Nysgjerrigpers språkpris

Har du språkinteresserte elevar, eller ønskjer å gjera elevane språkleg medvitne? Lag eit språkleg prosjekt til den årlege forskingskonkurransen for barn, Årets nysgjerrigper.

Språkrådet og Noregs forskingsråd deler ut ein eigen språkpris for nysgjerrigperar. I Årets nysgjerrigper får barna forske sjølve, og dei konkurrerer om å skrive den beste forskingsrapporten. Dei ti beste prosjekta i landet får Nysgjerrigperpris og ein pengepremie. Nysgjerrigpers språkpris er ein av fleire fagprisar som delast ut. Premien er på 10 000 kroner.

Nysgjerrigper-konkurransen

Foto: Jon Solberg, Noregs forskingsråd

Kvart år deltek omkring 2000 elevar i Årets nysgjerrigper. Rundt om i landet spør engasjerte lærarar elevane om kva dei lurer på, slik at dei kan utforske spørsmålet og levere inn ein forskingsrapport til Årets nysgjerrigper. Alle som deltek, får diplom og tilbakemelding frå juryen.

Korleis kan ein skaffe kunnskap om språk?

I eit Nysgjerrigper-prosjekt kan elevane utforske eit språklig emne, og dei konkurrerer om å skrive den beste forskingsrapporten. Jurykriteria for prisen er slik: «Nysgjerrigpers språkpris vert delt ut av Språkrådet. Prisen går til eit prosjekt der eit språkleg emne vert utforska. Emnet må ha tilknyting til norsk språk eller forholdet mellom norsk og andre språk. Vi brukar språket i all slags situasjonar, anten vi les, skriv eller snakkar. Namn på personar og stader, slang og dialektar, språk og teknologi er berre nokre døme på emne som kan utforskast. Utfordringa er å vise korleis ein skaffar kunnskap om språket og bruken av det.»

Språk i alle fag

Arbeid med språk inngår i alle fag i skulen, derfor kan ein få språkprisen same kva fag ein arbeider med. Med læreplanverket for Kunnskapsløftet blei det innført fem grunnleggjande ferdigheiter som skuleelevane skal utvikle gjennom arbeidet sitt i alle fag. Desse ferdigheitene er å kunne lese, å kunne skrive, å kunne uttrykkje seg munnleg, å kunne rekne og å kunne bruke digitale verktøy.

Bli inspirert!

«Hvordan er bruken av monoftongering i løtendialekta i dag?» Dette ville 5. klasse på Hedmarken friskole i Løten i Hedmark finne ut av. Les rapporten frå prosjektet her [pdf].

«Kåffår ha Skåbu-dialekta forandra sê?» Dette så 1.–7. klasse ved Skåbu oppvekst i Nord-Fron i Oppland nærare på. Les rapporten frå prosjektet her [pdf].

«Finst det mange kallenamn brukt på personar i bygda vår, og var det meir vanleg med kallenamn på personar før i tida?» Det undersøkte 16 elevar på Bruvik skule. Les rapporten frå Nysgjerrigper-prosjektet deira her [pdf].

«Kvifor er det feil i det nye norskverket vårt? Kor mange feil kan vi finne i løpet av skuleåret?» Det ville sjetteklassen ved Tokke skule finne ut. Les rapporten frå prosjektet her [pdf].

Vinnar i 2014: Bondi skule

I 2014 gjekk prisen til 2. klasse ved Bondi skule i Asker. Elevane fekk prisen for å ha forska på definisjonen av ordet godteri. Les meir om forskingsprosjektet deira her.

Kontaktpersonar

Forskingsrådet: Kate Alice Furøy, tlf. 22 03 75 55
Språkrådet: Gunnhild Wiggen, tlf. 22 54 72 48

Logoar Forskingsrådet og Språkrådet

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Facebook