Om Ivar Aasen i eit minneår

AV KJELL VENÅS

Vi skriv 1996, og når vi kjem til 23. september dette året, er eit hundreår gått sidan den åttitreårgamle Ivar Aasen døydde stilt på hybelen sin i Holbergs gate 23 i Kristiania. Mange minneord om han i dagane etter og ved gravferda frå kapellet på Vår Frelsars gravlund 29.9. synte at Aasen vart sett høgt for vitskapsverket og språkarbeidet sitt, og at han av alle lag i folket vart møtt med godhug og kjærleik for det han var som menneske og som diktar. Likevel var det arbeidet hans med norsk mål som sette skil i soga, og som no har gjeve grunn til å minnast han og til å kalle året 1996 med namnet hans.

I innleiinga til ei bok om landsmål og andre mål i landet, som kom ut i 1896, skreiv ein av dei hardaste språkpolitiske motmennene til Aasen, professor Johan Storm:

Under Trykningen af denne Bog er den store Mester Ivar Aasen afgaaet ved Døden, 83 Aar gammel. Ved hans Død erkjendes det af alle Partier, at en stor Mand her er vandret bort, en Mand af grundlæggende Betydning for det norske Folk. Ivar Aasen var stor i alt hvad han gjorde. Også hans Landsmaal var et storslagent Experiment, stort tænkt og skjønt formet. Selv om det ikke kan naa frem til almen Gyldighed, saa skal det dog staa for os som et Ideal, et Mærke, der skal vise os, hvad der er norsk.

Vi skal her sjå attende på livsvegen og arbeidet åt Ivar Aasen, med tanke på å skjøna kva som gjorde at ein bondegut frå ein småkårsheim på Sunnmøre kunne få ein slik posisjon i Noreg på 1800-talet at ord som dei Storm og andre skreiv ved avferda hans, kunne kjennast rettkomne.

Heimegrunnen

Ivar Aasen vart fødd på ein liten gard i Hovdebygda i Ørsta 5. august 1813. Han var den yngste av åtte sysken og kom til verda sju år etter den nest yngste. Han miste mor si då han var tre år gammal, og far sin då han var 13. Før mora døydde, var ho mykje oppteken av at vesleguten måtte få lære å lesa; det var ikkje alle som gjorde det den tida. Det skulle syne seg at ho hadde hatt liten grunn til uro. Ivar lærde helst å lesa av seg sjølv, for det fanst ein bibel og nokre andaktsbøker i heimen. Han kom også på skule, ti dagar i året. Guten var liten av vokster, men hadde gode evner, og ved konfirmasjonen fekk han stå øvst på kyrkjegolvet. Men han stod der i ei lånt trøye, som var reint for stor åt han.

Arbeid og vokster

Då Ivar var 18 år gammal, vart han etter søknad omgangsskulelærar i heimbygda, etter at presten i Volda hadde prøvt han både i kunnskap og rett tru. Han var lærar i to år (1831–33). Då kom han i lære hjå prost Thoresen i Herøy og var der i to år (1833–35). Av prosten fekk han ei grunnskuling i latin og andre fag, ja, også i tale- og diktekunst. Prost Thoresen baud seg til å hjelpe han vidare på skule, men Ivar Aasen ville ikkje ta imot noka hjelp. I staden ville han sjå kor langt han kunne drive det ved å lesa og lære på eiga hand. Han meinte at han på den måten ville stå nærare bondestanden, som han ville tene og arbeide for med kunnskapane han vann seg. For det fyrste fekk han ei ny stilling, då han kom til herregarden Solnør, tre mil frå Ålesund. Der skulle han vera huslærar for dei seks borna åt kaptein Ludvig Daae og kona Barbara, som åtte garden.

Ivar Aasen var på Solnør i sju år (1835–42). Han nytta alle ledige stunder til å lesa og studere. Det var særleg to læreemne han likte å arbeide med, og som han derfor samla seg om i dei private studia sine; det var botanikk og grammatikk. Sommaren 1840 tok han med seg ei plantesamling han hadde laga, og drog til den plantekunnige prosten Deinboll på Molde. Det kom ikkje noko anna ut av turen enn at Aasen såg han var på rett veg i botanikken. Sommaren etter drog han til Bergen for å treffe kunnige folk der. Det var særleg biskopen i byen, Jacob Neumann, han fekk i tale. Plantesamlinga han hadde med seg, brydde Neumann seg lite om. Derimot vart han svært oppglødd av å sjå ein grammatikk Aasen hadde skrive over sunnmørsmålet. Neumann fekk Aasen til å skrive ein stutt sjølvbiografi, og den lét han prente i avisene saman med eit stykke der han sjølv skreiv om den merkelege, sjølvlærde bondeguten frå Sunnmøre. Han tala og skreiv om Ivar Aasen til rektor F.M. Bugge i Trondheim. Bugge var leiar for Vitskapsselskapet der i byen og fekk det til å løyve pengar til Aasen, slik at han kunne ta ut og granske bygdemåla på Vestlandet. Eit studium av norske bygdemål var noko som høvde godt med nasjonalromantiske tankar i tida.

På langferd for norsk folkemål

Den 29. september 1842 sette Ivar Aasen over Voldsfjorden frå Ekset. Han skulle ut på vandring for å lære å kjenne dei norske målføra, for det fyrste vestlandsmål. På denne ferda slo han seg ned nokså lenge på sentrale stader og studerte talemålet der grundig. Andre stader fór han lettare over, for det var ikkje råd å koma til kvar avkrok og heller ikkje turvande. Grunnlaget for arbeidet var samlingane han hadde med seg frå Sunnmøre. I Trondheim var det gjort vedtak om at Aasen skulle få løn i to år og arbeide på Vestlandet i den tida. Den fyrste vinteren var han i Sogn, lengste tida i Sogndal. Etter Sogn kom Nordhordland. Der måtte han vera mykje lenger enn han ynskte, i heile ni månader, fordi oppdragsgjevarane somla med å sende pengar. Etter dei to åra som var sette av til Vestlandet, vart det vedteke at han òg skulle fara over Sørlandet og Austlandet.

På kvar stad han slo seg ned, spurde Aasen seg fram til folk som hadde ord for kunnskap og daning. Dei som var viljuge og hadde stunder, spurde han så ut om talemålet i bygda, gjerne ut frå lister han hadde sett opp føreåt. Han skreiv opp ord og bøyingar av orda og tok òg med korleis orda vart brukte samanhangande i tala. Også anna folkeleg kulturstoff skreiv han opp, såleis ordtak. Ved sida av innsamlingsarbeidet dreiv han med å laga førebuande oversyn og utgreiingar for å planleggje og systematisere tilfanget sitt, slik at det ein gong kunne bli til kunnskap for alle. Det vart etter kvart mengder av hefte og notatbøker å halde orden på.

Etter å ha brukt det meste av det siste året til austnorsk, med standkvarter i Seljord, Nes i Hallingdal, Slidre i Valdres og Sel i Gudbrandsdalen kom Aasen i november 1845 til Trondheim. Der slo han seg ned om vinteren, med han arbeidde med samlingane sine og det han kunne dra ut av dei. I ein ny runde frå mai til fram mot jul 1846 fór han over Trøndelag, Nordmøre og Helgeland. Så var han atter i Trondheim til han drog til hovudstaden i september 1847. Med unntak av eit år heime i Ørsta vart han buande i Kristiania resten av livet. Det var ikkje lett å koma fram bygdemellom den gongen. Aasen gjekk nokså mykje og hadde elles heste- eller båtskyss når det høvde. I Trondheim rekna han saman og fann at han hadde fare 403 mil. Då Aasen seinare fekk fast løn til å føre arbeidet vidare, heldt han fram med innsamlingsferder i bygdene mest kvart år heilt til 1868.

Språksituasjonen i Noreg etter 1814

' Av di Aasen hadde arbeidt med stoffet på ferda, og av di han hadde ei mest utruleg stor arbeidsevne og ein klår tanke, fekk han snøgt ferdig eit resultat av granskingane sine, som han la fram i to bøker. I 1848 gav han ut Det norske Folkesprogs Grammatik og i 1850 Ordbog over det norske Folkesprog.

«Folkesprog» – det var eit anna ord for dialektane eller målføra. Den fremste autoriteten på språk og soge den gongen, den lærde historikaren P.A. Munch, roste både grammatikken og ordboka mykje i utførlege meldingar. Aasen tok rosen frå Munch og andre med stor ro. Han hadde planar om meir gransking og fleire bøker. Med dei to bøkene som var komne, hadde han berre lagt til rette eit grunnlag for det som måtte bli det neste steget. Det var å setja opp ei eiga skriftmålsform bygd på det han kunne få ut av dei sams draga i dei norske målføra. I hans eigen hug var det alltid ei drivande kraft under arbeidet med innsamling og skriving at det skulle tene til å fylle eit tomrom på språkarenaen i det frie Noreg.

Då Noreg vart løyst frå det 434 år lange sambandet med Danmark i 1814, hadde landet ikkje noko eige skriftspråk. Dei som skreiv, hadde lært dansk og brukte det. Men mange kjende på at det var uheldig og sårt og nærast naturstridig at Noreg som sjølvstendig stat ikkje hadde noko anna skriftspråk enn dansk. I 1830-åra vart det tenkt ut to ulike måtar som kan hende kunne nyttast for å skaffe landet eit eige skriftspråk. Henrik Wergeland og fleire med han meinte det rette ville vera å byggje ut og fornorske det danske skriftspråket med hjelp av tilsig, særleg av nye ord, frå dialektane i landet. P.A. Munch, som elles meinte vi skulle halde hardt fast på det danske språket og ikkje skjemme det ut med å prøve å gjera det norsk, kasta som ein strøtanke fram at det kan hende kunne lagast eit nytt skriftspråk ved å byggje på ein god dialekt og på gammalnorsk.

Etter å ha lese stykka av Munch og Wergeland tok også Ivar Aasen alt i 1836, som 22-åring, opp spørsmålet om skriftspråksstoda i landet. Det var i eit stykke på nokre få sider som han skreiv for sin eigen del mest som ei tankeøving. Stykket vart heller ikkje prenta før i 1909. Både av nasjonale og av sosiale og demokratiske grunnar meinte han det var mykje om å gjera å få fram eit eige norsk skriftmål. Det måtte byggje på det heimlege og overleverte talemålet. Det fyrste steget i arbeidet måtte vera å få samla inn språktilfang frå dialektane. På det grunnlaget og med rettleiing av gammalnorsk skulle kunnige folk setja opp forma på det nye skriftmålet. Då Aasen kasta fram denne tanken, hadde han rett nok ikkje meint at det skulle bli slik som det no røynleg hadde vorte, at det var han sjølv som både stod for samlearbeidet, og som etterpå kom til å laga ein skriftnormal.

Folkemålet blir til landsmål

Alt då han var på den lange innsamlingsferda si (1842–46) gjorde Aasen seg tankar om korleis eit skriftmål bygt på norsk talemål skulle sjå ut. Det fyrste heilskaplege utkastet la han fram i ei bok som kom ut i 1853: Prøver af Landsmaalet i Norge. Nemninga «Landsmaalet» stod her nett for det nye skriftmålet, eit mål for landet bygt på målet i landet. I den fyrste delen av boka let han prente ei samling med prøver på ulike talemål frå alle kantar av landet, 20 dialektar i alt. I den andre delen hadde han stelt til ei rad målprøver skrivne av han sjølv etter ei fast norm eller ein normal som Aasen mødesamt hadde prøvt seg fram til. Det var eit vanskeleg arbeid å laga eit sams skriftmål som skulle dekkje så mange ulike talemål. Det lét seg gjera fordi dei kom frå ei sams kjelde, målet i landet for mange hundreår sidan. Aasen løyste oppgåva ved å leggje nokre særmerkte dialektar til grunn og å jamføre det sams mønsteret som han drog ut av dei, med gammalnorsk. I føreordet til boka Prøver skreiv han at landsmålet han hadde sett opp, likna mest på målet i Hardanger, Voss og Sogn, men at det også hadde innslag frå mange andre dialektar.

