Importerte ord i 1905

AV HELGE SANDØY

Aftenposten trykte 8. juni 1905 denne meldinga frå Stockholm:

«Efter at Storthinget gjennem sin Præsident i Telegram til Kongen har anholdt om Audiens for den Deputation, som skulde overlevere den af Storthinget vedtagne Adresse, har Kongen til Storthingets Præsident sendt følgende Telegram:

Da jeg ikke anerkjender de revolutionære Skridt, som Storthinget med Krænkelse af Grundlov og Rigsakt og i Oprør mod sin Konge desværre har foretaget, saa modtager jeg ikke den af Storthinget tiltænkte Deputation.

Oscar.

Samtidig har Kongen underrettet Storthingets Præsident om, at Expeditionschef Sibbern er bemyndiget til at modtage Adressen, for at den kan blive forelagt Kongen.»

Det har skjedd ein del – også språkleg – på dei hundre åra sia dette blei skrive. Nesten ein

Revolution, for at vi skulle få ein Nation med sjølvstende også i utarikssaker.

Av dei 89 orda i teksten (vi held altså unna namnet Oscar) er 27 % slike vi kallar importord. Her er elleve frå tysk, og det eldste av dei kom i norrøn tid (Krænkelse, jf. norr. krenkja). Sju av orda kjem frå latin og fransk (Præsident, Audiens, Deputation, Adresse, revolutionære, -akt (i ordet Rigsakt), Expeditionschef) og hører heime i det nye politiske språket som spreidde seg særleg på 1700-talet. Vi kan faktisk leggje merke til at dei fleste orda som har eit viktig innhald i denne teksten, er importord. Men småorda, f.eks. efter, at, gjennem, sin, i osv. – som er nordiske arveord – er sjølvsagt nødvendige for å få bygd opp setningane.

Ein vanleg nyheitstekst i ei avis i dag inneheld ikkje så stor prosentdel importord som denne teksten. Eitt av orda her er utrangert i moderne norsk: anholde blir neppe brukt på denne måten lenger – om ein ikkje skal vere skjemtsam. Men elles er orda velkjende, og ordforrådet i det nøkterne nyheitsstoffet er ikkje sterkt omlagt. Vi held oss i stor grad til same orda i denne sjangeren. Men språket i annonsane (NB: enda eit importord frå fransk!) er omlagt radikalt. Inga forretning ville i dag ha kjøpt seg annonseplass på førstesida i VG med denne teksten frå Verdens Gang i 1905: «Vaaren 1905. Nye elegante Vaarfrakketøier, Dress- og Benklædestoffe, er netop ankommet og anbefales.» Også denne annonsen er ein fin garderobe av importord, men vi ser tydeleg at slitasjen er større i denne bransjen.

Det auget legg først merke til i ein eldre tekst, er dei «rare» skrivemåtane. Ikkje minst importorda har fått ny skrivemåte. Ein ekspedisjonssjef i dag ville kanskje få mistanke om ein ironisk tone om han fekk tittelen sin skriven på gamlemåten.

Skrivemåtar før og etter 1905

Politikken med å tilpasse skrivemåten av importord til norsk har vart like lenge som vi har drive med rettskrivingspolitikk. Første offisielle inngrepet her til lands skjedde i 1862, da Kyrkjedepartementet prøvde å rydde bort skrivemåtar med ph, c, q og ch for uttalane f og k: Philosophie > Filosofi, concis > koncis, Technique > Teknik. Det store språklege skandinavistmøtet i 1869 foreslo å byte ut x og th med ks og t, og det blei dels følgt opp i rettskrivingsreglane åt Jonathan Aars i 1874. Departementet velsigna så i 1885 offisielt både eksempel, magasin og provins som nye skrivemåtar for exempel, magazin og provinds.

Dei importorda som var mest avstikkande frå norsk uttale i 1905, var dei franske, som f.eks. jaloux, chef, marche og nettopp revolutionær, deputation  og præsident ovafor. Det var ikkje heilt opplagt korleis ein skulle få dei tilpassa til norsk rettskriving, og derfor tok det ein del år før ein hadde skapt eit klårt og konsekvent mønster for dei.

