Grunnlova i nye versjonar

I jubileumsåret 2014 har Stortinget vedteke to moderniserte språkversjonar av Grunnlova: ein på bokmål og ein på nynorsk. Vi skal sjå nærare på føremålet med endringane og på spesifikke språklege val i dei to versjonane.

Bokmålsversjonen er utarbeidd av professor emeritus Finn-Erik Vinje og vart vedteken med 165 mot 4 røyster. Nynorskversjonen er utarbeidd av eit stortingsoppnemnt utval leidd av professor Hans Petter Graver (og med to representantar frå Språkrådet) og vart vedteken med 168 mot 1 røyst. Ein meir modernisert bokmålsversjon frå Graver-utvalet vart forkasta med 82 mot 87 røyster.

Alt i 2008 fremja Vinje og Carl I. Hagen eit framlegg til revidert versjon. Det vart avvist, mellom anna fordi nynorsken ikkje var teken med i rekninga.

Kvifor fornying?

Grunnlovsfedrane ville ikkje skriva gammaldags og utilgjengeleg, dei nytta berre det danske skriftmålet dei hadde lært. Dei ville nå fram med eit aktuelt dokument. Forvaltar vi den arven godt med å dyrka sjølve det alderdommelege preget, som jo er eit produkt av ettertida? Det har vore usemje om det. Men ingen har ynskt noko reint kvardagsmål. Poenget har vore å gjera Grunnlova meir tilgjengeleg for folk flest, og jubileumsåret 2014 peika seg ut som det rette høvet.

Folkeopplysning og demokrati har vore viktigast, men det har òg vore eit mål å gjera norsk til grunnlovsspråk. Eit slikt mål kan nåast på minst to måtar: med å justera den danske teksten slik at han såvidt fell innanfor norsk rettskriving, og med å setja om til meir typisk moderne nynorsk og bokmål.

Også praktiske motiv har vege tungt. Heilt til det siste har ein streva med å formulera nye paragrafar på 1814-dansk eller strengt teke – etter ein revisjon i 1903 – på seint attenhundretals dansk-norsk. Dette har sett urimelege språkkrav til dei som har skulla skriva nye paragrafar.

Skrivemåte og lydverk

Dette er det mest overflatiske og kanskje mest synlege nivået. Her er mange endringar «obligatoriske», til dømes små førebokstavar i substantiv, å for aa, e for æ i mange tilfelle (bekræfte, Præsident), noe og etter (noget og efter), bortfall av stumme lydar (ind, Storthing), bdg for ptk (men likevel antagelse, ad-), å for at, kortformer av verb som si(ge) og ha(ve). Innanfor den gjeldande rettskrivinga er bokmålsversjonen halden så nær originalen som mogleg. Sju heiter til dømes syv, og ein finn ikkje norske diftongar nokon stad, korkje hjå Vinje eller Graver.

I nynorsk er det stort sett valt former frå læreboknormalen frå 1959, som galdt til 2012. Innanfor den att er det valt tronge vokalar (som y for ø i fyrst), og enkel konsonant for dobbel (skjøn, men likevel dommar, som før var hovudform). Resultatet er såleis moderat konservativt.

Formverk

Bokmålsversjonen har naturlegvis gjennomført dei naudsynte endringane frå eldre dansk og til dømes fjerna fleirtalsbøyinga av verb (de kunne de kan) og fleirtals-e i partisipp (der ere fødte som er født). Ingen valfrie særnorske trekk er nytta, som a-endingar i verb og hokjønnsord. Det må kallast einsidig innanfor rettskrivinga, men normalt innanfor det administrative bokmålet og høgare talemålet.

I nynorsk er dei vanlege norske a-endingane i hokjønn og i fortid av verb obligatoriske. Eldre omsetjingar hadde i-mål («lovi») og dessutan ein rungande a i infinitiv: «Ytringsfridom skal det vera»! Men no skal det vere vere.

Ordval

Det er nok minst éi ordendring per paragraf i bokmålsversjonen og sjølvsagt mange fleire i nynorskversjonen. Det ville snautt vore mogleg å la det stå der for som, stedse for alltid og billiger for godtar – for ikkje å snakka om «som [Kongen] for tjenlig eragter».

Dei mest gammaldagse orda som står att, viser gjerne til noko som høyrer fortida til og manglar opplagde moderne synonym: «Ingen grevskaper, baronier, stamhus og fideikommisser må for ettertiden opprettes.» Hoffstat er stuttare enn alternativet «tenarar og funksjonærar ved hoffet», og alternativet hoffolk vann ikkje fram.