Grammatikken og ordboka frå 1848 og 1850 gav oversyn over språktilfanget i dialektane. Men Aasen tok med ein gong til å gjera tillegg til bøkene, og han tenkte på nye utgåver. Etter kvart såg han det som eit stort lyte ved dei fyrste bøkene at dei ikkje baud på ei fast norm, slik at dei kunne fortelja korleis ein skulle skrive på grunnlag av norsk talemål. Med Prøver af Landsmaalet hadde han nok laga ei ramme for det nye skriftmålet, men det måtte framstellast utførleg og heilskapleg i vitskapleg gyldige bøker. Frå slutten av 1850-åra tok Aasen til å arbeide med det, som vart den neste store oppgåva han sette seg føre å løyse. Han bygde på tilfanget i dei fyrste bøkene og på nye samlingar han hadde skaffa seg etterpå. Ut frå alt dette arbeidde han ut ein ny grammatikk og ei ny ordbok. Dei var mykje større enn dei fyrste, men den avgjerande skilnaden i høve til dei fyrste bøkene var at dei nye sette opp ei fast norm for skrivemåten og bøyinga av eit skriftmål bygt på norsk tale. Det markerte Aasen med tittelen han gav bøkene: Det var ikkje lenger tale om ein grammatikk og ei ordbok over noko folkemål. Etter lange og harde arbeidsår med kvar bok gav han denne gongen ut Norsk Grammatik (1864) og Norsk Ordbog (1873). Dei vart grunnlagsdokumenta for landsmålet og for nynorsk.

Aasen var ein sann meister til å prøve seg fram med mogelege former av ulike slag og å få til eit skriftmønster der dei ymse delane høvde godt saman. Han måta formene til etter kvarandre som om han stelte med ein fin maskin, der kvar liten del har noko å seia for at heilskapen verkar og verkar godt. Språkvitskapsfolk som har studert det fine instrumentet etterpå, har vore opp i under over dugleiken hans til å hamre ut eit skriftspråk på det grunnlaget som skulle gjelde, norsk talemål overlevert frå gammalnorsk i dialektar over heile landet. At arbeidet var så grundig og vel gjennomtenkt, vil likevel ikkje seia at det ikkje kunne reisast kritikk mot løysinga åt Aasen, eller at det ikkje kom kritikk. Motlegg kom det frå fyrste stund, og det har vore usemje om norma, skrivemåten og grammatikken om lag frå Aasen sette alt dette opp, og fram til i dag.

Fleire meiningar om norma

Aasen døydde for hundre år sidan. Då hadde det gått noko meir enn eit halvt hundreår sidan han tok ut på den granskingsferda som det heile tok til med, og det var noko over førti år sidan han la fram den fyrste normalen for landsmålet – eller nynorsk, som målet har heitt etter at det fekk det noverande namnet ved lovvedtak av Stortinget i 1929.

Alt den fyrste viktige nynorskbrukaren etter Aasen, Aasmund Olavsson Vinje, prøvde seg fram med andre skrivemåtar enn dei Aasen hadde sett opp. Som den velkjende Drammens-korrespondenten skreiv Vinje avismelding om Prøver af Landsmaalet nokre dagar etter boka kom ut, og alt der hadde han kritiske synspunkt til nokre skrivemåtar Aasen hadde valt, endå han sa seg samd i hovuddraga og roste arbeidet mykje.

Seinare kom andre til, som ville skrive målet annleis på dei og dei måtane. Aasen sjølv var inderleg misnøgd med at dei ikkje følgde hans veg i eitt og alt, og han kalla dei mest hardnakka av dei som sarva med landsmålet hans, for Fuskere eller Folk som vilja øydeleggja heile Verket . Han meinte at om andre hadde granska saka like grundig som han sjølv, ville dei ha sett at løysinga hans var den rette, og eigenleg den einaste som kunne koma på tale.

I 1885 kom det ut eit viktig verk i normeringstradisjonen åt landsmålet: Garborg og Mortenson-Egnunds lesebok for høgre skular. Dei ymse tilskota i boka var tekne frå fleire forfattarar, som også skreiv noko ulikt. Dei to utgjevarane ville eit stykke på veg spegle av dei ulike skrivemåtane, men samla dei i to hovudnormer. Ei norm følgde skrivemåten åt Aasen og dei som skreiv nærast som han, ei anna var etter folk som skreiv målet noko annleis. Utgjevarane kalla det siste slaget for landsmål B. Aasen uttala seg ikkje i skrift om leseboka, men det er grunn til å tru at han likte dårleg at dei såleis på ein måte kløyvde landsmålet i to.

Av di målet vart skrive så ulikt, fastsette departementet i 1893 at nokre viktige landsmålsbøker skulle vera rettesnora for korleis målet skulle skrivast. Norsk Grammatik av Ivar Aasen var mellom dei, men det var også teke med andre bøker, som ikkje følgde Aasen i eit og alt. På dette steget stod saka då Aasen fall ifrå. Landsmålet hadde kome inn i skulen, men skrivemåten av det var ikkje eintydig. I 1898 sette departementet ned den fyrste rettskrivingsnemnda for landsmålet. Det var usemje mellom nemndmedlemene, men den eine som ville følgje Aasen nærast, Marius Hægstad, drog det lengste strået til slutt. Dei andre to i nemnda, Rasmus Flo og Arne Garborg, sette opp det såkalla midlandsmålet som si løysing på normspørsmålet. Med Hægstad-normalen vart lina åt Aasen ført vidare til 1917, men også midlandsmålet vart godkjent til bruk i skulen.

Aasen og nynorsk i dag

Vi skal ikkje gå detaljert vidare med soga om norma og skrivemåtane i landsmålet og nynorsk. Som vi veit, har målet Aasen ein gong sette opp, vorte revidert fleire gonger. Det har vore to føremål med dei ymse tiltaka og inngrepa: å leggje norma nærare til talemålet åt fleire språkbrukarar i landet og å leggje henne nærare bokmål. Både grunnlaget for revisjonane og den praktiske gjennomføringa har det vore strid om, til dels sterk strid. Det rår framleis usemje om korleis norma skal vera, men det skal vi ikkje gå inn på ved dette hundreårsminnet. Det er kanskje ikke noka ulukke heller; strid om målet syner at det lever.

Vi kan likevel nærme oss spørsmålet om norma i dag på ein måte som fører saka nært inn til hovudpersonen dette året. Ut frå arbeidet og synet åt Aasen då han skapte verka sine, skulle det vera mogeleg å gjera seg tankar om korleis Aasen ville ha sett på nynorsk i dag. Vi må byggje på grunnsynet hans, og rekne med at han ville ha halde fast på det, noko det heller ikkje er rimeleg grunn til å tvile på ut frå det vi veit om Aasen. Etter at han hadde vunne fram til avklaring i spørsmålet om norma, var det ikkje forandring eller skiftande skugge i hugen hans.

Eit slåande drag ved nynorsknorma i dag er at ho ikkje er einskapleg. Det er så mange jamstelte og tillatne former. Dei er der for å koma talemålet åt røynlege og mogelege nynorskbrukarar i møte, så føremålet har alltid vore og er aktverdig. Vi kan gå ut frå at det er bra med eit nært band mellom talemål og skriftmål. Aasen ville sjølvsagt òg at skriftnorma skulle høve saman med norsk talemål, men det var på ein meir landsdekkjande og idealisert måte. Det fyrste bodet hans var at Sprogformen bør kun være een . Dei som har stelt med målet i storting og styringsverk etter hans dagar, har avgjort den saka annleis enn Aasen ville.

