Dialektnivellering på Røros og Tynset

AV UNN RØYNELAND

«På Tynset har de en dialekt som er akkurat lik Oslodialekta. Alle på Tynset snakker Oslo-ing og det litt mer finere språket. De har ikke tatt vare på dialekta si. Rørosdialekta har også kommet etter tynsetdialekta mer og mer. Snart faller dialekten helt bort. Ettersom befolkningen blir større og større, vil fler og fler som blir oppvokst i disse kommunene, kutte helt ut dialekta si. Så om noen år vil vi ha mista dialektene.» (Jente 17 år, Røros)

Dialektdaude har vore spådd i over hundre år, og mange i dag uroar seg over språkutviklinga, men er det slik at dialektane i Noreg ligg på sotteseng? I ei avhandling om språkleg variasjon og endring i dei to nabokommunane Røros i Sør Trøndelag og Tynset i Nord-Østerdalen viser eg at svaret på dette spørsmålet nok er noko ulikt i ulike område.

Alt talespråk vil vere i kontinuerleg endring, men i nokre område skjer endringane raskare enn i andre, og i enkelte område vil endringane vere meir prega av standardisering enn i andre. I den komparative studien av talemålet blant ungdom på Røros og Tynset går det fram at den språklege utviklinga i dei to kommunane er noko ulik både når det gjeld retninga og farten på endringa. Dermed kan ein seie at utviklinga i desse to områda illustrerer at dialektnivelleringsprosessar ikkje nødvendigvis skjer på same måte eller i same grad overalt i landet.

Kva er dialektnivellering?

I dialektnivellering ligg det at forskjellane mellom ulike dialektar innafor eit område blir reduserte, og at også variasjonen innom ein dialekt gradvis blir redusert. Resultatet av denne prosessen er oftast at dialektforskjellane innafor eit større eller mindre område heilt eller delvis blir borte. Dialektnivelleringsprosessen går oftast føre seg i langs fleire aksar samstundes. Som modellen på side 18 viser, skjer denne nivelleringa gjerne både langs eit horisontalt kontinuum (nivellering mellom dialektar) og i eit vertikalt hierarki (nivellering mellom dialekt og standard). Det kan også skje ei semivertikal nivellering mellom dialekt og ein regional urban dialekt.

Dialektnivellering har både ei prosesside og ei resultatside innebygd i seg. Resultatsida fører til mindre variasjon både mellom dialektar og innafor ein dialekt, medan prosessida fører til meir variasjon. Modellen illustrerer begge desse sidene.

figurfigur

Figur 1 Fleirdimensjonal modell for dialektnivellering (tilpassa etter Auer og Hinskens 1996)

Ein kan tenkje seg fleire ulike scenario innafor denne modellen, som også skildrar den historiske gangen i nivelleringsprosessar: I første omgang vil ein gjerne få auka variasjon ved at språkbrukarane får fleire alternative former til disposisjon. Vi får dermed eit utvida variasjonskontinuum mellom dialekt og standard (i). I neste omgang vil nivelleringsprosessen føre til at ein får mindre variasjon ved at enkelte variantar blir skubba ut over sidelina, medan andre overtek. Vi kan då gradvis få ei utkrystallisering av nye blandingsvarietetar (ii) og i somme tilfelle dialektdaude (iii).

Språkutviklinga

I studien av talemålsendringar på Røros og Tynset gjekk det tydeleg fram at dialektane i dei to områda fjernar seg frå kvarandre. Utviklinga på Tynset er i hovudsaka prega av vertikal nivellering mot standard austnorsk kombinert med bevaring av enkelte grammatiske trekk (t.d. bestemt form fleirtal av substantiv på -an: bilan, jentan, møtan). Tynsetdialekten ser altså ut til å bevege seg i austnorsk retning, og ein kan seie at han inngår i ei austnorsk regionalisering med klare innslag av standardformer. Rørosdialekten, derimot, beveger seg snarare i ei regional trøndersk retning enn i retning av standard austlandsk. Kreftene som er verksame i denne prosessen, er nok likevel både horisontale, semivertikale og vertikale. Ein kan altså ikkje utelukke at både Oslo og Trondheim fungerer som språklege normideal i forhold til Røros. Vi kan på den måten seie at det skjer ei regionalisering av talemålet på Røros som dels har sin bakgrunn i "halvvegs" standardisering, og dels i bevaring og ekspansjon av regionalt utbreidde former. Generelt for begge områda gjeld det at dei språktrekka som har vidast geografisk utbreiing, held seg betre enn meir lokalt avgrensa former. Sett under eitt er likevel graden av dialektnivellering vesentleg mindre på Røros enn på Tynset.

