Makta i talemålet

AV REIDUNN HERNES

Då eg var ei lita jente i Os, kommunen på sørspissen av Bergenshalvøya, snakka eg og naboungane osdialekt. Som den innflyttarungen eg var, visste eg at ikkje alle snakka likt her i verda. Men då eg begynte på førskule, fekk eg likevel eit lite sjokk då det viste seg at mange av ungane – og også førskulefrøken – snakka eit språk eg ikkje kjende meg heime i. Dei sa spise der eg sa eta, dei snakka om å kamme håret i staden for å kjemma, dei gikk barfot i gresset der eg gjekk berrføtt i graset. Og sjølv om eg berre var seks år gammal, kjende eg at det var dei som hadde rett, det var den måten dei sa orda på, som var den beste, og eg prøvde å etterlikna dei utan å få det heilt til. Eg hadde fått mitt første møte med sosialt verdiladde talemålsformer, og eg kjende det langt ned i magen.

Korleis bruken av ulike talemålsformer heng saman med graden av sosial status, er eit velkjent tema i sosiolingvistikken, den språkvitskaplege disiplinen som studerer språket i ein sosial kontekst. Tidleg på sekstitalet vekte pedagogen og sosiologen Basil Bernstein hissig debatt då han hevda at born frå arbeidarklassen i England blei skuletaparar fordi dei berre meistra ein avgrensa språkkode (restricted code), og difor kom til kort på skulen, medan born frå mellomklassen meistra både den avgrensa koden og ein utvida språkkode (elaborated code) som var den som blei brukt i skulen. Grunnleggjaren av sosiolingvistikken som ein moderne språkvitskapleg disiplin, William Labov, vekte seinare på sekstitalet internasjonal oppsikt med sine analysar av den språklege variasjonen i New York. Gjennom å studera utvalde språktrekk hjå språkbrukarar frå ulike samfunnsklassar klarte han å visa ein systematisk samanheng mellom språklege mønster og sosial status i dei undersøkte gruppene. Sjølv om Labov og Bernstein har ulikt fagleg utgangspunkt og er usamde om mykje, er begge opptekne av korleis språklege normer er knytte til sosial status, og korleis nokre sosiale grupper kjem til kort fordi deira språk er definert som mindreverdig.

Talemål og makt

Det er her det begynner å bli interessant å ta i bruk omgrepet makt. Omgrepet er mangetydig, men i vår samanheng handlar det om makt til å påverka og strukturera andre si oppleving av «noko». Kven er det som har makt til å definera andre sitt språk som mindreverdig, og på kva for grunnlag skjer det? Språkvitskapleg finst det ikkje noko grunnlag for å seia at ein dialekt er betre eller dårlegare enn ein annan, slike vurderingar har med behovet for sosial markering å gjera. Det er dei som har definisjonsmakta, som kan bestemma at visse språklege varietetar er «stygge» medan andre er «vakre», nokre er «moderne» og «urbane» medan andre er «gammaldagse» og «bondske».

Den franske sosiologen Pierre Bourdieu var svært oppteken av desse spørsmåla. Bondesonen frå det fattige Béarn i Sør-Frankrike hadde sjølv kjent på kroppen korleis det var å veksa opp med eit morsmål som ikkje kunne brukast utanfor heimemiljøet. I boka Language and symbolic power (1991) illustrerer han problematikken gjennom å fortelja om ein ordførar i byen Pau i Béarn. Denne ordføraren bruker alltid standardfransk talemål i offentlege samanhengar. Det å meistra standardfransk er ein føresetnad for å kunna ha ein offisiell posisjon i Frankrike. Ordføraren fekk mykje vellæte etter å ha tiltala publikum på den lokale dialekten då han heldt ein hyllingstale til ein lokal diktar. Bourdieu er nokså lite imponert. Han kommenterer tørt at tilhøyrar som oppfattar det som ein vakker gest at ein ordførar frå Béarn vender seg til eit béarnesisk publikum på deira felles talemål, «must tacitly recognize the unwritten law which prescribes French as the only acceptable language for formal speeches in formal situations». Bourdieu bruker dette dømet til å visa at den mest effektive forma for maktbruk er den som ikkje må rettferdiggjerast, men som rett og slett blir teken for gjeven og oppfatta som naturleg av dei dominerte. For folk i Béarn er det blitt heilt «naturleg» at deira eige språk ikkje er godt nok i formelle samanhengar. Det er denne typen maktbruk Bourdieu kallar for symbolsk vald, der sterke grupper klarer å få sine normer til å bli oppfatta som allmenne og naturgjevne. Effekten er at desse gruppene gjer det vanskelegare for andre sosiale grupper å delta i det offentlege rommet, fordi dei ikkje meistrar dei nødvendige materielle, kulturelle eller språklege kodane.

