Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Ja, nei og jau om mållova

Av Sigfrid Tvitekkja

Må Nav Oslo svare deg på nynorsk viss du skriv til dei på nynorsk? Ja. Må Oslo kommune det same? Nei. Og kva med bokmålsbrukarar, har dei ingen rettar? Jau.

For å forstå reglane i mållova må me vite kven som har rettar, kven som har plikter, kva som er skal-reglar, og kva som er bør-reglar. Å bryte ein skal-regel i mållova er eit brot på paragrafar, å bryte ein bør-regel er å bryte med føremålet i lova: jamstilling mellom målformene. Det er berre offentlege tenestemenn som bryt lova, ingen privatpersonar.

Rettar og plikter
Statsorgana, t.d. Nav Oslo, Fylkesmannen og Finansdepartementet, har etter mållova berre plikter og mange skal-reglar dei skal følgje. Kommunane har både rettar og plikter. Dei kan krevje skal-reglar oppfylte av staten, og dei har dessutan nokre bør-plikter sjølve. Privatpersonar har berre rettar, som staten skal oppfylle og kommunane prinsipielt bør oppfylle. Korleis heng dette saman?

Mållova er tufta på jamstillingsprinsippet: Nynorsk og bokmål er likeverdige og jamstilte målformer i alle offentlege organ i kommune, fylkeskommune og stat. Ein berebjelke i regelverket er at kommunane kan gjere målvedtak. Det finst i dag 160 bokmålskommunar, 115 nynorskkommunar og 158 nøytrale kommunar. Bokmåls- og nynorskkommunane har gjort vedtak om å krevje den eine målforma i skriv frå statsorgan. Nøytrale kommunar har ikkje ynskt noka særskild målform. Målvedtaket stadfester ein rett og utløyser ei plikt: Statsorgan pliktar å skrive til kommunane i den målforma kommunane har vedteke. Samstundes med målvedtaket gjer ofte kommunen vedtak om at ei viss målform skal vere administrasjonsspråk i kommunen. Det er ofte samsvar mellom målforma i målvedtaket, som rettar seg «oppover» mot statsadministrasjonen, og det kommunale administrasjonsspråket, som rettar seg «utover» – til innbyggjarane i kommunen.

Vi tek utgangspunkt i Oslo kommune: Kommunen er ikkje ein bokmålskommune, slik mange trur. Han er nøytral og krev ikkje noka særskild målform i skriv frå staten. Men kva plikter har Oslo kommune sjølv? Tja, etter jamstillingsprinsippet bør Oslo kommune kunne svare privatpersonar i deira målform, men samstundes er det ikkje eit direkte lovbrot dersom kommunen ikkje gjer det. Nav Oslo, derimot, er ikkje eit kommunalt organ, men eit lokalt statsorgan med tenestekrinsen Oslo. Nav Oslo skal til dømes ha alle skjema på begge målformer, svare Volda kommune på nynorsk og svare ein privatperson på nynorsk viss han sjølv brukar den målforma. Ein tilsett med nynorsk som privat målform i Nav Oslo har rett til å bruke målforma internt, men ikkje automatisk utetter. Han må bruke bokmål til bokmålsbrukarar når han er i offentleg teneste, slik ein statstilsett bokmålsbrukar også må rekne med å bruke nynorsk i tenesta. For lokale, regionale og sentrale statsorgan, dei tre bukkane Bruse i staten, gjeld pliktene ovanfor likt.

Statsorgana har fleire plikter
Det er ikkje nok at statsorgana innfrir rettane til privatpersonar og kommunar. Statsorgana skal veksle mellom målformene i informasjonstilfang, dvs. informasjon som når ut til mange samstundes: Minst 25 prosent av brosjyrar, lysingar og nyhendeartiklar på nettsider og anna skal vere på den eine av dei to målformene. Statsorgan som er regionale, slik som fylkesmennene, kan ha det som heiter tenestemål. Tenestemålet er det same som ei fleirtalsmålform i regionen (fylket). Fleirtalet av kommunane i Finnmark er bokmålskommunar. Difor har Fylkesmannen i Finnmark bokmål som tenestemål. Fleirtalet av kommunane i Hordaland er nynorskkommunar. Difor har Fylkesmannen i Hordaland nynorsk som tenestemål. Fylkesmannen i Telemark er nøytral. Det finst ikkje noka fleirtalsmålform eller noko tenestemål i Telemark fylke av di fleirtalet av kommunane er nøytrale. For regionale statsorgan som fylkesmennene gjeld ikkje 25-prosentsregelen. Fylkesmennene skal bruke tenestemålet i alt informasjonstilfang, men veksle dersom det ikkje finst noka fleirtalsmålform. Høgskolen i Finnmark, nota bene, er ikkje eit regionalt statsorgan, fordi høgskular får studentar frå heile landet. Ved høgskular gjeld 25-prosentsregelen.

Gjeld mållova i utdanninga?
Ja og nei. Mållova gjev ikkje reglar for opplæringsmål eller læremiddel i grunnskulen. For grunnskulen er dei språklege rettane nedfelte i opplæringslova. Men éin stad i utdanningssystemet har mållova plass: i eksamensoppgåvene på statlege høgskular og universitet. Du har rett til å få eksamensoppgåva på den målforma du ynskjer. Lærestaden pliktar å ha eit system som studentane kan bruke til å opplyse om ynskt målform når dei melder seg opp til eksamen.

Greier staten dette?
Nei. Og kjenner alle kommunar og privatpersonar rettane sine? Nei. Sentrale statsorgan rapporterer til Språkrådet ein gong i året, og statistikken viser at berre eitt av fire statsorgan følgjer 25-prosentsregelen på ein god måte. Vi veit også at berre 50 prosent av alle skjema som er i bruk i staten, finst på nynorsk. Kvart år er det mange studentar som ikkje får eksamensoppgåvene sine på nynorsk. Språkrådet er klageorgan i desse sakene, men det er etter måten få som brukar retten til å klage. Brot på mållova skjer kvar dag, og nynorskbrukarane er dei mest diskriminerte.

(Sigfrid Tvitekkja er fagkoordinator i Språkrådet.)

 

 

Meir om mållova

 

Lov om målbruk i offentleg teneste regulerer bruken av nynorsk og bokmål i statstenesta. Kulturdepartementet administrerer lova, fører tilsyn med målbruken i departementa og følgjer opp klagesaker.

 

Oppgåvene til Språkrådet omfattar mellom anna

  • munnleg og skriftleg informasjon om målbruksreglane
  • praktiske råd om korleis måljamstellingsreglane bør
    leggjast opp i dei enkelte statsorgana
  • svar på spørsmål om regelverket
  • innhenting og samanstilling av opplysningar om den faktiske målbruken i statsorgan frå direktoratsnivå og nedover
  • oppfølging av brot på mållova

 

Les meir på sidene om mållova.

 

Språknytt 2/2010
Innhald

 

AKTUELT

INNSIKT

FASTE SPALTER

 

Forside Språknytt 2/2010

Utviklet av Gazette