Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Rettskrivingsnemnda spør: y eller ø?

(26.3.10) Arbeidet med å revidere nynorskrettskrivinga er i gang. Den nye norma skal erstatte dagens norm. Rettskrivingsnemnda har kome med det første førebelse vedtaket når det gjeld bruken av y og ø i ein del ord. Kortversjonen er at det alltid skal kunne brukast ø, men at y vert ståande som jamstelt form i mykje brukte ord som til dømes fylgje, fyrst, syster og sysken

Heile vedtaket kan du lese i referatet frå nemndsmøtet 16.3.2010 [pdf].

Nemnda tek gjerne imot innspel i denne saka på adressa nynonemnd(a)sprakradet.no.

Nemnda skal arbeide med ei ny rettskriving for nynorsk fram til april 2011 . Undervegs vil dei gjere fleire førebelse vedtak. Endeleg vedtak blir gjort når nemnda er ferdig med normeringsarbeidet.

Du kan lese meir om arbeidet på nettsidene til nemnda.

 

Utviklet av Gazette