Mange av tiltaka i den nye svenske språkloven minner om tiltak som nyleg blei vedtekne i stortingsmeldinga Mål og meining. Svenskane vil også styrkja stillinga til minoritetsspråka og teiknspråk i framtida. Også dei er opptekne av at språk som kjem frå det offentlege, er klårt og enkelt. Dessutan slår loven fast at alle som bur i landet, har rett til å læra seg svensk. For dei som har eit anna morsmål enn svensk, skal retten til å utvikla og bruka morsmålet sitt styrkjast.
På nettstaden til det svenske Språkrådet kan du lesa meir om bakgrunnen for og innhaldet i den nye loven: http://www.sprakradet.se/1872
Eit utdrag av forslaget til den nye språkloven Språk för alla med lenkje til heile lovteksten finn du her: http://www.regeringen.se/sb/d/108/a/122288.
Her kan du lesa meir om stortingsmeldinga Mål og meining: