Avløysarord i fransk

AV HARALD ULLAND

Når det gjeld import av engelske ord og uttrykk i ulike språk, er fransk ikkje noko unntak. Dei siste tiåra har ein vore vitne til ein aukande flaum av engelske ord som har fått innpass i det franske språket. Dei fleste franskmenn har vel neppe sett dette som eit problem eller ein trugsel mot språket sitt, men i 1994 vart emnet gjort til eit politisk spørsmål. Det året kom dåverande kulturminister Jacques Toubon med eit framlegg til ei lov som skulle verna fransk mot innverknad frå andre språk. Framlegget skapte mykje debatt, og det opphavleg tenkte generelle forbodet mot å nytta utanlandske ord og uttrykk når det fanst eit tilsvarande fransk ord eller uttrykk, vart seinare avgrensa til å gjelda berre i statsadministrasjonen.

Mange var sjølvsagt merksame på engelsken sin innverknad på fransk lenge før 1994. Ein av dei var René Etiemble, som tretti år tidlegare ga ut boka Parlez-vous franglais? Med franglais siktar ein til ei blanding av fransk og engelsk (orddanningsmåten er den same som vi har i svorsk = blanding av svensk og norsk). Det vert nå nytta om anglisismar generelt i fransk, dvs. både det som vi kan kalla direkte importord, som joint-venture eller fastfood, og kalkering (omsetjingsimport), som lune de miel (av honeymoon) eller Ce n’est pas ma tasse de thé (av That’s not my cup of tea). Også på ordboksfronten har le franglais sett spor etter seg. Dei to ordbokgigantane Le Robert og Larousse har begge gitt ut ei Dictionnaire des anglicismes (anglisismeordbok).

Vellukka avløysarar

Nå finst det mange døme på franske avløysarord som har fått innpass i bruken hos «franskmannen i gata», og som fullstendig eller nesten fullstendig har teke plassen til eit opprinneleg engelsk ord eller uttrykk. Anglisismane computer og software eksisterer så å seia ikkje lenger i fransk. Det er ordinateur og logiciel som rår grunnen i dag. Her skil fransk seg tydeleg frå eit anna romansk språk, italiensk, som framleis nyttar dei engelske orda. Men det finst òg mange døme på at franske forslag til avløysarord ikkje har nådd opp i konkurransen med engelsk. Relativt ofte er ein vitne til at anglisisme og avløysarforslag har tilnærma lik bruksfrekvens (pipe-line/oléoduc, joint-venture/ co-entreprise). Frå gamalt av finst det ein del døme på forfransking av engelske importord ved at skrivemåten vert tilpassa franske uttalereglar (bouledogue for bulldog, redingote for riding-coat), men dette ser ikkje ut til å vera aktuell politikk nå for tida. Det er tvert imot ein tendens til å halda fast ved den engelske skrivemåten og tilpassa uttalen. Ordet pipe-line har t.d. uttalen [piplin] blant franskmenn flest.

Offisielle avløysarord

Det offisielle arbeidet med å skapa avløysarord i dag skjer gjennom La commission générale de terminologie et de néologie (Hovudkomitéen for terminologi og nyord), som vart oppretta i 1997 og sorterer under statsministerens kontor. Kommisjonen, som har knytta til seg ei mengd ekspertar frå ulike fagområde, har regelmessige møte (ein gong i månaden). Vedtak som kommisjonen gjer, vert offentleggjort i lysingsbladet Le Journal Officiel. Eitt av dei siste vedtaka gjeld terminologien som har med elektronisk post å gjera. Det vart offentleggjort 20. juni 2003, og sekretariatet for kommisjonen sende ut eit kommuniké i samband med offentleggjeringa, der det går fram at etter ein tenkeperiode («une période d’hésitation ») har ein nå teke ei avgjerd om at termen courriel skal vera den offisielle for det engelske e-mail i begge tydingane (både e-post og e-brev). Ordet er eit kortord for courrier électronique (elektronisk post) og slo først gjennom i Québec. Sjølv om courriel er eit kortord, er det likevel litt «tyngre» enn det engelske mail. Delvis av den grunn vert det i det same kommunikéet framheva at det tidlegare foreslåtte mél skal kunna nyttast som symbol på visittkort o.l. framføre ei elektronisk postadresse (på same måten som Tél. framføre telefonnummeret), men ikkje som substantiv i løpande tekst. Det kan dermed berre ha forma Mél.(med stor forbokstav og punktum). Dette symbolet står då som forkorting for messagerie électronique (elektronisk meldingsteneste), og er ikkje offisielt ein forfranska skrivemåte av det engelske mail, sjølv om det sjølvsagt kan oppfattast slik av den som ønskjer det.

