Det nye testamentet 2005

AV HANS OLAV SAGRUSTEN

Det Norske Bibelselskap gav i november 2005 ut ei revidert omsetjing av Det nye testamentet (NT) på bokmål og nynorsk. Den nye utgåva fekk namnet NT 2005. Samtidig arbeider Bibelselskapet med ei revidert utgåve av Det gamle testamentet (GT) òg. Innan 2010 håpar ein å ha kome gjennom heile Bibelen.

Mange har helsa ei ny utgåve velkomen, medan andre har spurt seg: «Kan det vera nødvendig med ei ny bibeltekst alt no?» Ein synest ikkje det er så lenge sidan 1975, då det førre nytestamentet kom, og 1978, då heile Bibelen var ferdig omsett.

I denne artikkelen vil eg peike på nokre sider ved den reviderte utgåva. Sidan eg er ein av omsetjarane, er eg på ingen måte objektiv. Men lesaren har full tilgang til alle tekstene på nettstaden www.bibelen.no. Der kan ein samanlikne NT 2005 med utgåvene frå 1978/85 og 1930/38.

30 års levetid

Internasjonalt reknar ein med at levetida til ei bibelomsetjing er 30 år. Innan den tid må ein difor finne ut om ein vil starte heilt på nytt, med ei ny omsetjing, eller revidere den utgåva ein har. Bibelselskapet valde ein revisjon.

I United Bible Societies reknar dei med at det tek 15 år å fullføre ei ny omsetjing, medan ein revisjon tek sju og eit halvt år. Difor må ein avgjera i god tid om ein skal omsetja på nytt eller revidere.

I styrevedtaket i Bibelselskapet i 1999 heiter det at omsetjinga frå 1978, med nokre justeringar i 1985, vanlegvis kalla NO 78/85 (NO står for «norsk omsetjing»), «har vist seg å være en kvalitetsmessig god oversettelse». Difor var målet med revisjonen «å gjøre en god oversettelse enda bedre».

Endringar i omsetjingsteorien

Ein la på 70-talet tanken om «dynamisk ekvivalens» til grunn for omsetjinga. Det vil seia at omsetjinga skulle ha same påverknaden på lesaren som originalteksta hadde på dei fyrste lesarane.

Dermed var poenget å finne meininga til teksta og deretter å gje att den same meininga på mest mogleg normal norsk. Då vart det ikkje så viktig å omsetja dei einskilde orda i grunnteksta «ord for ord» med tilsvarande ord på norsk, men å omsetja «meining for meining».

Denne metoden, som ofte blir kalla «idiomatisk», gjorde at ein var mindre merksam på dei rike bileta som var knytte til mange bibelske enkeltord. I seinare omsetjingsteori har ein lagt større vekt på å ta vare på slike ord.

Fire viktige mål

Styret i Bibelselskapet peika i 1999 på fire viktige mål med revisjonen:

Ein ønskte for det fyrste å ta eit steg bort frå den idiomatiske omsetjinga og gå i retning av ei meir «konkordant» omsetjing: «Når en konkordant gjengivelse kan uttrykkes i en naturlig og god norsk språkføring, bør den (…) ikke fravikes. Det finnes i NO 78/85 enkelte eksempler på det som kan sies å være unødvendig ikke-konkordant gjengivelse.»

For det andre ønskte ein å ta vare på metaforane i bibelteksta: «NO 78/ 85 (kan) sies å ha gått noe langt i av- metaforiserende retning, særlig i poetiske tekster, med det resultat at det semantiske innholdet i en tekst er blitt innsnevret og rikdommen i språket redusert.»

For det tredje ville ein leggje sterkare vekt på å få ei korthoggen og pregnant tekst: «En revisjon vil tilstrebe noe sterkere pregnans enn i NO 78/85, som – dette gjelder i første rekke bokmålsutgaven og spesielt oversettelsen av brevlitteraturen – iblant er unødvendig ordrik og «pratsom» i språkføringen.»

For det fjerde skulle ein leggje vekt på rytmen og stilpreget i teksta: «Teksten i NO 78/85 fungerer godt som høytlesningstekst. Den kan etter OUs [Oversettelsesutvalgets] mening imidlertid forbedres og gjøres enda mer «til-talende», i dette ords dobbelte betydning.»

Tidlegare omsetjingar

Bibelselskapet vart skipa i 1816, og på 1800-talet kom det reviderte utgåver av bibelteksta i 1819, 1830 og 1873. I desse revisjonane freista ein å fornorske den danske bibelteksta ein hadde valt å bruke som utgangspunkt for ein norsk bibel, Resen-Svanings utgåve frå 1607, revidert i 1647.

I 1904 fekk vi den fyrste heile Bibelen som var omsett frå grunnen av i Noreg. På nynorsk fekk vi ei tilsvarande utgåve i 1921. Bokmålsbibelen vart revidert i 1930 og nynorskbibelen i 1938. Det neste steget i omsetjingshistoria var den såkalla ungdomsomsetjinga av Det nye testamentet, som kom ut på bokmål i 1959 og på nynorsk i 1961. Denne utgåva vart rett nok aldri kyrkjebibel, men det var mange som nytta henne til å lesa sjølv og i kristeleg arbeid.

Vi ser altså at det aldri har gått meir enn 43 år mellom to nye utgåver av Det nye testamentet frå Bibelselskapet, og dei siste hundre åra har det gått mellom 17 og 29 år frå den eine utgåva til den andre. Dermed er det eit heller langt tidsrom frå 1975 til 2005.

Likevel reagerer mange når det kjem ei ny bibeltekst. I 1904 var det òg mange som reagerte på at ein tok inn ord som gutt og gjeter i bibelteksta, der det hadde stått dræng og hyrde. Det er altså ikkje noko nytt at det kjem nye bibelomsetjingar. Det er heller ikkje noko nytt at det blir reaksjonar.

Ei mindre hjartelaus bibeltekst

Ordet hjarte er eit godt døme på at omsetjinga har vorte meir konkordant. I bibelsk språkbruk er hjartet senteret i personen. Det er med hjartet ein tenkjer og tek avgjerder, og det er i hjartet Guds vilje blir openberra. I 1978 la ein vekt på at det er tanken ein nyttar når ein får innsikt i noko. Difor omsette ein hjarte med «tanke» og «sinn» mange stader.

2005-revisjonen ville «re-metaforisere» bibelspråket og hente fram att språklege bilete som hadde vorte borte i den idiomatiske omsetjinga på 1970-talet. Og hjartet vart i arbeidet med NT 2005 det ordet ein henta fram att flest stader.

I 1. Kor 2,9 skriv Paulus at Gud har openberra for oss «det som ikkje kom opp i noko menneskehjarte» (NT 2005). I NO 78/85 var dette omsett «det som ikkje kom opp i nokon mennesketanke». Den reviderte omsetjinga har altså flytt Guds openberring ein halvmeter ned, frå hjernen til hjartet, og det er nok der ho høyrer heime.

Ei stuttare bibeltekst

Eit anna mål med revisjonen var sterkare pregnans – altså at færre ord så å seia skulle vera svangre med den same meininga.

I 1938-utgåva les vi i Luk  3,3 at Jesus «ropa ut umvendings-dåp til forlating for syndene» – i alt sju ord mot seks i den greske grunnteksta. Den idiomatiske omsetjinga frå 1978/85 nytta 18 ord til å uttrykkje den same meininga: « … forkynte at folket skulle venda om og la seg døypa, så dei kunne få tilgjeving for syndene sine.» Setninga er tvillaust lettare å skjøna, men ho har samtidig vorte mindre pregnant.

I NT 2005 går ein eit langt steg attende mot den tradisjonelle omsetjinga og skriv: «… forkynte ein omvendingsdåp som gav tilgjeving for syndene». Med desse åtte orda har ein bytt ut det unorske til med det enklare som gav, samtidig som setninga har teke vare på pregnansen.

Skuldinga om at bibelteksta var lang og ordrik i NO 78/85, gjaldt fyrst og fremst bokmålsutgåva. Så er det òg i bokmålsutgåva ein ser den største forskjellen på lengda. I NT 2005 er heile Det nye testamentet 2289 ord stuttare enn i NO 78/85, noko som svarar om lag til lengda på Filipparbrevet. 

Meir poesi

Det grafiske oppsettet har mykje å seia for lesaren. Eit sterkt grep som styrer forståinga til lesaren, er å setja opp teksta i poetiske liner. I NT 2005 finn vi 517 fleire verseliner enn i NO 78/85.