I 1917 blei det endelege mønsteret etablert, for da var både nasjonen, deputasjonen og ekspedisjonen på plass. I dag er det berre dei franske importorda som i uttalen sluttar på -ang og -mang, som ikkje har fått eit tilpassa skriftbilete (jf. restaurant og departement).

Motiv og politikk

For hundre år sia var landet i ei brytingstid – også språkleg. I 1898 hadde ei tremannsnemnd av J. Aars, S.W. Hofgaard og Moltke Moe lagt fram ei utgreiing Om en del retskrivnings- og sprogspørsmål. Arbeidet var gjort for Kyrkje- og undervisningsdepartementet, og ei grunnsetning var at «’vort sprog’ er dog først og fremst det levende talesprog, samtidens sprog». Dei såg det som si oppgåve å rette opp mishøvet mellom skrift og tale for å «gjøre det lettere for børnene at vinde herredømmet over morsmålet som skriftsprog». Det dominerande arbeidsmålet på den tida var sjølvsagt å fornorske det norsk-danske skriftspråket, men importorda var likevel så aktuelle at innstillinga har eit eige tilleggskapittel om skrivemåten av «fremmede ord». Vanskane med importorda kan ikkje løysast «hvis man ikke vil bestemme sig til at skrive alle fremmede ord som om de var norske, efter den uttale de har hos os, uten alt hensyn til deres skikkelse i det fremmede sprog. Altså som man gjør i italiensk, spansk, osv».

Utover å skape betre konsekvens i enkeltord, slo komitéen ned på to typar problem som det var ønskjeleg å rydde opp i: Der c-en var uttalt k, hadde tidlegare revisjonar sett inn k, men framleis var det slik at c-en «volder næsten uoverkommelig vanskelighet» der han er uttalt s, og «[v]i er derfor meget tilbøielige til at foreslå, at i alle fremmedord som er opptatt i vort sprog, skal lyden s betegnes som s». Tilsvarande foreslo dei skrivemåten sj for «lyden sj». Her stilte jo rettskrivinga på denne tida store krav til brukarane, for denne lyden blei skriven som både ch, g, j, ti, si, ssi, xi, sch (chef, geni, jaloux, nation, division, mission, reflexion, dusch). Denne remsa gjorde det nok lett å støtte dansken N.M. Petersen frå tidleg på 1800-talet, som med mottoet «Hvad øret hører, bør og øjet se», gjekk inn for lydrett (ortofon) skrivemåte.

Det var ingen nasjonal patos i argumentasjonen for ny bokstavering; hovudformålet var å skape eit språk som var lett å bruke. «Større norskhet i vor skrivemåte» betyr først og fremst «nærare talemålet», nemleg «et hjemligere sprog», og argumentasjonen går mot dei som er opptekne av «Klassicitet» i skrifttradisjonen og reknar endringar i skrivevanane for «barbariske». Dette er krassare enn adjektivet «latterleg», som er brukt i tilsvarande debattar i dag, men tendensen til å bruke bokstaveringane som kulturelle og sosiale distinksjonsmarkeringar var dei same. Det var viktig å vise seg fram som den som meistrar noko andre ikkje kan.  Vi kan elles leggje merke til at moderniseringsretorikk blei brukt for vel hundre år sia også, slik som denne i utgreiinga frå 1898: «Skolernes overbestyrelse har stillet sig på fremskridtets side i denne sproglige bevægelse.»

To år etter det store frigjeringsåret kom ei ny rettskriving for det vi i dag kallar bokmål. Der blei framlegga frå 1898 stort sett gjennomførte. I 1905 var det aktuelt å kalle inn mannskap til exercis, og dei budde i tronge logis, men etter 1907 reiste ungdommar på moen til eks(ers)is og budde i losji. Før 1905 hadde dei neppe innlagt dusch, men etter 1907 kunne dei i alle fall skrive både dusj og toalett. Og i salongane kunne ein nå spele konsertar. Det blei snart nye tider.

Utgreiinga frå 1898 gjaldt berre «vort skriftsprog», som enda ikkje hadde fått noko namn. («Norsk-dansk», som blei mye brukt, var sjølvsagt eit problematisk namn.) Landsmålet var underleg nok enno utafor horisonten i ei slik sak. Men i landsmålsleiren fann ein største dristigheita, slik at ein del nye skrivemåtar blei introduserte i landsmålet før dei blei tekne opp i norsk-dansken/riksmålet/bokmålet, f.eks. nasjonal, sirkel og sjef i 1895, lossi (seinare losji) i 1898 og kjemi i 1901. Ei utgreiing frå 1909 av H. Eitrem, Amund B. Larsen og Steinar Schjøtt, som dreiar seg om «et mulig samarbeide mellem landsmaal og riksmaal», drøftar nettopp dei unødvendige forskjellane i importorda, og i seinare rettskrivingsrevisjonar har ein lagt vekt på å samordne norvagiseringane i dei to målformene.

System og orden

Den store rettskrivingsomvøla etter året 1905 skjedde i 1917, og her kom ei siste systematisering av dei franske problemorda i tråd med framlegga frå m.a. 1898. No fekk både nation, deputation og revolution dagens skrivemåte, og jaloux kunne bli til det gjenkjennelege sjalu. Dessutan kom ei omlegging i skrivemåtane med e og æ, slik at òg præsidenten i Stortinget blei modernisert. Og expeditionschefen, som frå 1907 var blitt til ekspeditionschef, fekk i 1917 i riksmål/bokmål enda eit mellomstadium (til 1938) med ekspedisjonschef. Landsmålet/nynorsk hadde teke desse stega før.

Samtidig som dei franske problema no blei rydda bort, kunne ein gå i gang med dei nye: I 1907 fekk vi streik, og i 1917 kom trålen. Den engelske perioden meldte seg. Ei systematisering av dei problema måtte vente til 1998, da Språkrådet vedtok retningslinjer.

Sjølv om språkspørsmålet her i landet har vore dominert av fornorsking av norsk-dansken og av «national samling» (som det heitte i mandatet for 1917-komitéen) av dei to skriftmåla, har importorda vore så aktuelle at dei er blitt drøfta i eigne avsnitt i dei fleste rettskrivingsutgreiingane. Anna skal ein heller ikkje vente ettersom det alltid er ein viss straum inn av slike ord, og vi møter dei som ein sentral del av skriftlege tekstar. Dessutan føyer politikken som gjeld importorda, seg godt inn det som lenge prega den norske språk- og kulturpolitikken, og som Rune Slagstad i boka De nasjonale strateger (1998) har karakterisert som «rasjonalistisk-instrumentell» og «rasjonalistisk modernisering».

 

-- Helge Sandøy er professor i nordisk språkvitenskap ved Universitetet i Bergen. Arbeider særlig med sosiolingvistikk, talemål og språkhistorie.

---

Arveord er ord som høyrer til det opphavleg nedarva ordtilfanget, til skilnad frå lånord og framandord. Kor stor del av ordtilfanget i norsk er arveord? I ei nyleg utkomen bok har Helge Sandøy og Jan-Ola Östman rekna ut at heile 44 % av ordstammane i Nynorskordboka er importerte. Nynorskordboka har ca. 90 000 ord fordelte på 29 844 ordstammar. 56 % av ordstammane i ordboka er altså arveord

Tabellen nedanfor viser kva språk dei importerte ordstammane er henta frå:

Importert fråTal ordstammarProsent
latin 4089 31
gresk 2120 16
lågtysk 2021 15
fransk 1931 15
engelsk 1564 12
italiensk 358 3
nederlandsk 167 1

arabisk

148 1
spansk 108 1
portugisisk 80 1
russisk 51  
hebraisk 42  
keltisk 24  
tyrkisk 14  
slavisk 4  
indisk 3  

Frå Sandøy, Helge og Jan-Ola Östman (red.): «Det främmande» i nordisk språkpolitik. Oslo: Novus 2004. ISBN: 82-7099-395-6

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:10.06.2005 | Oppdatert:15.06.2015