Kaste-på-stikka-språket og tilnamnet «Hertingen»

I denne artikkelen vil eg gi eit lite døme på kva slags problem og val Norsk språkråd kan komma opp i når det skal fastsetta skrivemåten for ord som ikkje tidlegare har fått ei normert skriftform.

AV ERNST HÅKON JAHR

Eg skal bare drøfte eitt einskilt ord, men først skal eg seia litt om det særspråket der akkurat dette ordet er i bruk. Å kaste på stikka var ein velkjent våraktivitet i Asker der eg voks opp. Straks det dukka opp bare flekkar på grusvegane, var gutane på plass med brune, og noen svarte, femøringar. Mange var med og kasta, men fleire stod rundt og bare såg på. Eg var nå mest blant dei siste. På 5–7 meters hald kasta deltakarane femøringane fram mot stikka, hos oss nesten alltid ein liten fallekniv med breisida av knivbladet vendt mot pengekastarane.

Rundt denne våraktiviteten var det utvikla eit eige ordtilfang, det var mest som eit lite særspråk. Ordet stikka er mest kjent, det var kniven eller pinnen som det var om å gjøra å komma nærast med femøringen. (Vi kasta aldri på strek eller mot vegg, men det gjorde dei andre stader.) Teljemåten som fortaIde kven som skulle kaste først og sist, var i bruk også på område utafor stikkekastinga: fus, and, tredd, fjer, femt, sjett osv. Men dei fleste ville helst kaste som sistemann, og derfor brukte ein heller å telja bakfrå. Da var utgangspunktet det å vera sjakk = sist, og vidare: nest-sjakk, tredde-sjakk, fjerde-sjakk osv. Innsatsen var altså fem øre. Kom ein lengst frå stikka etter første kastet, hadde ein rett til eit omkast med same femøringen. Men var ein framleis sist, blei femøringen tatt ut og lagd i potten, gjerne ein avgrensa sirkel eit lite stykke bak stikka. Skulle ein da vera med lenger, måtte ein lappe, dvs. ta fram nye femøringar og kaste dei. Men med dei hadde ein bare eitt kast før dei kom i potten. Så lappa ein inntil ein låg betre til enn ein av dei andre. Såg det ut til at to femøringar låg like langt frå stikka, måtte det måling til. Det blei gjerne gjort med eit strå. Det blei kalla for kjerring viss femøringane låg like godt an, og da var det omkast mellom dei to. Kvifor ein sa «det er kjerring» om ein slik situasjon, er eg ikkje kar om å forklare. Viss ein ikkje ville lappe, eller lappe meir, gjekk ein ut av spelet førebels. Resten av spelarane heldt fram inntil éin stod att som bestemann. For å bli best måtte ein som regel få plakkat, og dessutan vera flink til å klinke vekk femøringane til dei andre som låg best an frå før. Plakkat tydde at femøringen låg an i stikka. Ofte kunne ein runde ta fleire timar, og da var det alltid både sølv og setlar i potten. Noen gonger prøvde kjeltringar blant tilskodarane å lurke pengar frå potten, helst ved å setta eine foten på ein mynt som låg litt for seg sjølv. Slik lurking var lite velsedd, naturleg nok. Til slutt kunne det endelege spelet om potten ta til. Den som var blitt best i kastinga, skulle kaste opp eller riste (opp) potten først. Han kunne da som regel velja fl eire måtar å gå fram på. Var det setlar i potten, nytta ein helst ein femøring og slo kron eller mynt om setlane. Var det mye sølv i potten (10-, 25- og 50-øringar, og kronestykke), rista ein det for seg, og til slutt rista ein så femøringane. Den som rista, sa kron eller mynt, men kunne også seia halten dersom antall myntar i potten utgjorde eit like tal. Sa han halten, og det blei like mange kron som mynt når han rista opp, fekk han alt. Men han fekk ingen ting dersom det blei fleire kron enn mynt, eller omvendt. Så det var sjeldan noen våga seg til slikt når det var mange myntar i potten. Når førstemann hadde rista ferdig og fått sin del, var det nestemann sin tur, og såleis utover til sistemann, dersom det var noe att av potten så lenge.

Kva har så dette å gjera med tilnamnet «Hertingen», som vi finn i boka Fyr og flamme (1980) av Kjartan Fløgstad?

Jo, eg har eitt ord att frå kaste-på-stikka-språket, nemlig verbet å herte. Det var lov for to å samarbeide gjennom heile spelet, da med bare ein femøring som førsteinnsats. Skulle dei lappe, kasta dei annankvar gong, og til slutt rista dei potten saman og delte utbyttet. Desse to herta, og slik herting var slett ikkje noe uvanleg. Men eg kan ikkje hugse at verbet herte blei brukt allment utafor det særspråket vi hadde når vi kasta på stikka.

I Fyr og flamme blir klengenamnet til personen Hans Attraa forklart slik (s. 43):

Snart sat Hans Attraa med blekkfatet fullt av skåldande varm suppe, og då det viste seg at det blei for lite til alle, reiste Hertingen seg så alle kunne sjå det og tømde suppa si tilbake i gryta. «Vi får herta,» sa Hans Attraa. Så delte dei maten likt seg imellom, og ingen fekk for mykje og alle fekk fint lite og lite nok, og då ingen hadde høyrt dette ordet herta brukt om å dela før, fekk Hans Attraa frå Grønland i Kristiania etter dette namnet Hertingen, som han sidan skulle bli hangande med opp gjennom heile livet.

Verbet herte er verken med i Tanums rettskrivningsordbok eller Helleviks Nynorsk ordliste. Skal ordet komma inn i ordlistene, må ein avgjøra korleis skrivemåten skal vera. Bør det skrivast herte? La oss sjå litt meir på ordet.

Uttalen er /hæţe/, og i samsvar med ordet erte /æţe/ skulle herte vera ein fornuftig skrivemåte for å gjengi uttalen*. Men det er her normeringsproblemet melder seg. I norsk skriftspråk er det ikkje bare uttalen som avgjer korleis vi skriv, det skulle vera kjent nok. Historia til ordet bestemmer også, t.d. når vi skriv fjell men sild, mann men sand, krus men cruise, og mange fleire. I tillegg til språkhistoria spelar samanhengen mellom ord og ordformer også ei stor rolle. Vi skriv ikkje tung – tunkt etter uttalen, men tung – tungt; for å vise sambandet mellom dei to formene. Slik også med hug – hugse (ikkje hukse), dag og dagsverk (ikkje daksverk) osv.

Kva så med herte? Ordet tyder altså 'dele, samarbeide (slik at ein deler, får halvparten kvar)'. Ein skulle derfor kunne gå ut ifrå at ordet har noe med halv eller halvt å gjera, halvere. Men korleis kan vi da forklare uttalen /hæţe/?

I dette høvet går ikkje /ţ/ attende på r + t, slik som i surt /su:ţ/ av sur, men på tjukk l + t, som i gult /gu: ţ/ av gul /gu:l/. Dersom ein her skreiv rt for lyden ţ, ville dette derfor vera ein «falsk» skrivemåte. Lyden æ i /hæţe/ må komma frå e eller frå ei såkalla «opning» av a til æ. Ifølge Amund B. Larsen si bok om Oslo-målet (frå 1907) finst ikkje overgangen a til æ i Oslomålet. Men det er ikkje heilt rett. Det heiter nok kalv, ikkje kælv, om sjølve dyret, men kælv kan likevel brukast i tydinga 'klossmajor'. Vi finn også kælk (av kalk), t.d. er ordet kælkastrå belagt i det store TAUS-materialet. Andre døme på overgangen a til æ i Oslo-området er klædd 'tufs', skræbb 'sykkel', skærp 'gløgg', skvælpe v., Gæljebærr = Galgeberg. (Eg får vel her legge til at det målet eg kjenner frå Asker, ikkje er det gamle Askermålet, men eit mål som heilt ut samsvarte med folkemålet i Oslo.) Men vokalen æ kan au komma frå e, slik Hans Ross skriv ordet i si Norsk Ordbog. I så fall kjem herte av helvt, ikkje av halvt. Så ein etymologisk skrivemåte av verbet herte skulle vera helvte eller halvte. (Eit lite problem er at det også heiter halten /halten/ i kaste-på-stikka-særspråket, opplagt laga av halv /hal/. Vi skulle kanskje venta /hæţen/, analogt med /hæţe/, men forma på dei to orda viser at dei ikkje er komne inn i dette særspråket i lag og i samband med kvarandre, men frå ulik kant, og kan hende på ulik tid. Eg trur ikkje noen av spelarane kjente det slik at desse orda hadde noe med kvarandre å gjøra.) Men viss herte etymologisk burde skrivast helvte eller halvte, står vi overfor eit prinsipielt normeringsspørsmål: kva skal få mest vekt, uttalen eller etymologien? Ivar Aasen ville ganske sikkert ha valt helvta/halvta (med a-infinitiv). Da blir ordet dessutan sjølvforklarande ved at vi ser samanhengen med ordet helvt/halvt. Men dei som bruker ordet og veit om ordet, ville ikkje kjenne det att dersom det skulle skrivast slik. Ein «naturleg» og spontan skrivemåte synest å gi herte, slik Fløgstad skriv i boka Fyr og flamme. I eit tilfelle som dette må dei som normerer skriftspråket (altså Norsk språkråd), ta standpunkt til om ein skal legge mest vekt på etymologien eller på uttalen.

Det kan også vurderast om det er mogleg å finne andre løysingar, t.d. hælvte, hælte?

Kva eg meiner? Eg meiner nok vi bør ta mest omsyn til uttalen og skrive herte.

(Språknytt 3/1982)

* Ein prikk under konsonanten tyder «tjukk» uttale, som i austnorsk uttale av bort /boţ/, perle /pæļe/, barn /ba:ņ/.

 

Ernst Håkon Jahr er førsteamanuensis i norsk språk ved Universitetet i Tromsø. Han var med i den prosjektgruppa som gjennomførte Talemålsundersøkelsen i Oslo (TAUS). og har skrive fleire av kapitla i rapporten frå TAUS: Oslomål, 1978. Han har òg skrive om språkrørsla Østlandsk reisning (1978) og om det nordnorske hjelpespråket russenorsk (1981, saman med Ingvild Broch).

Jahr er medlem av nynorskseksjonen av Norsk språkråd, der han er oppnemnd av Landslaget for språklig samling.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter