Mandat for fagråda

Mandata for fagråda vart vedtekne av interimsstyret i Språkrådet 13. juni 2006.


1 Fagråd for fagspråk og språk i samfunn og høgre utdanning

Mål: Å fremja terminologiarbeid og medverka til å styrkja norsk som fullverdig fagspråk og bruksspråk i høgre utdanning og forsking, kulturliv, mediesektor, informasjonsteknologi og i arbeids- og  næringsliv

Fagrådet skal difor

  • arbeida for at akademia, offentleg sektor og næringsliv innfører språkstrategiar og følgjer dei, og at dei held norsk fagspråk ved like,
  • samarbeida om språklege og språkpolitiske utfordringar og om fagspråkleg kvalitet,
  • fremja terminologisk og fagspråkleg forsking og dessutan forsking på språk i akademia, offentleg sektor og næringsliv,
  • tryggja og utvikla ordningar som sikrar norsk i skjønnlitteratur, sakprosa, lærebøker, presse og andre medium, programvare og elektroniske tenester,
  • arbeida saman med den nasjonale standardiseringssektoren med sikte på kvalitetsomsetjing av standardar til norsk,
  • fremja oppbygging og forvaltning av allment tilgjengelege terminologidatabasar,
  • fungera som kontaktpunkt i nasjonalt og internasjonalt samarbeid,
  • ta initiativ til og samarbeida om faglege arrangement og fagleg formidling,
  • arbeida for at viktige produkt og installasjonar som gjeld kvardagen til dei fleste, har bruksrettleiing på norsk,
  • vera eit bindeledd mellom det norske språksamfunnet og Språkrådet og fungera som referansegruppe for sekretariatet i Språkrådet.

Vedtatt 10. desember 2014


2 Fagråd for skule og offentleg forvaltning

Mål: sikra ei norskundervisning som er slik at ho frå barnehage og fram til avslutta allmennutdanning fører til styrking av morsmålet, og fremja ei statleg norskrøkt som fører til tenleg språk i det offentlege

Fagrådet skal difor

  • ta språkpolitiske initiativ andsynes utdanningssektoren
  • påverka styresmakter og skuleplanleggjarar til å leggja vekt på utvikling av grunnleggjande haldningar som nøkkelen til å sikra framtida for norsk språk
  • arbeida for at det blir lagt særleg vekt på norskspråkleg stimulering i barnehage og grunnskule
  • sjå til at norskundervisninga er orientert mot kunnskapsbasert meistring og dugleik, men at ho òg er verdiorientert
  • medverka til at bruken av norsk og engelsk blir oppfatta som komplementære og parallelle dugleikar, ikkje som ein destruktiv tvikamp mellom ein sterkare part og ein svakare part
  • byggja alliansar med andre aktørar for å fremja viktige spørsmål i skule og stat
  • gje innspel til det arbeidet med godt og klårt språk i staten som skjer i regi av Språkrådet
  • sjå etter at bruken av nynorsk og bokmål i det offentlege er i samsvar med lov og forskrifter
  • følgja med i bruken av engelsk i statstenesta

Vedtatt 12. desember 2013


3 Fagråd for normering og språkobservasjon

Mål: arbeida for at norma i bokmål og nynorsk blir halden i hevd og utvikla i samsvar med etablert normeringspraksis og stabile utviklingstendensar i språkbruken

Fagrådet skal arbeida ut frå to overordna prinsipp, prinsippet om sjølvstendig normering av nynorsk og bokmål og prinsippet om stabilitet, jf. Mål og meining pkt. 8.4.2.5 s. 173.

Fagrådet skal då, i samsvar med § 3 i vedtektene for Språkrådet

  • bidra til å sikra jamleg tilgang til pålitelege data om utviklinga i norsk språk for å kunna følgja utviklinga av norsk skrift, bokmål og nynorsk, og norsk talemål
  • samarbeida med språkvitskaplege institusjonar om språkobservasjon, om faglege arrangement og bidra til fagleg debatt om språkutviklinga
  • sjå til at normeringa av dei to målformene mest mogeleg skjer ut frå eins ortografiske prinsipp, og samordna, slik at det ikkje oppstår tilfeldige skilnader mellom målformene, samtidig som ein tek omsyn til særeigne prinsipp for kvar målform
  • koma med framlegg om normering av einskildord, utanlandske namn og andre innlån
  • foreslå endringar i gjeldande rettskriving og tilrådd syntaks når utviklinga gjer det ønskjeleg
  • ha kontakt med NRK og andre etermedium om uttalespørsmål og gje råd om uttale
  • medverka til at Bokmålsordboka og Nynorskordboka kjem i oppdaterte utgåver slik at den gjeldande norma alltid er tilgjengeleg for publikum (elektronisk og/eller i papirutgåver)
  • ha ansvaret for kontroll og godkjenning av norskspråklege papirbaserte og elektroniske ordlister og ordbøker for skuleverket
  • bidra til at det blir sett i gang fagprosjekt som er nyttige for kunnskapen om utviklingstrekk i moderne norsk
  • samarbeida med språklege yrkesorganisasjonar
  • halda kontakt med stadnamntenesta
  • vera oppdatert på det som skjer elles i Norden når det gjeld normering og språkutvikling
  • vera referansegruppe for svartenesta og rådgjevinga i sekretariatet

Vedtatt 12. desember 2013

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter