Språkdagen 2011 – «Norsk for innvandrarar, engelsk for nordmenn?»

Språkdagen 2011 vart arrangert 15. november i Oslo Konserthus. På denne sida finn du program, referat, bilete og nett-tv-opptak frå Språkdagen og utdelinga av Språkprisen 2011.


Språkdagen 2011 handla om norsk språkpolitikk i møtet med praktisk kunnskapspolitikk og dynamikken i næringslivet. Fagrådet for samfunn og høgare utdanning i Språkrådet hadde ansvaret for programmet. Audhild Gregoriusdotter Rotevatn var møteleiar.

Tv-opptak: Heile arrangementet, inkludert utdelinga av Språkprisen, vart overført direkte på nett-tv.

Bilete: På Facebook-sida til Språkrådet ligg det fleire bilete frå Språkdagen og utdelinga av Språkprisen.

Opning

Anne Hytta og Abdulrahman Surizehi spela ved opninga av Språkdagen, og direktør Arnfinn Muruvik Vonen i Språkrådet ønskte velkomen.

Surizehi og Hytta opptrer.

Er det mål og meining i norsk språkpolitikk?

«Er det mål og meining i norsk språkpolitikk?» var spørsmålet som professor Anders Johansen frå Universitetet i Bergen tok på seg å svare på. Ordlyden i spørsmålet viser til språkmeldinga, St.meld. nr. 35 (2007–2008), som Stortinget slutta seg til i 2009.

Meldinga skisserer ein heilskapleg språkpolitikk, men korleis er ho som handlingsplan – er det resultat å spore av dei over hundre prioriterte tiltaka som er lista opp? Johansen hadde funne ut at halvparten av tiltaka ikkje er gjennomførte. Om lag ein fjerdedel er realisert, og det gjeld hovudsakleg kultursektoren, m.a. styrking av Språkrådet og igangsetjing av forskingstiltak, endå det tverrgåande i språkpolitikken er sterkt understreka i meldinga. Den siste fjerdedelen av dei prioriterte tiltaka meinte Johansen ikkje er eigentlege tiltak, men viljesytringar utan noko bestemt som skal gjerast.

I næringslivet er det liten sans for språkpolitikk. Ingen av dei prioriterte tiltaka er gjennomførte, og Johansen meinte Kulturdepartementet hadde gjeve opp å utfordre den private styringsretten. Eit gjennomgangstema i språkmeldinga er otten for at engelsk skal ta over og truge norsk språk, ikkje minst på universitet og høgskular. Internasjonalisering er komme for å bli – men kor mykje tolest? Parallellspråksbruk er eit svar på det spørsmålet, med utgreiingar som «I pose og sekk». Alle vil forsvare norsk språk, men i praksis blir engelsk ofte resultatet. Johansen meinte at vanskar med å få gjennomført ein språkpolitikk kan komme av at verdiane ikkje er så tydelege. Den sentrale verdien «kulturelt ansvar i mangfaldssamfunnet» er truleg ikkje godt nok forankra i det norske samfunnet.

Det akademiske språkparadokset

Neste bolk gjaldt språkbruk i universitets- og høgskulesektoren, der viljen til å bruke norsk ofte er sterk, men konkurransen mellom norsk og engelsk er tydeleg. Forskar Gunnar Sivertsen frå NIFU tok for seg «teljekantsystemet» for vitskapleg publisering og spurde om det trugar norsk som forskingsspråk, og han svarte nei på det. Publisering er ein nødvendig del av norsk forsking og samtidig ei inntektskjelde for utdanningsinstitusjonane i den finansieringsordninga som gjeld innanfor kvalitetsreforma. Publisering i dei mest prestisjetunge internasjonale kanalane blir premiert høgast. Det har vore ein klår vekst i publiseringspoeng i sektoren dei siste seks åra, og det gjeld like mykje publisering på norsk som på engelsk. Bruken av engelsk er nokså stabil, men svært avhengig av kva publikum stoffet har.  Det er stor variasjon mellom fagområde, frå teknologi og naturvitskap med svært lite norsk til humaniora og samfunnsfag, der over halvparten er på norsk.

Professor Håvard Teigen frå Høgskolen i Lillehammer kommenterte at vi veit ikkje om desse tendensane er resultat av teljekantsystemet eller av generelle utviklingstendensar. Om systemet påverkar språkbruken, er eit spørsmål om korleis det blir brukt på kvar institusjon; han meinte det har ført til auka bruk av engelsk. Han såg eit kortsiktig press mot publisering, og at strategien lokalt blir tilpassa insentivsystemet.

Forskar Vera Schwach frå NIFU la fram førebels resultat frå ei undersøking av språk i pensumlitteratur på oppdrag frå Språkrådet. Oppdraget gjekk ut på undersøkje språk i pensum i første studieår i fem fag. Kort sagt viste oppteljinga at «det gikk på engelsk og norsk, engelsk og norsk». Eit interessant resultat er at det allment er meir pensum på norsk på grunnivå i 2010 enn det var i 2000 og i 1980 – men pensum på andre språk enn engelsk og norsk har gått ut. På norsk er det som venta bokmål som dominerer, nynorsk har berre ein liten del. I undersøkinga vart òg studentar, undervisarar og forleggjarar spurde om språkbruk og språkval. Studentane har tydeleg ein klår motivasjon for engelsk, dei ser sjeldan engelsk som eit hinder for å forstå pensum. Undervisarane poengterte at undervisning og pensum høyrer saman, når pensum er på engelsk, må fagorda forklarast på norsk i undervisninga. Ein undervisar sa det slik: «Alt som er en del av dagliglivet, bør ha norsk språkdrakt.».

I sin kommentar til undersøkinga sa førsteamanuensis Marita Kristiansen frå Noregs handelshøgskule at det er mange faktorar som avgjer språkvalet, m.a. om undervisninga er på norsk eller engelsk, og om eksamen er på norsk med engelske faguttrykk. I det store biletet er auka krav om internasjonalisering noko som påverkar språkpolitikken indirekte.

Studentane treng opplæring i akademisk kommunikasjon og tilgang på både norsk og engelsk terminologi. Ho etterlyste elles resultat av den lokale språkpolitikken som er laga på mange utdanningsinstitusjonar.

Kva skjer når språkpolitikken møter den praktiske kvardagen i akademia?

I den første paneldebatten dreidde diskusjonen seg om kva som skjer når språkpolitikken møter den praktiske kvardagen i akademia. Det første spørsmålet frå møteleiaren var: Undervisarane seier vi treng norsk fagspråk – kven har ansvaret? Statsråd Tora Aasland sa at det har vi alle, og at UH-sektoren har eit utruleg viktig ansvar etter kvalitetsreforma. Anders Johansen sa at norsk fagspråk er eit middel til kvalitet, og at vi tenkjer mykje meir presist på norsk enn på engelsk. Difor er omsetjing av faglitteratur ein særskild type språkteneste som trengst.  Prorektor Dag Morten Dalen ved Handelshøyskolen BI sa at på BI er masterprogramma på engelsk, og at dei er opptekne av å skape eit internasjonalt næringsmiljø for å møte språkkrava i arbeidslivet. Håvard Teigen og viserektor Marit Aamodt Nielsen ved Universitetet i Agder peikte på at når institusjonane rekrutterer internasjonale studentar, blir det vanskeleg å balansere mellom norsk og engelsk.

Paneldebatt. Frå venstre: Rotevatn, Aasland, Nielsen, Johansen, Teigen og Dalen.

