Striden om gardsnamna
Det har ofte vore strid om korleis gardsnamna våre skal skrivast. Etter lov om stadnamn er det Statens kartverk som fastset skrivemåten, men mange grunneigarar er misnøgde med at Kartverket fastset ein annan skrivemåte enn den dei sjølve ynskjer. No har ei gruppe politikarar kravd lovendring slik at grunneigaren får vetorett i slike saker. I ein kronikk i Aftenposten gjev Botolv Helleland, fyrsteamanuensis ved UiO og namnekonsulent i stadnamntenesta, bakgrunnen for lov om stadnamn. Lova legg til grunn at gamle stadnamn er ein del av kulturarven og eit fellesgode som det er viktig å sikra.
Les kronikken her
Les kronikken i Aftenposten (10.06.08)
Namn og identitet
Temaet for Nytt om namn nr. 46 er namn og identitet, og her kan ein mellom anna lese artiklar frå den internasjonale konferansen «Namn og identitet», som vart arrangert på Blindern i Oslo 16. november 2007.
Les heile saka (09.06.08).