Om engelsk i svensk (og norsk)

Både språkfolk og andre er ofte usamde om kor sterk eller farleg den engelske innverknaden på norsk språk er. Mange er redde for at engelsk skal øydeleggja norsk, medan andre vil hevda at låning av ord er ein normal, nyttig og såleis harmlaus prosess.

AV JOHAN MYKING

Etter Aasta Stene si doktoravhandling frå 1948 har det ikkje vore laga større granskingar av engelsk påverknad på norsk allmennspråk, så på mange måtar har nordmenn meir meiningar enn handfast kunnskap om dette. I 1988 kom det ut ei doktoravhandling ved Stockholms universitet som bør kunna bøta noko på den norske skorten på systematisk kunnskap.

Boka Engelskan i svensk dagspress av Judith-Ann Chrystal er ei stor gransking av av engelske innslag i eit utval aviser frå 1984. Svensk og norsk språk og språk(røkt)kultur har svært mykje til felles, og dei to språka er utsette for den same engelske påverknaden. Det som kan seiast om svensk språk på dette feltet, kan derfor i stor grad overførast på norske tilhøve.

Aviser som kjelde

Hovudspørsmålet for Chrystal er ikkje å finna ut kor mange engelske ord det finst i svensk, men å seie noko om korleis låninga går føre seg, og kvifor engelske lån i det heile vert nytta. Forfattaren har nytta aviser frå heile det svenske språkområdet som kjelde. Ho har samla 6880 belegg på 1014 ulike ord i eit tekstmateriale på 2,7 millionar (løpe)ord, og delt dei inn etter kor rotfeste dei er i svensk. Etablerte lån, ord som er registrerte i autoritative ordbøker, utgjer 84 %: stereo, leasing, doping. Vidare interimslån som ikkje finst i ordbøkene, men anten er brukte fleire gonger i materialet eller viser teikn på tilpassing til svensk bøying: metallic, workout. Endeleg uintegrerte lån, engelske ord eller større remser som ikkje viser teikn på tilpassing: «No problems», «Dancing drinking dining disco nightclub». Denne gruppa utgjer 7 %.

2,5 promille

Talmeterialet viser at det er brukt berre 2,5 engelske ord for kvart tusende ord i materialet, med andre ord utgjer det engelske innslaget berre 2,5 promille. Chrystal åtvarar mot å tolka dette som at innverknaden er liten og uviktig.

Det som særleg gjer avhandlinga interessant, er at Chrystal har lagt stor vekt på å drøfta samspelet mellom alle dei ulike faktorane som fører til låning. Dei mønstra ho finn, stemmer godt med dei inntrykka vi ofte får når vi les norske aviser.

Dei to største og mest interessante kapitla i boka tek for seg kva funksjonar innlåninga har (kap. 7), og kva emneområde låna høyrer til (kap. 8). Det er vanleg å meina at vi først og fremst låner ord for å dekkja omgrep morsmålet ikkje har uttrykk for, såkalla «ord-og-sak-lån». I kapittel 7 finn Chrystal at storparten av låna i materialet vert brukte om heimlege (svenske) sakstilhøve. Ord-og-sak-lån dekkjer over 90 % av materialet. Men Chrystal legg sterkt vekt på å drøfta dei 9 % av låna som på ymse måtar er brukte ekspressivt: Når engelske ord vert brukte om heimlege sakstilhøve, så er det ikkje alltid fordi morsmålet manglar ord for omgrep, men av andre grunnar: til å uttrykkja kjensler eller for å påverka. Chrystal finn at det er dei uintegrerte låna som oftast vert nytta på denne måten.

Musikk og lydteknikk

Chrystal kjem fram til at «endast de allra närmaste sfärerna kring familjelivet, religion, natur och väder [tycks] vara i stort sett uberörda av engelskans inflytande» (s. 173). Mengda av lån er større i annonsetekstar enn i redaksjonelle tekstar, og det er emneområda underhaldning, bil, båt, teknikk og sport som er dei viktigaste formidlarane. Særleg ord med tilknytning til musikk og lydteknikk er vanlege. Dei fire mest brukte låna i heile materialet er stereo, video, LP og rock, som alle er etablerte lån.

Annonsetekstar

Den mest «reine» og iaugefallande engelsken, dei uintegrerte låna, er først og fremst nytta i annonsetekstar. Dei fester seg ikkje alltid i språket, men det finist ein jamn straum av slilke nye lån inn i språket heile tida. Slike ord får ofte ei utforming og plassering i teksten som gjer dei påfallande. Sjølv om slike lån er få (sett i høve til det totale talet på ord), vert dei såleis likevel språkpsykologisk viktige. Dei gjer mykje av seg, og har derfor stor påverknadskraft. Eit anna funn er at mengda av engelske lån, særleg uintegrerte lån med andre funksjonar enn den referensielle, er større i storbyavisene enn i regionale og finlandssvenske aviser.

Denne avhandlinga gjev såleis eit bilete av moderne «by-livsstil» som den viktigaste drivkrafta for innlåning og bruk av engelsk. Chrystal sjølv konkluderer avhandlinga med å skissera to hovudtypar engelsk innlåning i svensk: Ein type avspeglar den faktiske materielle og sosiale utviklinga og gjev nye ord for nye omgrep. Den andre typen speglar av det allmenne kulturklimaet, og gjev mønster for «tillfällig inlåning av engelska uttryck framför allt i expressivt syfte».

Viktig avhandling

Judith-Ann Chrystal har levert ei omfattande og viktig avhandling ikkje berre om svensk, men om skandinaviske språktilhøve i det heile. Gode samandrag til kvart kapittel, dessutan ein klårgjerande sluttdiskusjon og eit oversynleg samandrag på engelsk, gjer det lett å få med seg hovudpunkta i drøftinga.

  • Judith-Ann Chrystal
    Engelskan i svensk dagspress
    Esselte studium
    246 sider

 

(Språknytt 1/1990)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:26.09.2014 | Oppdatert:18.12.2015