Talemål og makt i Noreg

Har det så relevans å snakka om symbolsk vald og maktutøving i ein diskusjon om talemålstilhøva i Noreg? Vi likar å tenkja på Noreg som eit land utan nemneverdige sosiale skilje, der alle har same sjanse til å få utdanning, og der alle kan bruka det talemålet dei har lært heime, i alle samanhengar, også i situasjonar av den meir formelle typen. Vi viser gjerne stolt til vedtaket i Stortinget i 1878 om at «Undervisningen i Almueskolen saavidt muligt [bør] meddeles paa Børnenes eget Talemaal», og reknar det som eit tidleg gjennombrot for tanken om at talemålet heimefrå skal kunna brukast også ute i det offentlege rommet. Likevel er det vanskeleg å koma bort frå at det finst uuttalte normer for talemålsbruk også i Noreg, normer som definerer kva som er «vakkert», og kva som er «stygt», kva som er veleigna i formelle situasjonar, og kva som ikkje er det, kva som er «latterleg» og kva som er «sofistikert». Normer som gjer at visse grupper i samfunnet har problem med å finna si stemme i det offentlege rommet, fordi dei ikkje meistrar det legitime språket. Slike grupper kan kjenna seg igjen i Bourdieu si beskriving: «[…] talen kan såleis vere meir eller mindre anspent, meir eller mindre sensurert, somme tider noko nær ei skrekkslagen togn».

Dei språklege normene i samfunnet kjem til uttrykk på mange måtar. Vi kan sjå dei koma til syne mellom anna gjennom måten ulike talemål blir kategoriserte på. Ein illustrerande bruk av termar finn vi hjå dei som bruker termane standardaustnorsk talemål og bokmål som synonym. I ein slik termbruk ligg det ei oppfatning av standardaustlandsk som ein varietet som er geografisk og sosialt umarkert, i motsetnad til talemåla i andre delar av landet. Dette fortel oss noko om sosiale statustilhøve i norske dialektar, og sjølve termbruken kan vera med på å styrkja dette synet.

Det er ikkje vanskeleg å finna andre døme på underforståtte normer for talemålsbruk. For nokre tiår sidan var det ikkje uvanleg for innflyttarar til byane å oppleva krav om å leggja av seg heimedialekten i jobbsamanheng. Også i dag er det vanleg at denne gruppa skiftar ut lokale talemålsformer med former som er mindre sosialt eller geografisk markerte. Det blir ofte hevda at dette er naturlege tilpassingsprosessar som skjer automatisk som følgje av dialektkontakt, men ikkje alle er samde i det. Det er mellom anna blitt peika på at det ikkje blir forventa at ein med standardaustlandsk talemålsbakgrunn som flyttar til ein annan kant av landet, skal overta trekk frå det lokale talemålet. Dersom ein person med dialektbakgrunn frå til dømes Romsdal flyttar til Oslo, derimot, vil mange sjå på ei svakare eller sterkare modifisering av talemålet hjå denne personen som ein «naturleg» og «automatisk» prosess.

Ein skal likevel hugsa på at dei uuttalte talemålsnormene i Noreg slett ikkje er eintydige. På same tid som tilpassingspresset på innflyttarane til byane er stort, er kravet frå heimplassen om å halda på målet også sterkt. Det å bli skulda for å knota er ingen spøk, og kan føra til lange forsvarstalar frå den mistenkte. Og også oslofolk kan i ein del samanhengar oppleva at talemålet deira er sosialt og geografisk markert på ein ikkje uproblematisk måte. På Vestlandet og i Nord-Noreg står stereotypien om arrogante og ignorante hovudstadsbuarar sterkt, og i visse samanhengar kan dermed oslomålet vera eit hinder. Det finst altså ulike interessegrupper som kjempar om den språklege definisjonsmakta i Noreg i dag.

Eit anna felt som kan fortelja oss noko om språklege normer i norske talemål, er studiet av nyare språkendringar. Gjennom å studera dei geografiske og sosiale spreiingsmønstra til nye talemålstrekk kan vi læra mykje om dei sosiale mekanismane som verkar i denne prosessen. Ofte viser det seg å ikkje vera dei språklege trekka som tradisjonelt er blitt rekna for å ha høgast prestisje, som spreier seg. Ser ein på kva for språklege trekk som spreier seg til omlandet rundt dei største byane, til dømes, er det dokumentert at det ikkje er det ein tradisjonelt har rekna som høgstatustrekk, men derimot trekk frå byvarietetar med lågare sosial status. Nye trekk utan støtte i etablerte dialektar kan også spreia seg i rasande fart, sjølv om dei er svært stigmatiserte i enkelte grupper. Eit døme er samanfallet mellom fonema kj og sj i norske talemål, eit samanfall som fører til at leksem som kyss og skyss, Kjell og skjell blir homonym. Slik ser vi også her at det er vanskeleg å koma fram til ein eintydig konklusjon på kven som sit med makta til å definera dei språklege normene. Det er mange aktørar på banen, og truleg vil ingen av dei nokon gong vinna kampen.

«Naturgjevne» normer fram i lyset

Vi må uansett konkludera med at det gjev meining å bruka omgrepa makt og symbolsk vald i ei beskriving av den norske talemålsrøyndomen, og slik vil det nok halda fram med å vera. Fordi språket er ein så viktig del av identiteten vår, vil språklege trekk for all framtid vera ladde med sosiale verdiar, ladde med ei sosial meining ved sida av den grammatiske. Fordi nokre grupper har makt til å definera kva som skal reknast som «korrekte», «fine» eller «normale» former, vil born frå andre grupper halda fram med å møte nye og ukjende språklege normer i barnehage og skule. Men dersom trollet får sol på seg, sprekk det, og dersom ein set ord på det som vert oppfatta som «naturgjevne» språklege normer, blir dei moglege å diskutera og nøytralisera.

 

-- Reidunn Hernes er stipendiat i språk ved Nordisk institutt ved Universitetet i Bergen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter