Norsk språkpris til Frode Grytten

Norsk språkpris 2003 vart i februar gjeven til Frode Grytten for arbeidet hans som journalist og sakprosaforfattar. Prisen, som er på 50 000 kr, blir delt ut av Norsk språkråd for framifrå bruk av norsk språk i sakprosa. I grunngjevinga la Språkrådet særleg vekt på reportasjane og reiseskildringane til Frode Grytten og nemnde særskilt boka Dublin (Spartacus 2002):

«Vinnaren av Norsk språkpris for 2003 har skrive både sakprosa og skjønnlitteratur. Han har mange år bak seg som journalist i dagspressa, men er no forfattar på heiltid. Språkprisen blir gitt på grunnlag av arbeidet hans som journalist og sakprosaforfattar. På begge desse felta er prisvinnaren uvanleg breitt og fleirstemt orientert, både når det gjeld emne, sjangrar og skrivemåtar.

Han søkjer ikkje sensasjonen i tekstane sine, men har ei eiga evne til å lyfta fram eineståande kvalitetar i det kvardagslege, og slik får han oss lesarar til å oppdaga nye dimensjonar både i verda kring oss og i våre eigne liv. Sakprosaen hans er sanseleg og formidlar kjensler. Dei lagnadene han presenterer, blir levande, og dei sakene han tek opp, blir interessante. Ulike tema blir knytte til lyst, glede eller melankoli, og dei kan spenna frå musikk, fotball, litteratur, dansefestar og bilkøyring til avfolking av distrikta og fattigdom i Russland. Forfattaren er alltid lojal overfor intervjuobjekt og emne, og tekstane hans viser at han kjenner seg forplikta til å få fram kjernen i stoffet. Ein finn han med og i det han skriv, ikkje over eller utanfor.

Forfattaren er aktiv innan fleire sjangrar, og han turnerer både reportasjen, intervjuet, essayet, artikkelen og reiseskildringa på ein framifrå måte. Juryen vil særleg peika på kvalitetar ved reportasjane og reiseskildringane hans.

I reportasjane viser prisvinnaren seg som ein forfattar med særleg god evne til å observera og framstilla emne av allmenn interesse på ein samfunnskritisk måte. Forfattaren kan vera kritisk overfor fenomen i samtida, men det han formidlar, er alltid prega av vørdnad for andres haldningar og liv. Vørdnaden røper seg i ein skrivemåte der det medvitne og analytiske er kombinert med det såre, romantiske, melankolske, humoristiske og poetiske.

Gjennom forfattarskapen viser prisvinnaren både respekt for og sterkt medvit om språk, både det nynorske skriftspråket og språkbruk generelt. I nynorsktekstane sine skriv forfattaren med få unntak innanfor ei vid nynorsknorm. Språket er brukt presist og råkande med ein personleg dåm. Dette kjem til dømes tydeleg fram i reiseskildringa Dublin frå 2002, som også er ein gaid for andre som vitjar den irske hovudstaden. I denne boka er nynorsk brukt i jakta på puls, temperatur, stemning og folkesjel i ei skildring av folkeliv, drøs og drinkar i ein moderne storby.

Mykje av boka Dublin handlar om språk, om korleis irane tek «ordet på ordet» og, slik forfattaren uttrykkjer det, «dansar med talemåtar». Forfattarens eigen skrivemåte er også ei dansing og ein leik med tale- og skrivemåtar, med ordtak, boktitlar, populærkulturelle referansar og sitat frå bartenderar, tiggarar, kremmarar og folk flest. Forfattaren har på denne måten skapt ein uvanleg rik tekst, som appellerer til mange ulike lesargrupper, og som i likskap med andre delar av forfattarskapen må seiast å vera ei domeneerobring for nynorskens del.»

Stortingsrepresentant og medlem av kulturkomiteen, Magnar Lund Bergo, overrekte prisen under årsmøtet til Norsk språkråd i Ivar Aasen-tunet i Ørsta. Norsk språkpris blir gjeven annankvar gong for bokmål og annankvar gong for nynorsk. I år vart prisen gjeven for framifrå bruk av nynorsk i sakprosa. Frode Grytten har òg gjeve ut dikt og novellesamlingar. I 1999 fekk han Brageprisen for boka Bikubesong.

Prisen er tidlegare gjeven til Lars Roar Langslet (1992), Berge Furre (1993), Sissel Benneche Osvold (1994), Kåre Lunden (1995), Kari Gåsvatn (1996), Otto Hageberg (1997) og Guri Hjeltnes (1998), Ottar Grepstad (1999) og Arild Stubhaug (2001).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:08.08.2004 | Oppdatert:16.06.2015