Direktør Sylfest Lomheim tok imot prisen på vegner av Språkrådet under ein Rammsund-konsert på Rockefeller i Oslo 28.8.
Rammsund framfører musikken til den tyske gruppa Rammstein – omsett til nynorsk. Rammsund har tidlegare fått rettleiing frå Språkrådet i arbeidet med å omsetje tekstar frå tysk til nynorsk.
I grunngjevinga for prisen heiter det at medlemmene i Rammsund lenge ønskte å omsetje Rammstein-tekstar. I 2003 gjekk dei i gang med dette, og vende seg til Språkrådet for å få hjelp i arbeidet.
”Sylfest Lomheim har vore direktør i Språkrådet sidan 2004, og har vore ein god støttespelar”, skriv Rammsund i grunngjevinga for det dei håpar blir den fyrste av mange målprisar frå gruppa.
For kommentar til saka:
Sylfest Lomheim, tlf. 957 92 783