Bedrifter i Trøndelag heidra for godt namnevett
(1.12.11) Ti verksemder i trøndelagsfylka vert heidra med diplom frå Språkrådet for å ha valt gode og kreative norske namn.
Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.
Språkrådet deler kvart år ut diplom for godt namnevett til verksemder i eit fylke eller ein landsdel. I år er turen komen til Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag. Diplomutdelinga er eit tiltak for å motverke unødvendig bruk av engelsk i norsk.
Les meir om saka hos NRK Trøndelag.
– Desse gode bedriftsnamna er bevis på at norsk språk duger til alt, også i næringslivet. Språkleik på norsk er ein god medisin mot bruken av engelsk i reklame i Noreg. Bedriftene er svært viktige språkbrukarar. Når ei bedrift – stor eller lita – tek eit godt og kreativt norsk namn, er det med på å styrkje stillinga til det norske språket i samfunnet, seier Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet.
Desse får diplom frå Språkrådet i 2011 for godt namnevett:
- Bærre Lækkert, Melhus (dameklede)
- Brød & Cirkus, Steinkjer (restaurant)
- Form til fjells, Røros (designbyrå)
- Fritt Spillerom, Steinkjer (musikk, dans og tekstskriving)
- Kuleramma, Steinkjer (rekneskap)
- Nattergalen Bar og Kjøkken, Trondheim (restaurant)
- Oss tållåst Kaffebar, Oppdal (kaffibar)
- Reinhekla, Fannrem (tekstilar, bunader m.m.)
- Rørosrypan, Røros (dameklede)
- To Rom og Kjøkken, Trondheim (restaurant)
Les meir om diplom for godt namnevett her.
På biletet: Arnfinn Muruvik Vonen og Rikke Hauge frå Språkrådet saman med prisvinnar Roar Hildonen frå Tor Rom og Kjøkken.
Kontaktpersonar:
Arnfinn Muruvik Vonen, direktør, tlf. 986 25 617
Rikke Elisabeth Hauge, rådgjevar, tlf. 958 83 820
Svein Arne Orvik, informasjonssjef, tlf. 938 06 923