekk Ivar Aasen i hende i 1843, og her såg han korleis orda kunne stillast opp under ulike hovudemne som t d kunnskapsstell, vilje, religion, dygder og uvanar. Det kan leggjast til at i innleiinga til Müller (1829) fann Aasen ein tydingsteoretisk tenkjemåte som gav grunnar for det språklege mangfaldet som kan førekome til same omgrepet.

I 1860 vart Aasen kjend med det verket som seinare har vore føredømet for dei fleste omgrepsstudiar. Det var P.M. Roget: Thesaurus of English Words and Phrases frå 1852. Verket var skipa etter ein grunntanke som Aasen allereie arbeidde etter. Utgangspunktet skulle vere det allmenne omgrepet. Deretter skulle dei særskilde ovringane skildrast. I sjøve omgrepsskipinga er Roget (1852) ikkje noko beinveges førebilete. Roget har såleis seks hovudbolkar: Abstract Relations (´høgre samanhengar´), Space (´rom´), Matter (´emne´), Intellect (´tankekraft´), Volition (´vilje´) og Affections (´kjensler´). I NM er det berre fire hovudbolkar: Frumverket (´skaparverket´), Emne, Umstøda (´omstende, situasjon´) og Mannsfora (´menneskeleg lag og åtferd´). Berre hovudbolken om ´emne´ er sams for Aasen og Roget. For Aasens eine bolk om ´menneska´ har Roget tre bolkar. Resten er ulikt skipa. På det lågaste inndelingsnivået har Roget også ei finare inndeling enn Aasen. Roget har 997 bolkar mot 315 hos Aasen. Det var såleis ikkje i den semantiske inndelinga Aasen først og fremst fann støtte hos Roget, jamvel om det somme stader finst nemningar som syner nær slektskap, såleis under bolk 235 der Vitring er forklart med Signification, Communication. Påverknaden ser heller ut til å gjelde den inste formelle inndelinga på det lågaste semantiske nivået. Der grupperer både Roget og Aasen etter ordklasse når dei har med anna enn substantiv.

Frå bolk 221. Tanke, som høyrer til den høgare kategorien XXII. Vit under hovudbolken D. Mannsfora, kan vi sjå på eit utdrag som syner skipinga greitt. Bolk 221 har tre semantiske undergrupper: a) Tykkje (Tanke), b) Von og c) Hugsviv. Under c) Hugsviv er ordflokken skipa slik:

– Draum. Fima. Grilla. Hugsviv. Hugleik. Kvims. Nykk. Snygg. Sviv. Vasl. Vim. Ølsla. Ørgjønor. – Grisetankar.
V.– breka. drøyma. hyrgja. masa. prima. skjaasla. tulla. tøva. vasla. vima. yvja. ølast. ørsla. øsast.
Adj. – breksam. kvimen. kvimsut. titevill (?). tøvutt. vimutt.

Ordninga er alfabetisk, men somme gonger kjem det tillegg til slutt, som t d Grisetankar. Det ser ikkje ut til at stilnivå har noko å seie for slike tillegg. Det gjeld heller at ordtydinga er i utkanten av det semantiske feltet.

Som det vesle utdraget syner, er NM også eit viktig terminologisk arbeid, og har då også med mykje av det nyskapte tilfanget frå Heimsyn (1875). I dette verket utfaldar Aasen seg på førebiletleg sakprosa om mange av dei emna som NM femner om.

Det var særleg etter dei to store ordboksutgjevingane i 1850 og 1873 at Aasen arbeidde med å skipe det norske ordtilfanget i eit omgrepssystem. Det hadde sjølvsagt samanheng med at han i det alfabetiske ordboksarbeidet stendig måtte gje slepp på å skildre tydingssamanhengar fullnøyande. I Norsk Ordbog (1873) har han fleire tilvisingar og synonym enn i 1850-ordboka. Likevel kan det ikkje verte ei fullgod omgrepslære, slik som NM langt på veg er for si tid.

I definisjonsutforminga av ordtyding er første steget å gå til næraste overomgrepet, for så å avgrense dette overomgrepet med det eller dei særdraga som trengst for å skilje det aktuelle omgrepet frå systeromgrepa. Med di forklaringane i Norsk Ordbog er på dansk, kan det ikkje beinveges synast korleis Aasen følgde systematikken i omgrepsstrukturen han legg fram i NM. Men slår vi opp på Grilla, som vi har under bolken Hugsviv ovanfor, ser vi likevel kor sikker og råkande forklaringa i definisjonen er. Ho er ordlagd som fix Ide . Ide svarar då til Hugsviv som overomgrep, og fix sørgjer for den turvande karakteristikken, slik at omgrepet attom nemninga Grilla er lettskjønleg skildra.

Vi er her ved kjernen av Aasens meisterskap i definisjonsskriving. Ingen før han, og knapt nok seinare heller, har hatt eit slikt systematisk oversyn over omgrepsstrukturen i den norske tanke- og tydingsverda. Med di han sjølv ikkje gav ut NM, verkar det som han i dette arbeidet var ved grensa av yteevna si. Systematisk tydingsskildring er då også det vanskelegaste feltet i språkvitskapen. Noreg ventar framleis på Norsk Maalbunad for 2000-talet.

Tilvisingar

  • Birkeland, Bjarte, Reidar Djupedal, Alf Hellevik og Dagfinn Mannsåker (red.)1968: Det Norske Samlaget 1868–1968. Oslo: Det Norske Samlaget.
  • Myhren, Magne (red.) 1975: Ei bok om Ivar Aasen. Oslo: Det Norske Samlaget.
  • Müller, Peter Erasmus 1829 (her etter 3. utgåva 1872):Dansk Synonymik. Kjøbenhavn: Gyldendalske Boghandel (F. Hegel).
  • Roget, Peter Mark 1852 (her etter 1992-utgåva): Thesaurus of English Words and Phrases. London: Bloomsbury Books.
  • Aasen, Ivar [1876 (her etter 1975-utgåva]: Norsk Maalbunad. Bergen: Norsk Bokreidingslag.
  • – 1873 (her etter sjette utgåva 1983) Norsk Ordbog. Oslo: Fonna Forlag.

 

-- Dagfinn Worren er førsteamanuensis ved Avdeling for leksikografi, Universitetet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:28.11.2003 | Oppdatert:29.06.2015