Møteleiaren spurde om internasjonalisering tek kråkefot på norsk fagspråk: Dalen framheva at det er viktig å stimulere formidlingsevna til forskarane. Teigen tok opp at dei ulike insentivsystema i sektoren, som læremiddelstøtte og teljekantsystemet, må sjåast i samanheng. Johansen peikte på at faga er svært ulike: For norsk historie ligg forskingsfronten her til lands, blant norske forskarar, mens i fysikk kan forskingsfronten vere kvar som helst i verda, og det er eit omsyn som må telje med. Aamodt Nielsen viste til at andre framandspråk enn engelsk faktisk er viktige, og at lærebøker dessverre er lite meritterande. Teigen kunne tenkje seg eit samarbeid i Norden om å få eit kvalitetsforlag og breie tidsskrift på nordisk basis. Aasland la vekt på positive tendensar, som meir forskingsbasert undervisning og at vi har fått oppsving i publisering både på norsk og engelsk. Ho sette voner til to utgreiingar om verkemiddel i språk- og litteraturpolitikken for både skjønnlitteratur og faglitteratur som Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet nyleg har sett i gang.


Reggaeartisten Admiral P hadde innslag på Språkdagen.

Språk som ekskluderande og inkluderande kraft i norske bedrifter

Den siste delen av Språkdagen gjaldt språkbruk i nærings- og arbeidsliv – norsk, engelsk og mange andre språk. Teknologidirektør Shahzad Rana i Microsoft Norge snakka om språkbruk, språkbehov og språkkrav i globaliserte konsern. Han sa at språk er både eit brutalt instrument for ekskludering og eit godt instrument for integrering. Innanfor bedrifta i Noreg bruker dei norsk, utanfor må dei velje engelsk, men det kan gjere at dei bruker engelsk internt òg. Den språklege kvaliteten er der fagekspertisen er, uavhengig av kva språk som blir brukt. Forskingsleiar Jon Rogstad i Fafo snakka om språkbruk og språkopplæring på fleirkulturelle arbeidsplassar: Språket er ein viktig del av integreringa i arbeidslivet, og ikkje mindre enn før fordi vi ofte arbeider i team, og fordi arbeidslivet er meir skriftleggjort enn før. Vi kan like gjerne snakke om kommunikasjon som om språk, det minner oss om at begge partar, både dei som kan norsk og dei som ikkje kan norsk, har eit ansvar.

Korleis kan vi oppfylle dei kryssande språklege behova i bedriftene og på arbeidsplassane? Kven har ansvaret – næringslivet eller det offentlege?

I sofasamtalen om kryssande språklege behov i bedriftene og på arbeidsplassane var mange synspunkt framme. Baard Meidell Johannesen frå NHO Mat og Drikke understreka at gode norskkunnskapar er heilt vesentleg i i arbeidslivet. Norvald Mo frå Fellesforbundet tok opp at det etter EU-utvidinga i 2004 har komme mange arbeidsinnvandrarar som ikkje har rett til gratis norskkurs, og at det er eit stort problem. Terje Aasland, leiar av næringskomiteen på Stortinget, var oppteken av at Noreg treng arbeidskraft utanfrå, og det å forstå og bli forstått er avgjerande for arbeidstakarane som kjem hit. Shahzad Rana meinte at vi må tenkje ukonvensjonelt: For visse grupper kan det vere best at dei får eit fotfeste i norsk arbeidsliv, og lærer kodane, før vi stiller krav om norskkunnskapar. Arnfinn Muruvik Vonen sa at no når vi har fått fleire som har anna morsmål enn norsk, ser vi tydelegare at dei som skal fungere godt i arbeidslivet, må kunne norsk. Norsk skal vere eit velfungerande språk på norske arbeidsplassar, men vi må finne løysingar også der norsk ikkje er til stades.

Sofasamtale. Frå venstre: Rotevatn, Vonen, Aasland, Johannesen, Mo og Rana.

Språkprisen 2011

Til slutt på Språkdagen vart Språkprisen 2011 delt ut av Ottar Grepstad, styreleiar i Språkrådet. Agnes Ravatn fekk Språkprisen for framifrå nynorsk i sakprosa. Morten A. Strøksnes fekk Språkprisen for framifrå bokmål i sakprosa.

Strøksnes og Ravatn takkar for prisen.

 

Alle foto: Gorm Kallestad / Scanpix.

Sist oppdatert: 21. september 2012

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:04.10.2011 | Oppdatert:19.01.2021