Ande vande dansar cancan i sikksakk

Om ekko-ord i norsk

AV ODDRUN GRØNVIK

I ordbøker og grammatikkar er det det sentrale ordtilfanget som er best kjent og grundigast skildra. Det gjeld for norsk liksom for andre språk. Både omgrepsapparatet og stilkjensla er i særleg grad knytt til det. Men det er mykje å feste seg ved i utkantane og! No har ein lesar av Språknytt skrive og bede om å få vite meir om ei slik utkantgruppe av ord. Det gjeld ord som alle nyttar, endå om dei er lite påakta – ord av typen beriberi, hokuspokus, sikksakk.

Det første ein legg merke til, er at desse orda er todelte, og at andreleddet tek opp att førsteleddet – anten heilt likt, eller litt endra. Dette har gjeve ordgruppa namn. Dei blir gjerne kalla for ekko-ord, Til ekko-orda reknar ein òg ord som inneheld eit tillegg til den delen som blir teken opp att, til dømes ei forstaving (hoppsasa), bindevokal (dikkedikk) eller utlydskonsonantisme berre i siste staving (kokong).

I norsk, liksom i dei andre germanske måla, fell desse orda i tre grupper. Det er

1) ord der andreleddet er heilt likt førsteleddet (t.d. barbar, beriberi, bongbong, cancan, cha-cha-cha, chowchow, dikkedikk, dumdum(kule), gakkgakk, go-go 'dans utan opphald', 'oppjaga, hektisk stemning', ko-ko, nøff-nøff, tamtam(tromme), tutu 'kort strutteskjørt til ballett', vov-vov.

Nokre ord har som nemnt tillegg, t.d. (hopp)sasa, kokong, kokos, kokotte 'finare prostituert', 'leirform til matlaging').

2) Ord og uttrykk med rim-ekko, der andreleddet har ein annan konsonant (eller konsonantgruppe) i framlyd enn førsteleddet, til dømes bimmelim og bommelom (bamespråk) 'urin og avføring', dingeling full rulle 'høg, oppjaga stemning, full fart', guru, hokuspokus, hoppogloppo 'på slump', i hurten og sturten, jetsett, kivi, kiwi (-frukt), klabb og babb, piknik, plateprate av platepratar 'diskjockey', rusk(om)snusk, sim(sala)bim, skalte og valte, voodoo, walkie-talkie.

Denne typen finst òg i respektlaus namngjeving i norske folkeeventyr, t.d. ande vande, gåse våse, mann brann.

3) Ord der andreleddet har ein annan vokal enn førsteleddet, til dømes dilldall, ding-dang, dingeldangel, ditt og datt, fiksfakseri, flikkflakk, hipp som happ, klikk-klakk, krimskrams, lirumlarum, miksmaks, pikkpakk, ping-pong, sikksakk, snikksnakk, tikk-takk, tipp topp, tissetass, virvar, visvas. Nokre formelt nærliggjande ord er dikkedarar fl, samansurium, tullball.

Norsk er elles rikt i ordlag av typen tusle og tasle, rusle og rasle, krisle og krasle, rusk og rask som òg må reknast med i denne samanhengen.

Dei fleste av desse orda følgjer tredje avlydsrekkje: i – a – (som i sterke verb binde – batt). Heretter kallar eg desse ekko-orda for ord med avlyds-ekko.

Dei fleste ekko-orda er substantiv (helst hankjønn eller inkjekjønn) eller utropsord. I ein del tilfelle har slike utropsord danna eit ord med annan ordklasse. Døme kan vera gakkgakk, som både er eit lydord for andekvekking og eit substantiv 'and', og ko-ko, som både er lydord for kallinga til gauken og eit adjektiv som tyder 'galen, sprø'.

I bruk er substantiva oftast nytta i grunnform (for noko snikksnakk!), men døme i bunden form eintal finst (dette pikkpakket vil eg ikkje dra på lenger). I ordsamlingane ved Universitetet i Oslo er det få døme på at desse orda er brukte i fleirtal, om dei då ikkje er fleirtalsord, som dikkedarar.

Når det gjeld tyding, har ekko-orda også sams drag. Som nemnt er mange av dei (opphavleg eller framleis) lydord (dikkedikk, gakkgakk, ko-ko, nøffnøff, vov-vov; dingeling; ding-dang, klikk-klakk, lirumlarum, ping-pong, tikk-takk). Mange er utropsord knytte til visse situasjonar (hokuspokus, hoppsasa, simsalabim).

Mange av orda har som deltyding 'noko verdilaust, rot, røre, tøv'. Det gjeld særleg avlydsord som dilldall, krimskrams, miksmaks, pikkpakk, snikksnakk, virvar, visvas. I samband med det kan det nemnast at i-lyden ofte kan symbolisere forminsking. Såleis kan i i førsteleddet av avlydsorda ha som funksjon å understreke at det dreiar seg om noko uvesentleg småtteri.

Stavingsdobling er vanleg i barnespråk – og i vaksenspråk retta til dei aller minste – verda over. Norske døme på etablerte ord kan vere dadda, mamma, pappa, vov-vov. I ordlæringsfasen vil småbarn ofte lære seg nye ord med å ta opp att første staving, t.d. baba for bade.

Nokre få ekko-ord er nøytrale nemningar for sakomgrep. Døme er beriberi, dumdum(kule), guru. Men rimverknaden, leiken med lyd i ekko-orda, gjer at dei fleste ber med seg ei sams kjensle av ei slags brukarhaldning til saksinnhaldet, som gjer at dei høyrer heime i (munnleg) uformell språkbruk, kvardag og komedie. Bruksdøma i ordsamlingane ber bod om temperament, humor og kanskje ein slags trong til litt lovløyse, til å bryte opp stivna mønster. Ein tragisk helt kan søkke ned i mismot over kaos i livsstoda si, men ikkje over eit virvar! Om eit ekko-ord har same tyding som eit meir nøytralt ord, er det ekko-ordet som er førsteledd i samansetjingar med nedsetjande valør: Døme er pappagutt (ikkje fars gutt), mammadalt (ikkje mors dalt).

Denne kjensla for stilverdet til ekkoorda er sams for alle dei germanske måla, og kan vere noko av grunnen til at det er skrive lite om ekko-orda i enkelte ordbøker over standardmålet. Samuel Johnson tok dei med i den første store ordboka over engelsk (frå 1755) så å seie under protest; han meinte dei var «for grove og simple for dei kjenslevare» og «berre høvelege i låttvekkjande samtale». Ivar Aasen har ingen av døma ovanfor som oppslagsord (dei fleste er lånord). Men Norsk Riksmålsordbok har mange av dei, og likeins Bokmålsordboka og Nynorskordboka.

Rimverknaden gjer at ekko-orda er lette å hugse. Saman med draget av leik og temperament gjer det at ekko-orda høver som blikkfang, mellom anna i reklame. Eit døme er Bjelland-reklamen Ikke noe snikk-snakk – Bjellands hermetikk, takk!. Andre marknadsføringsdøme er forretningsnamnet Bik Bok, varenamnet tripp-trapp-stolen, kattematmerket Kitekat osv.

Ekko-orda kjem frå all verdsens kantar, noko opphavsopplysningane i til dømes Nynorskordboka eller Norsk Riksmålsordbok syner. Berre nokre hovuddrag skal nemnast her.

Svært mange av orda med avlydsekko, dvs. gruppe 3 framanfor, er sams for dei nordiske språka. Mange finn vi att i engelsk og tysk. Vi reknar med at dei fleste er lånord frå tysk. Men det er ikkje noko i vegen for at somme kan vere heimelaga. Ordet dilldall har eg ikkje funne i ordbøkene for anna enn norsk, men det kan sjølvsagt godt vere i bruk for det. Somme av dei engelske og tyske orda har bruksdøme frå sein mellomalder, og har såleis ein ærverdig alder.

I fransk er det type 1 som er det vanlege, og dei lånte ekko-orda frå fransk til norsk er å finne der.

Denne typen er vanleg i mange språk verda over, og ser ut til å ha gode kår i hjelpespråk som oppstår der fleire språk og kulturar møtest. I ein stor språkfamilie i Afrika, ofte kalla bantuspråka, er det ein eigen ordklasse av ubøyelege ord (ideofon) som gjev att sanseinntrykk, først og fremst høyrsle, men òg syn, hudkjensle osv. I desse språka bruker ein regelbunde oppattaking for å intensivere verknaden av grunnideofonet (liksom pang-pang er sterkare og meir dramatisk enn pang). Ei slik tydingsforsterking kan ein vel spore i norsk òg, jf. dill og dilldall, pakke og pikkpakk.

Det er først og fremst dei språkfolka som arbeider med bøyingssystem, som har interessert seg for oppattaking. Som ordlagingsmåte har dette vore lite påakta, og det kan vere heller tilfeldig kva ein får tak i av døme.

Dei som er nemnde her, er berre dei mest kjende ekko-orda i norsk. Men ordlagingsmåten kan leve og bløme for det. Fleire av døma ovanfor er etter måten nye, somme innførde jetsett) og somme heimenorske (plateprate). I engelsk kjem det stadig til nye ekko-ord,og det som oppstår i engelsk, har lett for å spreie seg. Så det er god grunn til å halde auge med denne eldgamle ordlagingsteknikken også i åra framover.

(Språknytt 2/1993)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:30.09.2004 | Oppdatert:18.12.2015