Sagt på ein litt mindre akademisk måte betyr altså dette at der ungdom på Røros i stor grad har halde på sentrale trekk ved rørosdialekten, brukar ungdom på Tynset eit talemål som har store innslag av standard austnorsk.

Røros og Tynset ligg knappe fem mil frå kvarandre, men tilhøyrer ulike regionar både administrativt og historisk, og ligg dessutan på kvar si side av vasskiljet. I dei fleste dialektologiske framstillingar blir dialektane på Røros og Tynset plasserte innafor kvar sine målområde – høvesvis trøndersk og austlandsk (jf. Christiansen 1973, Øverby 1974, Helleland & Papazian 1981, Skjekkeland 1997). Dei fleste framstillingane peiker likevel på at det er mange likskapstrekk mellom dei to dialektane, og at begge er såkalla "overgangsmål ".

Viktige fellestrekk mellom det tradisjonelle røros- og tynsetmålet er t.d. at begge er jamvektsmål utan apokope i opphavlege overvektsinfinitivar (vårrå, men finne og hoppe), begge har utjamningsformer i opphavlege jamvektsord (kåmmå, påsså, vukku), begge har tradisjonelt palatalisering av lange alveolarar og alveolarsamband (allje mannj), og begge har kortformer i presens av sterke verb (kjæm, søv). Av dei femten variablane som eg studerte, blir heile tolv realiserte så å seie heilt likt i dei tradisjonelle dialektane i dei to områda. Men det finst også viktige målmerke som utan tvil skil dialektane i NordØsterdalen og Sør-Trøndelag. Det gjeld t.d. bøyinga av ubestemt form fleirtal av hankjønns- og hokjønnsord. På Røros heiter det fleire butikka og vara, medan det på Tynset heiter fleire butikker og varer. Andre skilje er at ein tradisjonelt har hatt meir monoftongering av dei gamle diftongane ei, øy og au i tynsetområdet enn i rørosdistriktet, der ein har halde på au-diftongen. Eit anna viktig skilje mellom rørosmålet og tynsetmålet er tonegangen. Der rørosmålet har ein typisk trøndersk tonegang, har tynsetmålet ein meir austlandsk tonegang.

Trass i at Røros og Tynset ligg på kvar si side av vasskiljet, og på kvar si side av amts- eller fylkesgrensa (i alle fall sidan 1600-talet), har det likevel vore ein god del nærings- og kultursamkvem mellom dei to kommunane, og på midten av 1990-talet vart det etablert eit regionråd for den såkalla Fjellregionen, som har til mål å styrkje hopehavet mellom kommunane i Sør- Trøndelag og Nord-Østerdalen. Men trass i eit utvida samarbeid mellom Røros og Tynset gjennom fjellregionsamarbeidet ser det altså ikkje ut til å gå føre seg noko språkleg konsolidering mellom dei to kommunane – snarare tvert imot.

Der nivelleringa av rørosdialekten har eit regionaltrøndersk resultat, har nivelleringa på Tynset eit meir regionalaustlandsk og til dels standardmålsprega resultat. Det ser altså definitivt ut til at dialektane på dei to plassane snarare blir meir ulike enn like. Den språklege utviklinga fører altså til at skiljet mellom dei to dialektane blir tydelegare, og at dei snarare orienterer seg mot kvar sine regionar enn mot ein felles region.

Kva er forklaringa?

Grunnane til at dialektane i dei to områda utviklar seg såpass ulikt, er mange og samansette. Ein lyt delvis gå til historia for å forstå den utviklinga, og delvis må ein sjå på kva for status og posisjon dei to dialektane har blant folk i dag. Språksituasjonen på Tynset kan ikkje berre forståast som utslag av vertikale nivelleringsprosessar, men har truleg også opphav i endringsprosessar som oppstod i samband med framveksten av Stasjonsbyen på slutten av 1800- og byrjinga av 1900-talet. I 1870– 90 åra budde det rundt 3000 menneske i Tynset kommune, og på dei 30 neste åra steig folketalet til 4000. Det var med andre ord relativt mange brukarar av tynsetdialekt før jernbanen vart etablert. Men mange av innflyttarane hadde ein sosial bakgrunn som gav dei høg status blant tynsetingane, og få, men sosialt framståande aktørar kan ha stor påverknadskraft både språkleg og på andre måtar.

Dialektnivelleringsmodellen fangar altså ikkje like godt opp alle dei prosessane som har vore verksame på Tynset, og er kanskje ikkje like veleigna for å skildre endringsmønstra på Tynset som på Røros. Men modellen kan i alle fall brukast til å skildre dei utviklingstendensane som gjer seg gjeldande blant ungdom på Tynset i dag.

