Mastergradsstipend: Bruk av engelsk og norsk i samfunnet (2014)

Hausten 2014 skal Språkrådet dele ut eit stipend til ein masterstudent som skriv oppgåve om bruk av engelsk og norsk i samfunnet. Stipendet er på 20 000 kroner. Alle studentar som arbeider med relevante problemstillingar, kan søkje.

Språkrådet er interessert i å få meir kunnskap både om faktisk bruk av engelsk innanfor ulike samfunnssektorar, haldningar til engelsk og norsk og faktorar som fremjar bruk av det eine eller det andre språket. Vi ønskjer dessutan meir kunnskap om vilkåra for å bruke engelsk og norsk i sektorar som arbeids- og næringslivet og universitets- og høgskolesektoren. Dette femner også om haldningar, strukturar og identitetsoppleving knytt til språkbruk. Språkrådet kjem til å prioritere søknader som kan føre til kunnskap om viktige nye utviklingstrekk.

Søknaden må innehalde:

  • ei skisse på ei side der ein gjer greie for problemstillinga og metoden – det bør også gå fram kor langt ein er komen i arbeidet
  • ei tilråding frå rettleiaren
  • ei utdjuping av problemstillinga og metoden på maksimum tre sider

Søknadsfristen er 20. oktober 2014 (obs! ny frist). Søkjarane må merke av kva for eit stipend dei søkjer på. Send søknaden med brev eller e-post:

Språkrådet
Postboks 8107 Dep
0032 OSLO

Kontakt: Har du spørsmål, kan du kontakte Dag F. Simonsen (tlf. 22 54 19 64) eller Karine Stjernholm (tlf. 22 54 19 67).

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:28.08.2014 | Oppdatert:21.01.2021