Det felles dansk-norske kansellistiske ordtilfanget er meir reindyrka i den nye versjonen enn i vanleg bokmål i dag, men det er mjuka opp ein del. «Hvis vi bruker mange pronominale adverb av typen herfor, hermed, derav, herav, derom, herom, får framstillingen et stivt, skriftspråklig preg», skriv Finn-Erik Vinje i Moderne norsk. I Grunnlova finn vi no både endring til typen «i lov om dette» (for «herom») og typen «traktater herom» (Graver: «om dette»), og mest av det siste. Eit stivt ord som dog er fjerna to av fleire stader, medan kun er sporlaust borte.

Vinje har omsett Gjenstande med forhold éin stad, med emner ein annan stad og med gjenstander i § 100. Nynorskversjonen har alltid emne:

Frimodige ytringer om statsstyret og hvilken som helst annen gjenstand er tillatt for enhver. → Alle har rett til å ytre seg frimodig om statsstyringa og kva anna emne som helst.

Stikkordet er spreidd oppmjuking. I Vinjes siste versjon frå 2012 har det dessutan kome til fleire løysingar som svarer til Graver-versjonen, til dømes:

ha innseende med den offentlige forvaltning → føre kontroll med ...

med iakttagelse av Grunnloven → i overensstemmelse med Grunnloven (nynorsk: i samsvar med Grunnlova)

Synonymfloraen i originalen er rik på området rettar og plikter: skyldig, forbunden, pliktig, forplikte, påligge; berettiget, tillatt, tilkomme ofl. Graver-utvalet forenkla delvis til (ha) rett/plikt og skal/må/kan (ikkje). Og ikkje minst:

Ytringsfrihet bør finne sted. → Ytringsfridom skal det vere.

«Skal» er faktisk den rette lesemåten av «bør» i dag.

Begge versjonane har med begge kjønn der det før berre stod «han». Graver-versjonane set kvinnene fyrst.

Moderne ord

Nokre stader har begge versjonane modernisert eller forenkla ordbruken: Søgnedaghverdag/kvardag, falleregå konkurs og Livsstraffdødsstraff (Vinjes siste versjon og Graver). Andre stader er det berre Graver-versjonane som har modernisert:

sjælelig Svækkelse → psykisk svekking 

Fordrer Statens Tarv, at … → Krev omsyn til samfunnet at …

Etter at forslaget der er antatt, skal ny deliberasjon finne sted i Stortinget … Mellom hver slik deliberasjon må … → Etter at framlegget er vedteke der, skal Stortinget ta det opp til ny vurdering … Mellom kvar slik behandling må …

Nynorskordlag

Nynorsken har eit litt anna administrativt ordtilfang enn bokmål. Besettelse er mellom anna utnemning, beføyelse kan vera råderett, og å tilstede kan vera å gje løyve. I ein paragraf som ikkje vart vedteken, heitte Befolkningens Helbred beint fram folkehelsa.

Det er stort sett valt tradisjonelle ord der det er valfritt, til dømes vederlag for erstatning. Fire samansette døme:

forslag … bifalles → framlegget … blir stødd

i tilfelle av stemmelikhet → står røystene likt

saker av ... viktighet → viktige saker

erklærer han seg offentlig å være myndig → lyser han seg myndig

Men det står alltid behandle, ikkje handsame eller dei meir tradisjonelle ta opp, ha oppe/føre. Det skaper eit visst stilistisk sprik i nynorskteksten, som Graver-utvalet sjølv har peika på.

Fleire stader har dei to vedtekne versjonane to ulike alternativ til originalen. Døme:

de Sager som af Storthinget foranstaltes anlagte for Rigsretten → de saker som Stortinget anlegger for Riksretten / saker som Stortinget reiser for Riksretten

i fire på hinanden følgende Aar; to paa hinanden følgende Gange → i fire sammenhengende år; to på hinannen følgende ganger / i fire år på rad; to gonger på rad

Historiske problem

Nokre paragrafar er ekstra vanskelege å modernisera. Det har vore mykje snakk om den tidlegare § 96: «Pinligt Forhør maa ikke finde Sted.» Graver-utvalet ville kalla forhøyrsmetoden «tortur», eventuelt «pinefullt forhør», som Vinje òg valde i siste omgang. Paragrafen er no borte, og det har kome inn torturforbod ein annan stad.

Eit nærmast uomsetjeleg omgrep er politi i 1814-tyding. Det som er sikkert, er at det ikkje svarer til dagens politi. Vinje endra det i siste omgang slik at det svarer til Graver-versjonane: «Handel, Told, Næringsveie og Politi» → «handel, toll, næringsveier og offentlig forvaltning og regulering». Løysinga er omstridd.

Det språkleg mest omstridde punktet har vore § 75 b: «Det tilkommer Stortinget … å åpne lån på rikets kreditt.» Graver-versjonane (og Vinjes framlegg frå 2008) hadde å ta opp lån eller å oppta lån. Det er regjeringa som reint praktisk tek opp lån, medan det som «tilkommer Stortinget», er å gje løyve til å låna, eller opna for lån, som vi vel ville sagt i dag.

Eit anna presisjonsspørsmål ligg i § 102: «Hus-Inkvisitioner maa ikke finde Sted, uden i kriminelle Tilfælde.» Vinje har «husundersøkelser», Graver har «husransakingar»,som er eit trongare omgrep.

I § 23 er det ulike tolkingar av kva som skal kunngjerast:

Kongen kan meddele Ordener til hvem han for godt befinder, til Belønning for udmærkede Fortjenester, der offentligen maa kundgjøres. → Kongen kan tildele ordener til hvem han ønsker, til belønning for utmerkede fortjenester, og dette må offentlig kunngjøres. / Kongen kan gje ordenar til kven han vil, til påskjøning for framifrå forteneste, som må kunngjerast offentleg.

Setningsbygnad

Bokmålsversjonen til Vinje har jamt over same syntaksen som originalen. Nokså markert er den gjennomførte bruken av enkelt bestemt form, som trass i hardnakka rykte om det motsette òg fanst i Graver-framlegget. I Grunnlova står det framleis «de anmerkninger» og «denne Grunnlov» – og jamvel «på denne måte» for vanleg norsk «på denne måten». Denne målføringa er det nøytrale og vanlege i dansk. Ein særnorsk spesialitet er å spara slikt til høgtidlege høve og bruka vanleg norsk ordlegging til kvardags. Men sidan heile Grunnlova er høgtideleg, finn vi i bokmålsversjonen korkje den vanlege norske målføringa eller den særnorske sosiokulturelle arbeidsdelinga.

Men det er mjuka opp i kansellistisk syntaks her og der. Døme på fjerning av attributiv sperring: «[De] af Storthinget givne love» har vorte til «de lover som Stortinget har gitt». Men stort sett står det som her: «med de av Stortinget tilføyde anmerkninger» og «en til Norges krone arveberettiget prins». Døme på genitivsomskriving: «Rigets bestyrelse» er vorte til «styret av riket» i § 13, men ikkje i § 40. Likeins er «bestemmelsene i denne Grunnlov» nytt, medan det ein annan stad står «denne Grunnlovs prinsipper». Døme på overgang frå passiv til aktiv:

kun forsaavidt det af Storthinget maatte tilstedes → bare for så vidt Stortinget måtte tilstede det

Det var meir gjennomført oppmjuking i Graver-versjonen.

Forenkling og opphogging

I nynorskversjonen er mange setningar brotne ned og bygde opp att, som vanleg er i omsetjing. Ikkje sjeldan vert det stuttare:

Hvorvidt og under hvilke former de stemmeberettigede kan avgi sine stemmesedler uten personlig fremmøte på valgtingene … → Om og korleis dei røysteføre kan røyste utan å møte personleg på valtinga …

Er en lovbeslutning blitt uforandret antatt av to storting, sammensatt etter to på hinannen følgende valg og innbyrdes adskilt ved minst to mellomliggende storting … → Når to storting med eitt val og minst to storting imellom har gjort same lovvedtaket uendra …

Dog tilkommer arverett ikke noen som ikke er født i rett nedstigende linje fra den sist regjerende konge eller dronning eller fra dennes bror eller søster, eller selv er dennes bror eller søster. → Arverett har likevel berre dei som ættar frå foreldra til den sist regjerande dronninga eller kongen.

Somme stader vart det sett nye punktum i Graver-versjonane for å letta lesinga (t.d. i § 6 og § 26 andre ledd). Dette har ført til eit utilsikta mishøve mellom dei to vedtekne versjonane. Dei største omkalfatringane finn vi elles i § 57 og § 59 om valskipnaden og i § 81. Dette er lange paragrafar, så vi nøyer oss med å vise til Lovdata. Du kan òg lesa meir i Statsspråk nr. 3/2014.

Resultatet

Til slutt må det nemnast at resultatet ikkje er fritt for rusk. Ulik leddinndeling i målversjonane er eitt problem, ulik bruk av store førebokstavar eit anna. Dessutan vedtok Stortinget ved eit mistak ein ordlyd som skil seg noko frå Gravers nynorskversjon. Det må altså ei lita opprydding til.

Men det viktigaste er at Grunnlova for fyrste gong på lenge ligg føre på «landets språk», som det heiter i Grunnlova – den eine versjonen varsamt «andletslyft» frå 1814-dansk, den andre klårt omsett.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:02.12.2014 | Oppdatert:27.01.2021