Norsk språkråd – funksjon og oppgåver

Det finst mange språkkløyvde land i verda, men ingen har ein språksituasjon som heilt ut kan jamførast med vår.

AV JOHS. AANDERAA

Det tyder ikkje at problema hos oss er større. På fleire måtar kan ein seie at den norske språksituasjonen er enklare – eller burde vere enklare – enn i dei fleste andre språkkløyvde land i og med at dei to måla står så nær kvarandre. Det har vist seg at problema ikkje dermed er lettare å løyse. Historiske, nasjonale og sosiale årsaker har gitt språkstriden og den offentlege språkpolitikken hos oss ein spesiell karakter, som er særnorsk også på den måten at løysingar berre kan søkjast ut frå våre eigne føresetnader og ikkje ut frå allmenne røynsler i andre land.

Språkstriden har hatt mange positive sider, slik m.a. Vogt-komitéen har peikt på. Men striden har også skapt problem vi hittil ikkje har greidd å hanskast med på ein tilfredsstillande måte. Det er bakgrunnen for at Norsk språkråd er skipa.

Ei språkpolitisk nyskaping

Norsk språkråd fører vidare Norsk språknemnds arbeidsoppgåver, men er i prinsippet ei språkpolitisk nyskaping. Språknemnda hadde hovudsakleg normerande og andre reint språklege oppgåver. Språkrådet er i tillegg pålagt å ta seg av ei rekkje juridiske og administrative spørsmål som har samanheng med den allmenne språksituasjonen vår. Slike språkpolitiske oppgåver fall stort sett utanom mandatet til Norsk språknemnd. Både i prinsippet og i praksis er denne utvidinga av arbeidsområdet viktigare enn den varsame endringa av grunnlaget for normeringsarbeidet.

Vi har hatt fleire rettskrivingsnemnder i vårt land, men Vogtkomitéen var den første offentlege komitéen med den oppgåva å drøfte den allmenne språksituasjonen i landet. På same måten er Norsk språkråd vårt første permanente organ til å ta seg av slike problem. Så vidt eg kjenner til, finst det heller ikkje noko tilsvarande organ i andre land med eit så vidt språkpolitisk mandat. Dei andre nordiske språknemndene har t.d. stort sett same avgrensa arbeidsoppgåver som Norsk språknemnd hadde, til dels enda sterkare avgrensa til reint faglege språkproblem.

Ein kan spørje seg kvifor vi med vår spesielle språksituasjon – så seint fekk ein allmenn språkpolitisk komité og først i 1972 eit fast språkpolitisk organ. Den avgjerande grunnen synest å ha vore at språkspørsmålet av historiske årsaker har vore sett på som ei så klar politisk sak at Stortinget åleine var det naturlege organet til både å drøfte og ta avgjerder i slike allmenne spørsmål.

Stortinget har framleis det siste ord i alle viktige språkspørsmål, og det kan vanskeleg vere annleis i vårt land. Formelt har nasjonalforsamlingane i andre land ein tilsvarande avgjerdsrett, men dei fleste språkspørsmål, særleg normering og andre reint faglege spørsmål, er som regel i praksis delegerte eller overlatne til andre organ, stundom private eller berre halvt offisielle institusjonar. Norsk språkråd kan innebere ei viss, – men nokså varsam – utvikling i same lei også hos oss.

Norsk språkråds status

«Norsk språknemnd er eit rådgjevande organ» stod det først i § 1 i vedtektene for Norsk språknemnd. Det galdt såleis allment. Berre etter fullmakt frå styresmaktene kunne nemnda «ta avgjerd i ymse spørsmål». Denne fullmakta vart aldri gitt i viktige spørsmål.

Det er ikkje presisert på same generelle måten at Norsk språkråd er eit rådgivande organ. Lova frå 18. juni 1971 deler opp arbeidsoppgåvene under seks bokstavar, og berre under ein av desse bokstavane er det tale om å «gi myndighetene råd». Her er det fastsett at Språkrådet skal «gi myndighetene råd i språkspørsmål, særlig når det gjelder språkbruken i skolen, i Norsk Rikskringkasting og i statstjenesten, uttale seg om prinsipper for normering av skriftspråket og av stedsnavn, og komme med forslag om lovgivning i språkspørsmål» (§ 1c).

I dette avsnittet er det altså uttrykkeleg tale om råd, som styresmaktene etterpå skal vurdere. Formelt og reelt har dei høve til å la vere å følgje rådet.

Dei andre oppgåvene som er nemnde i lova om Språkrådet, kan rådet etter lovformuleringa ta seg av sjølvstendig. Det er her m.a. nemnt at rådet skal verne om språkleg kulturarv og «den enkelte borgers rettigheter når det gjelder bruken av språket», og vidare at rådet skal «fremme samarbeid i dyrkingen og normeringen av våre to målformer og støtte opp om utviklingstendenser som på lengre sikt fører målformene nærmere sammen». Tre kortare avsnitt omtaler råd og rettleiing til allmenta, nordisk språksamarbeid og informasjon om arbeidet i rådet.

I første omgang vil ein lett få det inntrykket at Språkrådet på grunnlag av denne lova står svært fritt og t.d. kan gjennomføre ein politikk som avvik vesentleg frå den språkpolitikk styresmaktene elles måtte ønskje å føre. Dette er nok likevel ikkje tilfellet. Bokstav c, som taler om å «gi myndighetene råd», synest klart å vere den viktigaste når ein les lova i samanheng, for formuleringane her er så omfattande at dei i prinsippet dekkjer alle tenkjelege språkspørsmål. Konklusjonen blir at Norsk språkråd i det vesentlege er eit rådgivande organ til liks med andre statlege råd, trass i at lova kan gi inntrykk av noko anna. Likevel er det rimeleg å gå ut frå at råda frå Språkrådet stort sett vil bli følgde (dersom det ikkje skulle vere formelle eller reelle forhold som Språkrådet har oversett), og at Språkrådet får arbeide relativt sjølvstendig innanfor den generelle ramma som lova set, og innanfor ei godkjend budsjettramme.

Ei skjør plante

Norsk språkråd er ei skjør plante. Rådet kan berre fylle oppgåva si så lenge alle viktige fraksjonar finn det formålstenleg å arbeide innanfor dette organet. Eit slikt samarbeid om spørsmål som er så kontroversielle i vårt land, krev vilje til kompromiss frå alle partar, stundom beint fram evne til resignasjon i somme hjartesaker. Det skulle likevel vere von om å nå vesentlege resultat som dei aller fleste er tente med.

Vedtektene fastset som kjent at alle avgjerder ved plenumsdrøfting i rådet krev fleirtal i begge seksjonar. I mange tilfelle vil det springande spørsmålet såleis vere om rådet i det heile er i stand til å gjere noko vedtak. Dette tilhøvet understrekar enda sterkare at «kompromissets ånd» er den avgjerande føresetnaden for at arbeidet i Språkrådet skal lykkast. I politikk – og det er til sjuande og sist i vesentleg grad politikk rådet er sett til å ta seg av – er det ofte ein nødvendig dyd å leite seg fram til rimelege kompromiss. Elles kan Språkrådet komme til å setje seg sjølv utanfor i og med at rådet ikkje blir i stand til å gi råd. Andre står dermed heilt fritt til å avgjere sakene, kanskje på ein måte som Språkrådet ser seg aller minst tent med.

Språkvern og språkdyrking

«Det opprettes et råd for språkvern og språkdyrking» står det først i lova om Norsk språkråd. Eg vil vone at rådet ikkje druknar i strid om normering og andre sterkt kontroversielle spørsmål slik at desse hovudoppgåvene blir forsømde.

I den kulturmeldinga som nyleg er lagd fram for Stortinget (St.meld. nr. 8 (1973–74), Om organisering og finansiering av kulturarbeid), heiter det m.a. (s. 56):

«Departementet meiner at arbeidet til Språkrådet bør styrkjast og byggjast ut. Det er særleg grunn til å leggje større vekt på språkdyrking og opplysningstiltak ved sida av det normeringsarbeidet og dei mange reglar for målbruk som er nødvendige i eit språkkløyvd samfunn. På fleire måtar er norsk språk i dag truga av presset frå større språksamfunn, særleg engelsk. Det vil bli ei viktig oppgåve i åra framover å fremme tiltak som kan styrkje vårt eige språks stilling i framtida.»

I noko større perspektiv er dette den store utfordringa til Norsk språkråd.

(Språknytt 3/1973)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:15.10.2004 | Oppdatert:05.10.2015