Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Kåringa av årets ord 2012

I vekene før jul vart det mykje merksemd i media då Språkrådet og Noregs handelshøgskole la fram lista over dei viktigaste nyorda i 2012, der ordet nave/naving hamna på topp. Her vil juryen gjere greie for arbeidet med nyorda og prioriteringane bak valet.

Årets ord: naveBåde Språkrådet og Noregs handelshøgskole har også tidlegare kåra dei viktigaste nyorda. Det nye med måten vi arbeidde på i år, var at vi gjekk saman om kåringa. Det innebar at vi kombinerte to ulike metodar for nyordsinnsamling, nemleg manuell og datadriven metode. Metodane vert også brukte meir generelt i nyordsforsking og leksikografi, og vi tykte det var interessant å sjå om det var fruktbart å kombinere dei.

To metodar
Den tradisjonelle leksikografien baserer seg på manuelle metodar, som inneber at ein noterer ned nyord og døme på bruken av dei etter kvart som dei dukkar opp i språket. Den datadrivne metoden nyttar datamaskinelle metodar og inneber at ein vurderer nyordskandidatar som kjem fram på grunnlag av store mengder automatisk behandla tekst. Vi har nytta den datadrivne metoden for å trekkje ut nyordslistene frå Norsk aviskorpus. Dette er eit svært omfattande tekstkorpus som er utvikla av forskingsselskapet Uni Research i Bergen. Dei har laga eit system for å finne fram til dei nye orda automatisk etter kvart som dei dukkar opp i norske aviser.

Arbeidet vårt dreidde seg såleis om både å vurdere dei nyorda som Språkrådet har samla manuelt i løpet av året (nokre av dei har vore med i nyordsspalta her i Språknytt), og å vurdere nyordskandidatar som kjem fram i aviskorpuset. Å leite etter aktuelle og gode nyord blant kandidatane er som å leite etter nåla i høystakken, for det er svært mange nye ordformer som dukkar opp kvart år. Det kjem mellom anna av at systemet fangar opp alle nye stavefeil og alle nye samansetjingar i tillegg til nyordskandidatane. Derfor trengst det nokre faste kriterium for å avgjere kva som skal reknast som eit aktuelt nyord. Vi nyttar både statistiske og lingvistiske kriterium i den vurderinga.

Kriterium
For at eit nyord skal verte vurdert, må det vere brukt fleire gonger og i fleire ulike kjelder. Det er med andre ord ikkje nok at eit ord er nytta eit fåtal gonger i samband med ei bestemt nyheitssak. Dei ti orda som vert valde, må også ha prega året som har gått. Dei skal gjerne ha vore brukte i samband med ei nyheitssak som har vore mykje omtalt, og som folk kan kjenne igjen, slik som bankunion, som det har vore mykje snakk om i samband med finanskrisa. Dessutan vurderer vi ordet ut frå dei språklege kvalitetane. Det skal helst vere eit ord som fungerer godt på norsk. Det skal gjerne vere lett å uttale og føye seg godt inn i norsk orddanningsmønster ved at ein enkelt kan bøye det og lage nye avleiingar eller samansette ord med det. Kreative og uvanlege orddanningsmønster vert også vektlagde av juryen. Til sist vurderer vi om ordet har ei viss evne til å overleve. Såleis er det ganske vanleg at norske avløysarord for utanlandske termar (oftast frå engelsk) hamnar på lista, slik som strøymeteneste/strømmetjeneste på årets liste. Sjølv om ei slik oppføring på lista ikkje inneber at Språkrådet formelt har godteke ordet, vonar vi at språkbrukarane vert merksame på og tek i bruk gode avløysarord til engelske ord som til dømes streaming. Det er også interessant å merke seg at særs gode nyord har ein observerbar smitteeffekt i form av nye samansette ord som er danna etter mønster frå eit tidlegare nyord. I år førte vi opp monsterløn, som er danna etter dei mykje omtala monstermastene, som var inne på lista frå 2011, medan oskefast/askefast, som var vinnaren frå 2010, førte til mange nye ord med sisteleddet -fast, slik som ferjefast, hyttefast og moskusfast.

Å nave vart altså kåra til årets ord, og grunngjevinga var at ordet er ei kreativ nydanning utvikla frå eit etatsnamn, noko som er sjeldsynt i norsk. I tillegg føyer ordet seg fint inn i norsk orddanningsmønster. Ordet har også vorte brukt ofte i norske avistekstar, hovudsakleg sidan mars månad, og vil nok verte hugsa frå ein av dei større samfunnsdebattane i fjor. Ordet vart først nytta av og om ungdom som tok seg eit friår som er dekt av stønad frå Nav.