Eit grunndrag i den grammatiske bygnaden åt landsmålet var knytt til valet av ending i bunden form eintal av hokjønnsord. Aasen delte hokjønn i to, med ulike former for sterk og linn bøying. Han skilde mellom former som soli og former som visa. Nett dette har vore ein slik skiljestein i måltradisjonen at vi på grunnlag av det gjerne talar om to slags nynorsk: i-målet og a-målet. Frå 1917 var a-målet mogeleg som skulemål, og frå 1938 vart det hovudforma. Etter 1938 har i-målet framleis vore skulemål, men ikkje til bruk i lærebøker. Som vi veit, har det aldri vore semje om dette mellom nynorskbrukarane. Det er ingen tvil om at Aasen ville ha halde på i-målet, så her har vi endå eit punkt der det gjekk annleis enn han ynskte.

På eit tidleg steg steig Aasen fram som ein stridsmann for å få landsmålet godteke ved sida av det målet som rådde i samfunnet den gongen; det var i 1850-åra. Seinare følgde han for det meste vake med i stridar om målet, men han var sjølv ingen verksam stridsmann for målsaka. Det kom andre som tok seg av den sida av saka, og så lenge han levde, var Aasen den store føregangsmannen og autoriteten som alle målfolk såg opp til, endå om dei ikkje alltid rette seg etter han.

Vi kan sjå på nynorsk i dag frå andre sider, såleis etter kva stode det har som bruksmål i samfunnet. Aasen var ingen føretalar for å gå snøgt fram med å føre inn landsmålet eller med å ta det i bruk på nye område. I staden la han vinn på at val og bruk av målet skulle gjerast trygt og vel gjennomtenkt. Det viktige vedtaket om rett til å bruke heimemålet i skulen og jamvel jamstellingsvedtaket i 1885 eller målparagrafen i skulelova av 1892 sette ikkje store far etter seg i det han skreiv om mål og målsak for seg sjølv eller andre.

Ivar Aasen tala ikkje landsmål, og heller ikkje dialekt anna i særhøve når han kom saman med sunnmøringar. Talemålet hans hadde målføret frå Ørsta som lydleg utgangspunkt, men truleg alt som lærar i heimbygda, og visseleg som elev i ein prosteheim og i mange år som huslærar hjå kapteinsfolka på Solnør la han seg etter eit talemål bygt på norsk dana daglegtale og på dansk skriftmål. Kunstproduktet som han såleis dyrka fram, vart det vanlege talemålet hans seinare i livet. Endå han sjølv aldri brukte noko som likna normbunde landsmål i tale, kom han i grammatikken for landsmålet med merknader om korleis målet skulle brukast munnleg. Særs tydeleg er det ein stad der han seier føre at den d-en som vart skriven i ord som «Tid» og «Lid» (no «tid» og «li»), skulle vera med i tale like mykje som d-en i «Dag». Om Aasen hadde kome att til Noreg i dag, ville han sikkert ha undra seg over kor fritt og naturleg mange våger å bruke det heimlege talemålet sitt, men han ville også ha undra seg over at nynorsk normaltale er så lite vanleg når nynorsk skriftmål har fått så godt rom.

Både med han levde og i dei hundre åra etter har det jamleg stått strid om Ivar Aasen og det han stod for. Heller ikkje vi som i dag av indre overtyding og med signing av Kulturdepartementet minnest han med høgtid i hugen, skal lyse nokon gravfred over namnet. Det ber enno ein bodskap vend mot framtida og mot uløyste oppgåver for norsk mål.

 

-- Kjell Venås er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:26.11.2003 | Oppdatert:29.06.2015