Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Henrik Wergeland om språket

Av Lars S. Vikør

Henrik Wergeland (1808–1845) var ein aktiv deltakar i den gryande språkdebatten i Noreg, som på 1830-talet for første gong begynte å rette seg konkret inn på korleis substansen i det norske språket skulle vere. Fram til da hadde det mest gått på spørsmålet om fellesspråket med Danmark skulle kallast «dansk», «norsk» eller «Modersmaalet». Det sentrale bidraget hans for ettertida er artikkelen «Om norsk Sprogreformation», som kom på trykk i Bondevennen i 1835, tre år etter P.A. Munchs artikkel «Norsk Sprogreformation», som Kjell Venås skriv om på s. 8–12 her i heftet. Wergeland hadde da vore «kjendis» i den vesle norske offentlegheita i fleire år, og synspunkta hans var nok allment kjende for lengst gjennom munnleg og personleg kontakt. Munchs artikkel var retta ikkje minst mot Wergeland og eksperimenteringa hans med norske ord i den dansken han skreiv. «Om norsk Sprogreformation» (opphavleg skrive hausten 1832) var eit svar til Munch, men sjølvsagt også ein reaksjon på språksynet til heile Intelligenspartiet, «danomanane».

«Om norsk Sprogreformation» er blitt trykt opp fleire gonger, såleis i artikkelsamlinga Fra norsk språkhistorie, redigert av Eskil Hanssen i 1979. Der står også Munchs artikkel. Den grundigaste framstillinga av «Om norsk Sprogreformation» og heile den striden artikkelen var ein del av, er gitt av Didrik Arup Seip i boka Norskhet i sproget hos Wergeland og hans samtid (1914). Her skal eg gå gjennom hovudpunkta hos Wergeland og så seie litt om plasseringa hans i norsk språkhistorie.

Wergelands hovudsynspunkt og hovudmålsetjing var at det sjølvstendige Noreg måtte få eit norsk språk, åtskilt frå det danske. Det skulle skje med ei fornorsking av ordtilfanget som gradvis – og i full fridom – skulle føre språket i Noreg over i eit nytt spor. Ei grammatisk og ortografisk reform meinte Wergeland var mindre aktuell, ikkje fordi han var imot det i og for seg, men fordi han meinte at det var for seint. Ei ortografisk tilpassing til talemålet meinte han likevel kunne la seg gjere, og han skreiv eit lite innlegg om det i Statsborgeren i 1833, som vi trykkjer på s. 6–7. Vi kjem tilbake til det innlegget seinare.

Artikkelen «Om norsk Sprogreformation» har ikkje kapittelinndeling, men hovudpunkta kan setjast opp slik:

1 Eit norsk språk var alt på veg
Ei nyutvikling var i gang i det norskdanske fellesspråket, og den førte til skarpe reaksjonar både frå Danmark og frå norske «Danomaner»:

Erindres ret, saa var det vor Bjerregaards «Fjeldeventyr», som først gjorde Danskerne opmærksomme paa Udviklingen af et norsk, mere i Ord og Ordrigdom end i Ordbøininger fra det forhen fælledsbrugte forskjelligt, Skriftsprog.

Mens den danske språkgreina vart forarma og poda med tyske kvister, viste den norske greina seg som den frodigaste ved å suge næring frå det norske folkelege talespråket:

Et kraftfuldt og rigt Talesprog gjorde sin Indfødsret gjældende, og forenede sig med det gamle Skriftsprog forat føde et nyt, der mere og mere vil nærme sig til at vorde et selvstændigt Mellemsprog mellem de tvende andre gothiske Folkeslags [dvs. danskar og svenskar].

Dette var eigentleg ei naturlov, som danomanane raste mot med «skjældende Forbandelser» (eksemplifisert ved eit sitat frå Munchs artikkel, sjå Venås sine døme på Munchs ordbruk s. 10):

Det er med en Trangs Ubetvingelighed, at Ord, der høre hjemme i Landets Natur, ordne sig i Spalterne og i Qvadene forat tiltale norske Øren og norske Hjerter, medens de kun skurre i fordomsfulde danske og fordanskede.

2 Norske ord for norske forfattarar
For norske Forfattere af nogen Særegenhed og især for Digterne er det paa engang en Nødvendighed og hans Hang til Frihed, som driver ham til at nærme sig det Sprog, som Folket taler.

