Språk på nett

Nytt i Ivar Aasen-tunet

Ivar Aasen-tunet har oppdatert nettstaden. Nytt stoff er mellom anna Nynorsk faktabok, Ivar Aasens liv og verk, Nettbiblioteket og informasjon om biblioteksamlingane og utstillingane. Frå før har nettstaden mellom anna oversyna Nynorsken i årstal og Merkedagar 2000– 2005. Nettsstaden kjem til å bli utvida i tida som kjem. Adresse: www.aasentunet.no.

Geografiske og historiske namn

Rett skrivemåte for geografiske og historiske namn finn ein i oppdaterte lister her: www.sprakrad.no/geografi og www.sprakrad.no/historie.

no.fag.spraak.diverse

I denne temagruppa kan ein diskutere og utveksle informasjon om norsk språk. Ein må stille inn nettlesaren slik at ein kan lese diskusjonsgrupper på Usenet, eller ein må bruke eit eige «nyheits»-program. Men ein kan også få tilgang til denne og andre grupper ved å klikke på «Grupper» når ein går inn på denne adressa: www.google.com.

no fag.spraak.fagord

Dette er eit forum for spørsmål og svar om norske fagord. Ein finn gruppa på den måten som er forklart ovanfor.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:08.08.2004 | Oppdatert:16.06.2015