Strategi for Språkrådet 2020–2024

No image

Språkrådets strategi gjeld dei språka som er omfatta av lov om språk (språklova). I strategiperioden er følgjande tre punkt gjeve særleg prioritet:

  • Arbeid med å styrkje nynorsk (slik det òg er vektlagt i føremålsparagrafen i språklova)
  • Arbeid med å gjennomføre den heilskaplege språkpolitikken i kunnskapssektoren
  • Arbeid med å styrkje og sikre norsk språk i språkteknologi

Dei to første målområda i strategien gjeld språk i samfunnet og er overordna, medan dei tre siste gjeld Språkrådets arbeid som statens forvaltningsorgan for språk.

Kvifor

  • Tilgang til eige språk (det å få møte og bruke eige språk) gjev folk språkleg tryggleik, sjølvtillit og identitet. Det er ein grunnleggjande rett for den einskilde og ein føresetnad for rettstryggleik og inkludering i samfunnet og for demokratiske prosessar.
  • Noreg er eit fleirspråkleg samfunn, med både ny og gamal fleirspråklegheit.
  • Språka våre er dei viktigaste felles kulturobjekta i det norske samfunnet.

Korleis

  • Systematisk språkarbeid i kunnskapssektoren må prioriterast for at vi skal kunne nå alle dei andre måla for den norske språkpolitikken.
  • Opplæringa i og på bokmål og nynorsk, norsk teiknspråk og samisk og i dei nasjonale minoritetsspråka skal ha same omfang og kvalitet gjennom heile utdanningsløpet.
  • Språkbrukarane skal ha tilgang til eit miljø der dei kan bruke og utvikle språket sitt. Dette gjeld ikkje berre brukarar av samiske språk og nasjonale minoritetsspråk, men også brukarar av nynorsk og norsk teiknspråk.
  • Innbyggjarane i Noreg skal ha god kunnskap om språkleg mangfald og om dei språka som er omfatta av språklova.
  • Fagspråk og terminologi skal gjerast tilgjengeleg for språkbrukarane.
  • Innbyggjarane i Noreg skal få informasjon frå det offentlege i eit språk som er klart, korrekt og tilpassa målgruppa.
  • Språkbrukarane skal ha tilgang til språkverktøy, språkleg rettleiing og relevant språkdokumentasjon. Her skal skulesektoren vere særleg prioritert.
  • Offentlege organ som skal investere i IKT-løysingar, må krevje at dei som utviklar og leverer løysingane, tek omsyn til språk, slik at samfunnet får gode språkteknologiske produkt og tenester for alle språka som er omfatta av språklova.
  • Norsk språk omfattar både norske talemål og skriftspråka bokmål og nynorsk.
  • Norsk skal ha eit spesialisert ordforråd for alle bruksområde og brukssituasjonar.

Kvifor

  • Norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg. Forvaltningsspråket er norsk.
  • Norsk språk er vårt viktigaste felles kulturobjekt og del av den immaterielle verdskulturarven. Noreg har difor særskilt ansvar for å forvalte det.
  • Norsk språk er ein grunnleggjande infrastruktur i det norske samfunnet.
  • Norsk er under press frå engelsk, og det trengst tiltak for å hindre statusfall og domenetap.
  • God dugleik i norsk er ein føresetnad for å delta i samfunns- og arbeidslivet.
  • Nynorsk skal etter språklova prioriterast særskilt i alt arbeid med norsk språk.

Korleis

  • Norsk skal ha funksjonelle og brukarvennlege offisielle normer som byggjer på den norske normeringstradisjonen og rettskrivingsreglar som ligg føre i ordbøker, grammatikkar og lett tilgjengelege digitale løysingar.
  • Alle fagfelt skal ha godt norsk fagspråk og norsk fagterminologi som er gjort tilgjengeleg for språkbrukarane.
  • Nynorsk er det minst brukte skriftspråket og skal difor styrkjast særskilt i opplæringa og i det offentlege.
  • Språkopplæringa og krava til språkkompetanse i lærarutdanninga må styrkjast.
  • Norskfaget i skulen skal styrkjast, både som reiskapsfag og som danningsfag.
  • Dei språklege grunnleggjande ferdigheitene – lesing, skriving og munnlege ferdigheiter – må styrkjast systematisk i alle fag i heile opplæringsløpet.
  • Språkrådet skal vere til nytte for ålmenta og ha høg tillit og legitimitet.
  • Språkrådet skal gje fagleg solide, tydelege og relevante råd.
  • Språkrådet skal syte for ei effektiv og tydeleg normering av dei to norske skriftspråka og av norske og kvenske stadnamn.

Kvifor

  • Språkrådet er statens forvaltningsorgan for språk, forvaltar språklova og stadnamnlova, fører tilsyn etter språklova og har ansvar for at den vedtekne språkpolitikken blir gjennomført på alle samfunnsområde.
  • Språkrådet treng ekspertstatus for å ha tillit både hos folk flest og i relevante fagmiljø.
  • Språkbrukarane treng eit språk som er godt røkta, gode språkverktøy og tydelege, forståelege og konsekvente reglar og råd for god språkbruk.

Korleis

  • Språkrådet skal utvikle rolla som tilsynsorgan.
  • Språkrådet skal ha spisskompetente medarbeidarar på alle arbeidsområda sine.
  • Språkrådet skal kommunisere oppdraget sitt på ein tydeleg måte.
  • Språkrådet skal gje råd og rettleiing på ein tydeleg og effektiv måte.
  • Språkrådet skal setje dagsorden i strategisk viktige språkspørsmål.
  • Språkpolitikken skal vere kjent i alle sektorar i det offentlege.
  • Språkpolitikken skal verke gjennom alle offentlege institusjonar.

Kvifor

  • Alle sektorar i det offentlege har ansvar for å gjennomføre språkpolitikken på sitt felt. Sektorar i det offentlege treng rettleiing om korleis dei skal handtere eventuelle konfliktar mellom språkpolitiske og sektorspesifikke omsyn (t.d. internasjonalisering, krav til effektivisering).

Korleis

  • Språkrådet skal syte for at alle sektorar i det offentlege får kjennskap til sitt spesifikke ansvar for å gjennomføre den gjeldande språkpolitikken.
  • Språkrådet skal samordne på tvers av sektorane for å sikre god og effektiv gjennomføring av språkpolitikken. Språkrådet skal særleg sjå til at alle sektorar i det offentlege følgjer opp det ansvaret dei har for å bruke og synleggjere nynorsk.
  • Språkrådet skal sjå til at universitets- og høgskulesektoren tek ansvar for å utvikle og halde ved like norsk fagspråk.
  • Språkrådet skal gjere det enkelt for det offentlege å bruke eit klart, korrekt og brukartilpassa språk ved å arbeide for samordning og tilgjengeleggjering av ressursar, tenester og verktøy innanfor språkteknologi, terminologi, klarspråk, rettskriving osb.
  • Språket i norske lover skal vere klart, presist og korrekt. Språkrådet skal prioritere lover som gjeld mange, og arbeide for at nynorsk skal brukast meir i lovtekstene.
  • Språkrådet skal delta i strategisk språksamarbeid med relevante aktørar på norsk, nordisk, europeisk og internasjonalt nivå.

Kvifor

  • Skal statlege og private aktørar i Noreg kunne bidra til at den norske språkpolitikken blir gjennomført, må Språkrådet delta i strategisk viktig samarbeid på tvers av sektorar og vere pådrivar og koordinator i slikt samarbeid.
  • Det skandinaviske språkfellesskapet treng styrking. Eit sterkt skandinavisk språkfellesskap vil sin i tur styrkje både dei språka Noreg har eit særleg ansvar for, og dei andre nordiske språka som inngår i fellesskapet.
  • Det internasjonale arbeidet for språkleg mangfald, nasjonalspråk og minoritetsspråk treng styrking. Eit sterkt internasjonalt språksamarbeid vil i sin tur også styrkje dei språka som Noreg har eit særleg ansvar for, og effekten av arbeidet til Språkrådet.

Korleis

  • Språkrådet skal sikre at dei som utviklar språkteknologi på norsk, får tilgang til naudsynte grunnlagsressursar.
  • Språkrådet skal bidra til at alle fagområde og alle delar av offentleg sektor utarbeider terminologi på bokmål og nynorsk.
  • Språkrådet skal vere pådrivar for eit samordna sentralt arbeid med klarspråk i det offentlege.
  • Språkrådet skal vere pådrivar for samarbeid med aktørar som er viktige for språk- og digitaliseringsfeltet (standardiseringsorgan, forvaltningsorgan, næringsliv osb.)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:01.11.2013 | Oppdatert:27.10.2021