Her går Wergeland inn i eit langt forsvar for dei norske folkemålsorda med kvalitative argument, nemleg at dei er betre, meir uttrykksfulle og meir presise enn dei danske. Han anklagar motstandarene for å ønskje eit statisk og stilleståande språk. Sjølv går han inn for valfridom, han ønskte at norske forfattarar skulle kunne vege og sortere dei nye norske orda. Orda skulle altså ikkje tvingast inn eller godkjennast i ein fart, dei ville berre «ansøge om Borgerret i det nye Norge» og sigre i den grad dei heldt mål. Han dreg fram orda smyge, sige og tyne som døme på ord med nyansar som dansk ikkje hadde, og han dveler ved det lydmålande elementet i orda, som han meiner gir eit mystisk og urgammalt samband mellom orda og dei fenomena dei skildrar. Denne bolken av artikkelen er ei grunngjeving og eit forsvar for Wergelands eige val av norske ord i diktinga si, som var blitt hardt kritisert av Munch – han oppfatta både smyge og sige som smakløyser i skriftspråket.

3 Språk og folkekarakter
Wergeland går raskt over ein del velkjende prestisjespråk i Europa: spansk, fransk, engelsk, latin og gresk og manar fram dei nasjonale karaktertrekka og dei bileta kvart av desse språka framkallar i oss, t.d.:

Og Engellands Sprog melder det os ikke Friheden, den friske, frodige Natur, den rige Virksomhed i dette Land og Folkets anmassende, ligefremme og kraftige Charakteer?

Og så vender han heim att med ein bibelsk allusjon:

Landets Charakteer præger sig i Folkets; dettes i Sproget. Ikkun om vort Israel, der ogsaa har været 400 Aar i et Ægypten, maae vi med Sorg sige, at dette, der i fuldt Maal er Tilfælde med det egentlige Folk og dets Tale, ikke opfyldes tilfredsstillende i Skriftsproget. Det hører mere hjemme i vort gamle Ægypten og paa dets Sletter mellem det trællende Folk. Men, da det nu engang […] er os indpodet af Danskerne, saa kunne vi kun fremkalde enkelte af de mandigere Røster, som røre sig imellem Fjeldene, og saaledes med Talesproget bøde paa Skriftsproget, og redde hvad der lader sig redde.

Det er ikkje vanskeleg her å sjå polemikken mot Munchs forsøk på å nekte for at det var nokon samanheng mellom nasjonalitet og språk. Her var Wergeland den tidstypiske internasjonalt, mens Munch stod i ein posisjon der han var tvinga til å avsverje dette nasjonalromantiske grunnpostulatet og likevel forbli fullblods nasjonalromantikar. Som Venås beskriv, kom Munch i nokon grad til å forskreve seg ideologisk.

4 Leksikalsk fornying
Wergeland nemner så enda eit par døme på målande norske ord: Fos mot Vandfald (heller Fossedur enn Vandfaldets Brag eller Allarm) og Atpaaslæng for Appendix. Og så får vi ein bolk med lange opprekningar av norske ord som Wergeland meiner er heilt overlegne sine danske ekvivalentar – dei fyller fire–fem sider i Hanssens utgåve av artikkelen. Plassen tillèt ikkje ei opprekning av døme her, men Seip drøftar dette materialet i boka si frå 1914 og slår fast at det meste kjem frå Laurents Hallagers norske ordsamling frå 1802. Wergeland tek så ein pause i opprekninga for kort å drøfte spørsmålet om grammatikk, og seier:

Vort Skriftsprog har ikke alene en lexikalsk, men ogsaa noget af en gramatikalsk Rigdom fra Almusproget ivente.

Men så tek han seg i det: Han trur ikkje at det er mogeleg lenger å få det gamle bøyingssystemet og dei fine nyanseringane der inn att i det moderne språket: «dette og mere til skulle være tabte Klenodier, som Smerten derover vil vurdere» ['som kan verdsetjast etter smerta over tapet'].

Derimot meinte han at det norrøne språket likevel hadde eit bidrag å gi innanfor det området der det enno kunne gjerast noko:

Den lexikalske Berigelse vil da vorde Hovedsagen, og Müller (1) viser os ogsaa: at Ursproget ogsaa kan bidrage dertil mangen værdig Skjerv.

Så kjem ei side med opprekningar av norrøne ord frå sogelitteraturen, tilpassa den danske skrivemåten i samtida.

5 Survival of the fittest
Omgrepet survival of the fittest var ukjent for Wergeland, for han skreiv «Om norsk Sprogreformation» mens Darwin var på jordomsegling med skipet Beagle. Darwins utviklingslære fekk han aldri oppleve. Men tanken hans om den leksikalske utviklinga av norsk låg ikkje langt unna Darwins tenkjemåte. Det skulle vere stor fridom til å velje ord:

Overflødighed af Udtryk til at vælge imellem er det sandeste Vidnesbyrd om et Sprogs Fuldkommenhed; thi netop derved forfølges Tanken i sine fineste Vendinger og gjengives ligeindtil det Maleriske, til Lydbetegnelsen.

Men orda skulle ikkje takast opp ukritisk: De nye Ord maae veies. Da vil man finde den lydbetegnende Udtryksevne hos mangfoldige Ord. Det er en Naturgave, som Retskrivningen ikke maa indknibe formeget.  

Og han slår fast når eit ord vinn livskampen:

Da er et Ord først levende og døbt i Aand, naar det rører Indbildningskraften.

6 Motstand på vegen fram
Han vender tilbake til det opphavlege motivet: norskens sigersgang mot dansken i Noreg:

Det er ikke længer Navnet af et norsk Skriftsprog og norsk Literatur, som Normændene ville vinde; thi Spørgsmaalet om Retten hertil, som dansk Anmasselse gav et falsk Skin af Omtvistelighed, er forlængst afgjort. Men nu er det Virkeligheden af et selvstændigt Skriftsprog, som fremæsker Norges Aander. Dette maa Tiden af sig selv afføde før Aarhundredet nedrødmer, og saameget snarere som Kræftene derfor forenes.

Men han spådde at det siste ikkje kom til å bli så greitt, og han kunne jamvel vedgå at motstanden hadde ein funksjon – nettopp i den livskampen som dei norske orda måtte igjennom før dei kunne vinne fram:

Den letteste Seier er ikke den bedste; thi Modstandernes Control skal afskrække fra at overhølje Skriftsproget med Strømme af uduelige Ord, paa samme Tid som deres tætteste Haarsi ikke skal kunne hindre de gagnlige fra at passere, netop fordi de ere af et ætherisk, aandigt Væsen.

Men han åtvara mot den destruktive rolla danomanane kunne spele om dei fekk overtaket. Det var ein kamp om nordmenns sjølvkjensle og sjølvrespekt og utviklinga av ein fullstendig fri norsk mentalitet, utan mindreverdskompleks overfor «storebror», ei utvikling han meinte danomanane sette alt inn på å stoppe ved nettopp å forsterke desse mindreverdskompleksa:

Danmark skal endnu være Hovedlandet; Norge kun en aandig Provinds derunder. Saa er det; og derfor maae Normændene først og fremst indpræges Ringeagt for norsk Skjønvidenskabelighed og anden norsk Literatur og Mistillid til egne Kræfter. [...] Ja lykkes det vore værste Danomaner, at indgyde Folket Ringeagt for sig selv – da skal Fædrelandet vorde den vanærede Qvinde eller den arme Moder ligt, der krænkedes (ja af egne Børn), lige indtil at hun udvandrer af sit Huus, og livsled, med hendøende Øine og et fastnet, følesløst Smiiltræk om den lukte Læbe, sætter sig paa den stormige Havbryne.

Og der blir ho sitjande til havet har fløymt over henne og skylt henne bort. Slik sluttar artikkelen «Om norsk Sprogreformation».

Eit optimistisk skrift – og framsynt?
Dette avsluttande skremmebiletet hindrar ikkje at Wergelands artikkel framstår som eit optimistisk bidrag i debatten. Han har gått inn i språkhistoria som pioneren for den fornorskingslina som skulle gjere dansken i Noreg om til eit norsk språk, som til slutt vart til bokmålet. Det viste seg at den leksikalske overrislinga av bokmålet frå dei norske dialektane skulle gå forholdsvis smertefritt. Det tok ikkje mange tiår før det var akseptert at riksmålsog bokmålsforfattarar gjekk til dialektane og nynorsken og tok inn ord skribentane meinte dei hadde bruk for. Nynorsken fekk atskilleg større problem med den leksikalske utviklinga enn bokmålet.

Den store kampen på bokmålssida kom til å gjelde rettskriving og morfologi, der Wergeland trudde det ikkje ville skje så mye. Vi ser av inseratet hans frå 1833 (s. 6–7) at han hadde nokre idear om meir lydrett skrivemåte på somme punkt, men at han hadde lite av systematisk språkinnsikt. Han blandar reine rettskrivingsreglar med ordlaging, uttalenormer og ordval. Men dei fleste av dei konkrete punkta hans (2, 3, 4, 5) er blitt gjennomførte seinare – om vi enn skriv øksehammar enno (pkt. 4), og haga (pkt. 3) vil vere radikalt også i dag. Former som dugg og hugg var for radikale i norsk riksmål så seint som i 1907, men vann fram i 1917. Dei meir generelle punkta hans (1, 6, 7, 8) har i det minste vore viktige prinsipp for seinare språkrøkt, om enn gjennomføringa har vore skiftande. Det er eit artig treff at bokmål framleis har forstyrrelse og begynnelse, men styre i staden for bestyrelse (pkt. 1).

I språkhistoria har Wergeland blitt ståande som fornorskar med tre grunngjevingar: det nasjonale, det sosiale eller demokratiske og det pedagogiske. Det var viktig for han at språket vart lagt nærare folkemålet for å kunne styrkje folkeleg opplysning, demokrati og sosial utjamning, og det var pedagogisk heldig at skriftspråk og talemål kom nærare kvarandre. På denne bakgrunnen er det litt merkeleg at det demokratiske og pedagogiske kjem lite fram i «Om norsk Sprogreformation». Her handlar det primært om at folkemålet skal vere kjelde for ei fornying av det danske skriftspråket for å gjere det til ein betre reiskap for diktarar og andre profesjonelle skribentar, dvs. Wergeland sjølv og den gruppa han hørte til. «Almuen» som målgruppe for ei språkreform blir knapt nemnd. Dette må vi tilskrive den debattsituasjonen som Wergeland stod i: Utgangspunktet for striden var Munchs kritikk av Wergelands «smagløse» opptak av talemålsord i sitt eige skriftspråk. Vi bør ikkje tru at dette skriftstykket inneheldt alt Wergeland meinte.

Aasen og seinare målfolk har vore kritiske til Wergeland av fleire grunnar. For det første var han ingen språkmann og hadde lite sans for systematiske samanhengar, noko Munch hakka laus på, og som kanskje var eit ømt punkt hos Wergeland. Han forsvarte påfallande heftig diktarens rett til å bruke ressursane i språket på ein annan måte enn det ein vitskapleg analyse tilsa. For det andre gjekk han ikkje til rota, sjølve språkbygnaden. Ei reint leksikalsk fornorsking stod for seinare målfolk som ei «liksomfornorsking». For det tredje var han, trass i romantisk omsut for arbeidsfolk, eit produkt av embetsklassa med den begrensinga av utsynet hans som det gav – eit vanleg kritikkpunkt i dei meir sosialradikale delane av målrørsla. Derfor kjempa han for ei reform av det skriftspråket som han hadde arva, ikkje ein revolusjon til fordel for sjølve folkemålet.

Noko av denne kritikken er etterpåklok, 1830-åra var no ein gong 1830åra. Nynorsken kom inn som ein tungtvegande faktor i norsk språkutvikling først etter at Wergeland var død, og det har alltid vore eit spørsmål korleis han ville ha stilt seg om han hadde sett den nynorske målreisinga i full utfalding. Wergeland var eit stemningsmenneske, og det er ingen grunn til å tru at han ville ha vore upåverka av ei så radikal utfordring av den rådande stoda.

Jørgen Moe fortel at han møtte Wergeland ein gong i 1841, etter at han sjølv hadde gitt ut ei samling folkeviser på ulike dialektar, og da hadde Wergeland vore i fyr og flamme: «Ikke blot Berigelse for Sproget! Nei – Omstøbning! Gamle Endelser, gamle Former – for alt som ikke klinger altfor splittende galt!» Men dette skreiv han aldri. Og i ettertida er det det han skreiv, som gjeld:

Uansett rettvis eller urettvis kritikk: Wergeland har ein posisjon som den fremste pioneren i den tidlege norske nasjonsbygginga, som ikkje berre stod for nasjonalisme, men også for demokrati, opplysning, sosial rettferd , religiøs toleranse (jødesaka) og mange andre heidersord i norsk sjølvoppfatning.

Han vart eit ikon som voks og voks i tiåra etter at han døydde, og det var viktig  for norske framstegsrørsler å ha han med på «laget». Såleis har alle typar språkleg norskdomsstrev soge kraft og legitimitet av han, nettopp fordi han  døydde før motsetninga mellom fornorsking og målreising hadde oppstått. Wergeland har nok betydd meir gjennom det han var, enn gjennom det han skreiv og foreslo reint konkret. Og her kan vi sjå den store skilnaden mellom han og Munch – som også gjorde nasjonsbygging, men da primært gjennom fagleg innsats, mindre gjennom personlegdommen sin i seg sjølv.

Fotnote 1: P.E. Müller (1776–1834), dansk norrønfilolog.

(Lars S. Vikør er professor ved Institutt for lingvistikk og nordiske studium ved Universitetet i Oslo. Han er hovudredaktør for Norsk Ordbok.)

Utviklet av Gazette