Ein god del av dei trekka som har vorte eller blir nivellerte på Tynset, kan skildrast som meir typisk trønderske enn austnorske trekk (t.d. dei palatale konsonantane som i allje mannj, som ein så å seie ikkje finn lenger på Tynset). Språkleg har altså tynsetmålet fjerna seg klart frå nabomåla i nord, noko som truleg heng saman med at tynsetingane ikkje orienterer seg i særleg grad mot Trondheim og Trøndelag. Denne tendensen såg dialektologen Jørgen Reitan allereie i 1926 då han peikte på at: "I våre dagar vil vel "byen" helst seie Oslo, i det minste millom ungdommen, og den språklege påverknaden på Tynnsetmålet ser no ut til å vera større frå sør enn frå nord" (Reitan 1926:7). Men den "trønderske" fleirtalsendinga -an i bestemt form av hankjønns- og hokjønnssubstantiv står framleis sterkt på Tynset. Denne fleirtalsendinga er svært utbreidd både i trønderske og i nordnorske talemål, men i denne samanhengen er det likskapen med trøndersk som er det sentrale. Dette er eit trekk vi ikkje finn i austlandske målføre utafor Østerdalen. Dette trekket går såleis imot den generelle austlandske regionaliseringstendensen og gir tynsetmålet eit særskilt preg som skil det frå andre austlandske målføre.

Stolte ungdommar på Røros

Etableringa av Stasjonsbyen på Tynset er nok ei viktig forklaring på dei store språklege forskjellane mellom Røros og Tynset. Men dette er likevel ikkje heile forklaringa. Graden av positiv identitetskjensle knytt til staden er opplagt nokså ulik på dei to plassane. Røros og Tynset har temmeleg ulik status som "stad" både i medvitet til lokalbefolkninga og i det nasjonale medvitet. Det gjekk tydeleg fram at det er ein generell tendens til at ungdom på Røros er meir medvitne om og stolte av heimplassen og dialekten sin enn det tynsetungdomen er. Dei aller fleste ungdomane skildra både Bergstaden og rørosdialekten som spesiell, og som noko det er verdt å ta vare på. Ei slik positiv identitetskjensle og slike positive haldningar til heimplassen og dialekten kan vere med på å demme opp for endringar, både språkleg og kulturelt. Dette er nok ein vesentleg del av forklaringa på kvifor rørosdialekten er såpass resistent som han er. Informanten Ina frå Tynset seier til dømes: "det gir deg sånn identitet å snakke rørosing". Litt seinare seier ho: "vi har ikke noe sånn noe å vår stolt av på Tynset som dæm har på Røros" (…) en rørosing er en rørosing men en tynseting er noe litt mer udefinerbart det finnes mange sånne som meg". Denne siste utsegna fangar opp mykje av motsetnaden mellom dei to plassane: Røros, gruvebyen med den fascinerande historia og den spesielle arkitekturen kontra Tynset, stasjonsbyen med den store sparken som står midt i sentrum, og som er eitt av landemerka på Tynset, og det mange ser på som det «stygge» rådhuset.

Både Røros og Tynset fekk ei ny innflyttingsbølgje på 1970-talet. Desse innflyttarane, som for ein stor del hadde urban bakgrunn, ser ut til å ha hatt større språkleg påverknadskraft på Tynset enn på Røros. Det kan vere fleire grunnar til dette. Ein sentral faktor er nok at dei historiske og sosiale føresetnadene var noko ulike – bl.a. pga. ulike innflyttingshistorier. Sidan ein allereie hadde hatt ei større innflyttingsbølgje relativt nyleg på Tynset (dvs. rundt det førre hundreårsskiftet), vann truleg språk og kulturelle preferansar blant innflyttarane lettare innpass i det lokale miljøet her enn på Røros. Røros har lange – og stolte – tradisjonar som bergstad og står kanskje derfor meir imot påverknad utafrå. Tynset, derimot, vart i samband med jernbaneutbygginga eit meir ope samfunn, og dermed også meir mottakeleg for språklege påverknader utafrå.

Tradisjonsturisme og dialekt

Eit anna viktig poeng, ved sida av den sjølvbevisstheita rørosfolk har kring eiga historie og eigen kultur, er at rørossamfunnet i dag for ein stor del lever av «salet» av nettopp denne historia og kulturen. Dermed er det viktig å ta vare på og dyrke det som blir oppfatta som det genuine og ekte. Ein «stad» er ikkje berre ein konkret geografisk og fysisk lokalitet, men har også eit bestemt sosialt og kulturelt innhald. "Staden" knyter fortida og notida saman, og representerer på den måten kontinuitet og tradisjon. Den dialekten som tradisjonelt blir knytt til ein stad, har i dette biletet eit viktig potensial som symbolsk uttrykk for lokal historie, kultur og tradisjon. Bruk av den lokale dialekten kan dermed sikre staden status som «genuin». Overført til Røros kan vi seie at det å ta vare på rørosdialekten, er ei viktig «vare» i den moderne «tradisjonsbevaringsøkonomien», der også bevaring av andre tradisjonelle kulturuttrykk og lokale rørosiske spesialitetar inngår.

Tynset lever ikkje på same måte av å selje si historie og sin kultur. Dermed finn vi heller ikkje den same sterke motivasjonen for tradisjonsbevaring her som på Røros. Ein kan dermed seie at rørosdialekten har ein høgare verdi på den språklege marknadsplassen enn det tynsetdialekten har. Potensielt sett "lønner" det seg rett og slett meir å bruke rørosdialekten. At mange openbert set pris på og ønskjer å ta del i den turisttilpassa røroshistoria, rørostradisjonane og rørosarkitekturen, gir igjen føde til auka stoltheit, sjølvmedvit og positiv identitetsoppleving. Her ser vi altså ein positiv sirkelverknad som ikkje på same måten er til stades på Tynset.

Rånarar med dialekt, soss med knot

Sjølv om dialektendringane ikkje er så store på Røros som på Tynset, skjer det likevel vesentlege endringar også her – særleg i visse sosiale grupper. Avhandlinga viser at det er ein klar for- skjell mellom ungdom som er meir lokalt orienterte, og ungdom som er meir urbant orienterte – både på Røros og på Tynset. Det er dessutan ein svært klar forskjell mellom ungdom som ønskjer å bli, og dei som ønskjer å flytte, mellom urban og tradisjonell livsstil og akademisk og ikkje-akademisk bakgrunn. Motsetnaden er særleg stor mellom «rånarane» på den eine sida og «sossen» på den andre. Analysane viser at det utkrystalliserer seg særskilde livsstilsfelt der hovudkontrasten går mellom ein meir moderne, urban livsstil og ein meir lokalt basert, tradisjonell livsstil. Granskinga viser også at det først og fremst er gutar som er både dei mest og dei minst tradisjonelle språkbrukarane. Hovudskiljet går med andre ord ikkje mellom jentene og gutane, men internt mellom gutane. I tillegg til dette viser analysane at foreldrebakgrunn er ein viktig dimensjon i forhold til bruk av lokale kontra nivellerte former. Familien er altså framleis ein viktig språkleg norminstans, trass i at ungdom i dag, ifølgje mange modernitetssosiologar, er meir fristilte frå familieband og tradisjonar.

Litteratur

  • Auer, Peter & Frans Hinskens 1996. The convergence and divergence of dialects in Europe. New and not so new developments in an old area. Sociolinguistica 10, 1–25.
  • Christiansen, Hallfrid 1973. Hovedinndelingen av norske dialekter. I Beito, O. T. & I. Hoff. (red.) Frå norsk målføregransking. Oslo: Universitetsforlaget, 39–48.
  • Helleland, Botolv & Eric Papazian 1981. Norsk talemål. NRK – Skoleradioen. Oslo: Otto Falch Hurtigtrykk.
  • Reitan, Jørgen 1932. Rørosmålet. Det Kgl. Norske Videnskabers Selskabs Skrifter nr. 6. Trondheim: F. Bruns Bokhandel. – 1926. Tynnsetmålet. Oslo: Tynnset Mållag.
  • Røyneland, Unn 2005. Dialektnivellering, ungdom og identitet. Ein komparativ studie av språkleg variasjon og endring i to tilgrensande dialektområde. Dr.art.-avhandling, Acta Humaniora, Universitetet i Oslo.
  • Skjekkeland, Martin 1997. Dei norske dialektane. Tradisjonelle særdrag i jamføring med skriftmåla. Kristiansand: Høyskoleforlaget.
  • Solheim, Randi 2002. Språket i smeltegryta. Ein presentasjon av eit prosjekt. Målbryting 6, 131–142.
  • Øverby, Joleik 1974. Østerdalsmål. I Skogstad, O. (red.) Austlandsmål. Språkarv og språkbruk på indre Austlandet. Oslo: Det Norske Samlaget, 46–78.

 

-- Unn Røyneland er postdoktorstipendiat ved Institutt for lingvistiske og nordiske studiar ved Universitetet i Oslo og førsteamanuensis 2 ved Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda. Ho er leiar for eit prosjekt om språkbruk og språklege praksisformer blant ungdommar i multikulturelle miljø i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:02.01.2006 | Oppdatert:12.06.2015