Språkpolitikk

Det er ikkje sjølvsagt at norsk vil vera eit fullverdig bruksspråk på alle samfunnsområde i Noreg i framtida.

I 2005 la eit utval oppnemnt av Språkrådet fram utgreiinga «Norsk i hundre!», som tok til orde for ein ny, samla språkpolitikk.

I 2008 kom stortingsmeldinga «Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk». Meldinga gjorde greie for ein ny, sektorovergripande språkpolitikk for å sikra norsk som eit fullverdig, samfunnsberande språk i Noreg.

På nettstaden vår kan du lesa meir om norsk språkpolitikk. Internasjonale politiske dokument legg òg føringar for språkpolitikken. Her kan du lesa meir om den nordiske språkdeklarasjonen og den nordiske språkkonvensjonen. Du vil dessutan finna informasjon om den nasjonale språkpolitikken i nabolanda våre.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter