Forskningsprosjekt ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa

Hausten 2005 vart det i regi av Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa sett i gang fleire forskings- og utviklingsprosjekt som er knytte til nynorskopplæringa i skulen. No er dei fyrste delrapportane komne inn til senteret. Etter eitt års arbeid skal alle prosjekta vurderast og dokumenterast gjennom rapportar frå kvart prosjekt, sjølv om prosjekta vil halde fram over fleire år. Dette forskings- og utviklingsarbeidet kjem til å gje nyttige erfaringar og blir ein dokumentasjon av kva som kan vere god nynorskopplæring.

Ved å setje i gang slikt arbeid rundt om i heile landet vil Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa byggje opp eit nettverk av institusjonar som samarbeider med senteret om å styrkje nynorskundervisninga i heile grunnopplæringa og i lærarutdanninga.

Ein kan lese meir om prosjektopplegga og rapportane på denne nettstaden: www.nynorsksenteret.no

Tverrfagleg nynorsk

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa har sett i gang fleire forsøk med å bruke lærebøker på nynorsk for elevar som har bokmål som hovudmål. Fem vidaregåande skular og to ungdomsskular rundt om i landet har fått støtte til å setje i gang slike forsøk. Vidaregåande skular i Sirdal i Vest-Agder, Greåker i Østfold og Tromsdalen og Breivika i Troms er med på forsøka. I tillegg er Kolvikbakken ungdomsskole i Ålesund og Gausdal ungdomsskole i Oppland med.

Skriftleg uttrykksevne

Ved Høgskolen Stord/Haugesund blir prosjektet Å kunna uttrykkja seg skriftleg sett i gang. Skriftleg uttrykksevne er ein av dei grunnleggjande dugleikane elevane skal målast i etter den nye læreplanen, og føremålet med prosjektet er å finne ut kva kompetanse lærarane treng for å gje tilfredsstillande opplæring i å skrive fagtekster på nynorsk. Å lage skrivekurs for lærarar er ein del av prosjektet.

Ansvarleg for opplegget: Hege Myklebust.

Sidemålsløftet

Holmlia skole i Oslo set i gang forsøket Sidemålsløftet – Holmlia skole. Målet er å utvikle ein god modell for sidemålsopplæring, auke lærar- og elevkompetansen i sidemål, endre haldningar lærarane og elevane har til nynorsk, og gjennomføre forskingsbasert dokumentasjon av prosjektet. Prosjektet skal omfatte alle dei 470 elevane ved skulen, der 62 % er minoritetsspråklege og 40 ulike språk er representerte.

Ansvarlege for opplegget: Torill Wiiger Tørjesen og dei ti andre norsklærarane ved skulen.

Haugtussa som barnelitteratur

Ved Våland skole i Stavanger skal forsøket Haugtussa som barnelitteratur gjennomførast over eit par år i barneskulen. Andre klasse har bokmål som opplæringsmål, men gjennom prosjektet skal barna bli kjende med nynorsk språk og litteratur. Om lag 65 elevar er med på prosjektet.

Ansvarleg for opplegget: Lise Lunde Nilsen.

Skriving og språkglede

Sandnes videregående skole set i gang prosjektet Snu steinar med n33, der skriving og språkglede er det sentrale. Elevane skal skrive 33 nynorsktekster gjennom skuleåret, og nynorskkompetansen deira skal også styrkjast gjennom allsidig og tverrfagleg lesing og skriving av tekster på nynorsk.

Nynorsk i lærarutdanninga

Høgskolen i Oslo kjem til å setje i gang prosjektet Nynorsk i lærarutdanninga, vurdering av eit opplegg knytt til skrivemappe på nynorsk. Ved allmennlærarutdanninga i Oslo skal alle mappearbeid i 1. klasse ha nynorsk som målform, og arbeida skal vurderast med gradert karakter for 7 studiepoeng i norsk. Kva verknader dette opplegget har for studentane, vil bli nøye granska og rapportert.

Ansvarlege for opplegget: Synnøve Skjong og Inger Vederhus.

Læremiddel for minoritetsspråklege

Høgskulen i Volda får støtte til å utvikle nynorsklæremiddel for minoritetsspråklege. Bakgrunnen for prosjektet er at det er stor mangel på slike læremiddel. I første omgang skal det lagast ein arbeidsgrammatikk og nynorske tekstsamlingar.

Ansvarlege for opplegget: Hilde Osdal og Birgitte Grimstad.

Sidemålet og skriveopplæringa

Høgskolen i Østfold set i gang eit forsøk i vidaregåande skule med tittelen Hossen kan skriftlig sidemålsopplæring bidra positivt i den generelle skriveopplæringa. Eit lite utval elevar skal følgjast over eit lengre tidsrom gjennom tekstene dei skriv på begge målformer. Samtidig skal klasseromsvilkåra for opplæringa i begge målformer studerast og analyserast. Prosjektet har klart preg av aksjonsforsking.

Ansvarleg for opplegget: Benthe Kolberg Jansson.

Skrivestimulering

Norskmiljøet ved Høgskolen i Hedmark og ved Ringsaker videregående skole vil samarbeide om eit forsøk der ein vil stimulere til skriving på sidemålet i mange samanhengar. Elevane har sine eigne PC-ar, og publiseringsverktøy og læringsplattforma LOKUS skal takast i bruk som læringsverktøy.

Ansvarlege for opplegget: Olav Veka og Tormod Stauri.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:07.04.2006 | Oppdatert:11.12.2014