Kommunikasjon og forretning

Data og telekommunikasjon er kanskje dei felta der det hyppigast oppstår engelske importord, og der utviklinga går raskast. Her er ein del døme på offisielle forslag til franske avløysarord av relativt ny dato:

byte – octet
download – télécharger
hacker – fouineur
hardware – matériel
spamming – arrosage
(World Wide) Web – toile (d’araignée mondiale)

Eit interessant døme på kløkt og god fantasi representerer etter mitt syn termen foire aux questions («spørjemarknad »), der ein har greidd å halda fast ved den same forkortinga som i engelsk, FAQ , for Frequently Asked Questions. Denne termen ser då også ut til å ha slått an. Om ein søkjer etter franske sider på verdsveven som inneheld sekvensen foire aux questions, får ein over ein million treff.

Eit anna område der importord spelar ei viktig rolle, er økonomi og forretningsliv. Spesialkommisjonen for dette feltet foreslo i juni 2000 ei liste med 70 avløysarord (den niande lista frå denne kommisjonen). Her finn vi vente aggressive for hard selling, arbitrage for trade-off og haut de gamme for full size. Som ein kuriositet kan nemnast at i ein artikkel der lista vert presentert, ser kommisjonsformannen det som bekymringsfullt at termen mercatique for marketing, foreslått i 1973, ser ut til å bruka så lang tid på å slå gjennom (bortsett frå i undervisningssektoren). Forklaringa er ifølgje forfattaren at franskmenn er altfor glade i engelske ord på -ing. Slike ord har som regel ei nokså upresis tyding og er lette å ty til for den som ikkje heilt veit kva han snakkar om, meiner kommisjonsformannen.

Ord på -ing er populære

At ord på -ing er populære i fransk, treng ingen vera i tvil om. I denne lista er det berre teke med eit lite utval:

building, camping, casting, dancing, downsizing, dumping, happening, holding, jogging, leasing, living, lobbying, marketing, meeting, parking, planning, pressing, reengineering, shopping, smoking, standing, trading, travelling, zapping

Ein god del av dei er såkalle falske anglisismar, dvs. at dei ikkje blir brukt om det same i fransk og engelsk. Det franske dancing svarer såleis til dance hall på engelsk, parking svarer til car park (i britisk engelsk), og pressing er det same som dry-cleaner’s. Den falske anglisismen smoking har vi jo også i norsk, svarande til amerikansk tuxedo. Men endinga ing er monaleg meir populær i fransk enn i norsk. Til dømes omtalar ein franskmann gjerne ein luksuriøs bustad som un appartement de grand standing, og skal han ut på joggetur seier han at han skal faire du footing.

Recordwomans og recordwomen

Endinga in g er ikkje det einaste ordlagingselementet frå engelsk som har fått innpass i fransk. Ord på man er også ganske vanlege. Ein del av desse er svært gamle importord, som gentleman frå 1558 (med forma gentilleman fram til 1698). Seinare har ein fått ord som yachtman, recordman, rugbyman, tennisman, barman og policeman. Ein har med andre ord fått ei utvikling der -man er blitt eit produktivt ordlagingselement på fransk, jf. at det på engelsk heiter t.d. record holder, tennis player og (amerikansk) bartender. Ettersom fransk har systematisk kjønnsmarkering i substantiv, er det kanskje ikkje så rart at endinga woman også har fått innpass i dette produktive systemet, som i recordwoman og tenniswoman. Når slike ord skal bøyast, dukkar spørsmålet om fransk eller engelsk fleirtalsmarkering opp. I offisiell rettskriving kan ein i dag velja mellom recordwomans og recordwomen. Når det gjeld ord på -man ser det ikkje ut for at ein føler den same trongen til avløysarord som ein har ved ein del av orda som inneheld ing (jf. centre commercial for shopping center og det tidlegare nemnde mercatique for marketing).

Mange engelske importord endar på er. Eit av dei mest brukte på fransk er leader. Nå ser ein ein tendens til å vilja erstatta det engelske -er med det franske -eur, t.d. er det eit vedtak frå september 2000 om at manager skal erstattast av manageur (i hankjønn) og manageuse (i hokjønn). Eigne hokjønnsformer ved yrkestitlar er i Frankrike, og endå meir i Québec, eit utslag av bevisst antidiskrimineringspolitikk. Den som vil halda seg oppdatert om offisielt godkjende avløysarord i fransk, kan gå inn på databasen http://www.culture.fr/culture/dglf/ Der kan ein søkja på importord, og få oppgitt avløysarord, eller gå den motsette vegen. Her finn ein også ein definisjon for kvart ord eller uttrykk. Dei avløysarorda som står oppført i denne databasen, er obligatoriske i statstenesta. For dei som arbeider der, er det ulovleg å nytta det gamle importordet når det finst eit offisielt avløysarord som tyder det same.

 

-- Harald Ulland er førsteamanuensis i fransk språk og faglig koordinator for bachelorprogrammet Språk og informasjon ved Universitet i Bergen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:09.06.2004 | Oppdatert:16.06.2015