Nokre døme på tekster som no er sette opp som poesi, er prologen til Johannesevangeliet (Joh 1,1–18), Paulus’ bøn i Ef 3,14–21 og orda om den nye himmelen og den nye jorda i Johannes’ openberring (Op 21,3–4).

Ord som har vorte borte

Det hender at folk som gjerne vil ta vare på gamle ord, seier at «i Bibelen må det i alle fall få bli ståande!». Slike utsegner er det vanskeleg å ta på alvor. Bibelen skal vera ei aktuell bok «så lenge verda står», ikkje eit siste raritetskabinett for utdøyande ord.

Kva for ord har vorte heilt eller delvis borte med NT 2005? Eit raskt oversyn viser at ein i bokmålsutgåva ikkje lenger vil finne legeme, Faderen (berre i Matt 28,19), forlate/forlatelse og kalk. I staden finn ein kropp, Far, tilgi/tilgivelse og beger.

I nynorskutgåva er like eins lekam, Faderen, forlata/forlating og kalk bytte ut med kropp, Far, tilgjeva/tilgjeving og beger. I tillegg vil ein leite fåfengt etter gamle bibelord som kyrkjelyd og læresvein. I staden har forsamling og disippel kome inn.

I mange tilfelle kan ein velja mellom eit tradisjonelt nynorskord og eit anna ord som er meir brukt i dag. Nokre slike ordpar er attende og tilbake, korkje og verken, von og håp. Her har ein valt å følgje Ole Brumm, som seier «ja takk, begge delar!». Begge blir brukte, men ein vel det som er meir i bruk, i tre av fire høve.

Har ein laga nye ord?

Både kyrkjelyd, læresvein og stemnestove (i dag synagoge) er ord som kom inn i bibelspråket i siste halvdelen av 1800-talet, så det er ein viss tradisjon for leksikalske nyskapingar i nye bibelutgåver. I NT 2005 er det berre eitt heilt nytt ord, og det står i nynorskutgåva: eigesjuke.

Eigesjuke kjem i staden for havesykje og er ei omsetjing av det greske ordet pleoneksía. Dette ordet tyder «det å ha meir» og skildrar ei haldning der ein alltid er ute etter å eige meir. Bokmålsordet pengebegjær innsnevrar meininga til berre å dreie seg om pengar. I bokmålsutgåva har ein no i staden valt ordet grådighet.  

Språk og kjønn

Somme løysingar prøvde ein i 1978 ut berre i nokre få tekster. Dette gjeld det greske ordet adelfoí, som i norske biblar har vore omsett med «brør» og «brødre». På gresk finst det ikkje noko felles ord for «brør og systrer», slik som vårt sysken. Difor brukte Paulus hankjønnsforma adelfoí når han ville tiltala ei forsamling som heilskap – både kvinner og menn.

Eit godt døme er Fil 4,1, der Paulus opnar kapitlet slik i NO 78/85: «Difor, mine brør som eg elskar …». Så held han fram i vers 2 med å formane to kvinner, Evodia og Syntyke, til å semjast. Dei to kvinnene var òg rekna med i tiltalen «brør». Tidlegare har nok kvinner skjøna at dei òg er rekna med i maskuline tiltaleord, men på dette området har mykje endra seg på få år, og i NT 2005 opnar Fil 4,1 med «Difor, mine sysken …».

I NO 78/78 skreiv ein sysken fem stader der det var innlysande at kvinner var inkluderte i tiltalen: «Elska kvarandre inderleg som sysken.» (Rom 12, 10). I verdssamanheng var NO 78/85 ei av dei aller fyrste omsetjingane som omsette adelfoí på denne måten.

Omsetjinga sysken finn ein i NT 2005 noko over 100 stader, mest i tiltaler som i Fil 4,1. Vi kan tenkje som så at vi er heldige som har eit så fint ord som sysken. Ja, er det ikkje nett eit slikt ord Paulus må ha sete og leitt etter, der han sat i fangeholet og skreiv? Eg trur det.

 

-- Hans Olav Sagrusten har vore bibelomsetjar og forlagsredaktør i Det Norske Bibelselskap og er no prest i Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:03.11.2006 | Oppdatert:11.06.2015