- Alle som har skrive nynorsk, veit at det ikkje er nok å vita kva nynorsken inneheld av ord og former, for ein råkar støtt på fleire «sett» av begge delar. Kva skal ein gjera då? Korleis skal ein velja?
Denne rettleiinga skal hjelpa nynorskbrukarar med å halda stø kurs gjennom valfridomen. Rettleiinga gjev oversyn over dei viktigaste valfrie formene og skrivemåtane, både tematisk og i form av liste som ein kan bruka til å slå opp i.
Valfridomen i nynorsk rettskriving er av to slag:
For det fyrste har vi eit skilje mellom hovudformer og sideformer (til dømes mellom tenkje og [tenke], mellom sola og [soli]. Sideformene står i hakeparentes, òg kalla klammer [ ], i ordlistene. Slike former skal ikkje nyttast i statstenesta og er difor ikkje tekne med i rettleiinga.
For det andre har vi ofte eit val mellom jamstelte hovudformer (til dømes mellom tenkje og tenkja, mellom skole og skule). Rettleiinga gjev oversyn over dei fleste slike valfridomstilfelle, både når det gjeld gjennomgåande valfrie former, særleg i endingsverket, og einskildord. Kravet er konsekvent bruk av dei formene og skrivemåtane ein har valt.
I særskilde rammer står det kva som ikkje er valfritt. Der står sjølvsagt ikkje om alt av det slaget, men om det som mange trur er valfritt – etter vanlege nynorskfeil å dømma.