Reaksjonar
Kåringa vart omtalt i media og fekk reaksjonar av ulike slag. Ein del meinte at det var eit godt ord, men med eit trist innhald. Andre uttalte at ordet fylte eit tomrom for eit fenomen dei hadde observert og ville debattere. Men kåringa fekk også andre slags kommentarar. Juryen var inne på at å nave har vorte nytta i lang tid innanfor til dømes lafting. Fleire språkinteresserte ville peike på at ordet også vert nytta med andre tydingar, mellom anna ’styving av lauvtre for å nytte lauvet til fôr’. Andre har kommentert at ein navar er ein slags spiralbor med tverrskaft. Ordet har også fleire tydingar i ulike dialektar, ifølgje Norsk Ordbok. Men sjølv om ordforma altså er kjend frå før, er å nave her eit nyord fordi tydinga er ny, og fordi det er ei ny utvikling av eit verb og eit fellesnamn frå eit eigennamn. Den tilfeldige likskapen med dei eldre tydingane ligg berre på ordoverflata. Generelt kan ein seie at vi får nyord på to måtar, anten ved at ordforma er ny, som samansetjinga smartskole/smartskule, eller ved at ei kjend ordform får eit nytt innhald, som kvitevare, som i si tid gjekk frå å tyde ’ufarga tekstil av bomull og lin’ til òg å tyde ’hushaldsartiklar som kjøleskap, komfyrar og vaskemaskinar’.

Dei sterkaste reaksjonane kom nok frå nokre som meinte at ordet var nedsetjande. Dei stilte spørsmål ved om Språkrådet kunne godkjenne eit slikt ord. Her må vi igjen understreke at kåringa ikkje innebar ei normering av ordet og heller ikkje ei godkjenning for oppføring i ordbøkene. Problemstillinga gjer det likevel interessant å ta opp kva status eit nyord har i denne samanhengen. Det første som kan seiast, er at kåringa tek utgangspunkt i fagleg observasjon av faktisk språkbruk i skriftlege kjelder. Det er altså språkfaglege kriterium som vert nytta for å vurdere nyorda. Når vi fører eit bestemt ord på lista, er dette eit akademisk innlegg, ikkje eit politisk innlegg. Kåringa inneber såleis ikkje at vi tek stilling i ei politisk sak, og det kan ikkje sjåast som eit innlegg i debatten om velferdsordningane våre.

Eige liv
Ordet nave vart opphavleg nytta av og om ungdom, men nyord byrjar gjerne å leve sitt eige liv, og det står att å sjå kva innhald og eventuelle nye tydingar ordet vil få. I tillegg til tydinga har mange ord ein konnotasjon, altså ei sidetyding, gjerne positiv eller negativ. Ein del reaksjonar frå folk kom nok på grunnlag av det dei meinte var negative konnotasjonar til ordet, medan andre meiningar går i motsett lei. Det er òg mogleg at ordet kom i bruk fordi ungdom trong eit ord med positiv konnotasjon for det å gå på trygd i ung alder. Det er med andre ord naudsynt å vente for å sjå korleis bruken av å nave utviklar seg. Til slutt er det jo språkbrukarane som avgjer kva tyding og konnotasjon ordet får.

Av dei andre ni orda var det kanskje glanekø som fekk mest merksemd, men ord som halehelt, strømmetjeneste/strøymeteneste og grexit vart òg omtalte i eit visst omfang. Det er verdt å merke seg at ordet grexit, som nok var ukjent for ein del, også kom med i nyordskåringa til Språkrådet i Sverige.

Kåringa av årets ord er nesten som å ta temperaturen på kva vi snakka og skreiv om i løpet av fjoråret. Det er også eit vitnesbyrd om korleis språket vårt endrar seg i takt med samfunnsutviklinga. Det forklarar kanskje kvifor kåringa fekk så stor merksemd.

 

--- Av Gisle Andersen og Ole Våge. Andersen er professor ved Noregs handelshøgskole.  Våge er seniorrådgjevar i terminologitenesta i Språkrådet.

 

Dei ti orda i kåringa

1    å nave
2    grovkarbo
3    bankunion
4    strøymeteneste/strømmetjeneste
5    smartskule/smartskole
6    monsterløn/monsterlønn
7    halehelt
8    grexit
9    glanekø
10   karbonsko

 

Språknytt 1/2013
Innhold

 

AKTUELT

INNSIKT

FASTE SPALTER

Språknytt 1/2013

Utviklet av Gazette